Hopp til innhold

– Kan kome fleire som Karsten

Arve Hatløy har trent Karsten Warholm i mange år. Han trur det kan kom fleire som han frå den vesle klubben Dimna IL i Ulstein. Om Warholm greier ein finaleplass i OL i natt så må han ha full klaff, meiner trenaren.

Trenaren til Karsten Warholm, Arve Hatløy trur det kan kome fleire talent frå Dimna IL i åra framover

Arve Hatløy har trent Karsten Warholm i mange år. Han trur det kjem nye store talent frå Dimna IL. Foto/redigering: ARNE FLATIN

På Høddvoll er det idrettsskule for barn i regi av Dimna IL. Karsten Warholm har sjølv vore med som instruktør her tidlegare, men i år har han ikkje tid til dette. Han skal i staden konsentrere seg om semifinalen på 400 meter hekk i OL i Rio. Løpet går midt på natta, men entusiastane frå Dimna opnar opp Sjøborg kino i Ulsteinvik for dei som vil dele opplevinga, seier Hatløy.

På Høddvoll er det strålande forhold med over 100 barn som er med for fullt. Mange av dei kjem som eit resultat av prestasjonane til Dimna og spesielt Karsten Warholm dei siste åra.

Dimna IL

Mange er stolte av å ha Dimna IL på ryggen i desse dagar, seier trenar Arve Hatløy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dimna har venteliste på den populære idrettsskulen og mange vil vere med. I løpet av dei to siste åra har klubben merka ein viss "Karsten-effekt".

Interessa kjem nok til å auke ytterlegare i takt med det kometen frå Garsholhaugen i Ulstein presterer.

Onar Apelseth er lagkamerat med Warholm. Han seier det har starta 20-30 fleire berre i løpet av eit par år. Han synest det er stort å følgje med det som skjer i Rio.

Natt til tysdag opnar altså Sjøborg kino i Ulsteinvik lokala slik at folk kan samle seg midt på natta for å dele opplevinga frå Brasil. Warholm skal etter planen springe semifinale på 400 meter hekk rundt klokka 02.30 natt til tysdag.

Kan kome fleire

Arve Hatløy trur også det er fullt muleg å få fram fleire som Warholm.

– Her er nok mange talent som kan verte like god som han. Det er her absolutt. Det er berre å vere tålmodig og trene så ser vi at det er råd å nå veldig langt, sjølv her frå Ulsteinvik.

I tillegg til å måtte ha talent og treningslyst er det også viktig med den mentale biten. Karsten Warholm er ein vinnarskalle som heile tida ønskjer å utvikle seg vidare. Han er uredd og det er kanskje ein av grunnane til at han har lukkast.

Idrettsleir i regi av Dimna IL

Idrettsleiar på Høddvoll denne veka i regi av Dimna IL med instruktørar frå klubben.

Foto: Arne Flatin / NRK
Idrettsleiar i regi av Dimna IL

Både gutar og jenter er med på idrettsleiren til Dimna IL denne veka på Høddvoll.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL