Hopp til innhold

– Eg har fått draumejobben

Då Sigrid Velle Dypbukt (27) frå Kristiansund var lita brukte ho å lage rare radioprogram som ho spelte inn på kassettar. No regjerer ho P3-lufta med «Ramona og Siggen».

Ramona og Siggen

Sigrid Velle Dypbukt (frå venstre) og Cecilie Ramona Kåss Furuseth, alias «Ramona og Siggen»

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

– Å få lov å gå inn i eit radiostudio to timar kvar dag og prate om ting eg synest er morsomme og rare er veldig veldig artig.

Det er slik kvardagane er for Sigrid Velle Dypbukt frå Nordlandet i Kristiansund. Saman med Cecilie Ramona Kåss Furuseth held ho P3-lyttarane med selskap fire dagar i veka med programmet «Ramona og Siggen».

Høyr «Ramona og Siggen».

Radiosuksess

Som lita jente var ho glad i å spikke og lage pil og boge, og likte godt å underhalde næraste familie.

Sigrid Velle Dypbukt

Sigrid Velle Dypbukt frå Kristiansund har suksess med radioprogrammet «Ramona og Siggen».

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Eigentleg ville ho bli skodespelar, dykkar eller snekkar når ho blei stor. Dykkar blei ho fråråda å bli, for det var farleg, så då enda ho opp med noko heilt anna.

– Eg har alltid hatt lyst til å jobbe med radio. Då eg var lita fekk eg ofte med meg venane på å lage rare radioprogram som vi spelte inn på kassettar. Det var noko av det kjekkaste eg visste.

Lite visste ho då om at stemma hennar skulle kome ut av radioar over heile landet, i beste sendetid på NRK P3. Etter å ha prøvd å gjere søndag, som er den verste dagen i heile veka for mange, til den beste, vart programleiarduoen i haust forfremma til å vere på lufta 11-13 måndag til torsdag.

«Ramona og Siggen» blir til

Sigrid Velle Dypbukt er fødd og oppvaksen i Kristiansund. Saman med ei mor frå Ørsta, ein far frå Averøy, ei storesøster og ein veslebror, hadde ho det ho sjølv omtalar som ein fantastisk barndom på Nordlandet.

Vi laga noko ræl for moro skuld.

Sigrid Velle Dypbukt

Då ho var ferdig med vidaregåande skule flytta ho til Volda der ho studerte journalistikk i tre år. Praksisen som var ein del av journalistikkstudia der hadde ho i NRK Super på Marienlyst i Olso. Der jobba ho i eitt år, før ho byrja å studere dokumentarfilmregi på Høgskolen i Lillehammer. Det var etter to år i Lillehammer at livet hennar i P3 byrja og ho møtte «Ramona».

– Det tok ikkje lang tid før eg skjønte at ho var ekstremt kul. Vi hang mykje saman på fritida og gjekk inn i eit radiostudio for å lage noko ræl. Det var mest for moro skuld.

Etter kvart sendte dei inn rælet sitt til ein konkurranse. Det skulle vise seg å vere langt frå berre noko tull. «Ramona og Siggen» kom på lufta første gong hausten 2012.

Gjennom latter og sær humor losa jentene P3-lyttarane gjennom søndagen.

– Draumejobben

Mange program på P3 startar nettopp slik, med å bli testa ut på søndagane. Etter kvart meinte sjefen deira at dei var flinke nok til å lage radio ein heil sommar og frå hausten 2014 tok dei over sendetida til det populære programmet «Radioresepsjonen», med Bjarte Tjøstheim og Tore og Steinar Sagen.

«Ramona og Siggen» skal underhalde, halde deg med selskap og få deg i betre humør. Deira viktigaste bodskap er: Ikkje la nokon ta frå deg draumane dine.

– Vi snakkar om alt frå det rareste som har skjedd på internett til tankar vi har gjort oss om livet sidan sist.

Ramona og Siggen

Den tidlegare søndagsduoen vart forfremma og tok over sendetida til «Radioresepsjonen».

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Les også:

«For deg med varierande livskvalitet»

For å få lyttarane i betre humør er dei ikkje så redde for å ikkje framstå som polerte sjølve, og dei håper dei lagar eit slags lite fellesskap der alle kan senke skuldrane litt og le.

– Vi vil gi lyttarane ein betre dag. Vi seier av og til at det er eit program «for deg med varierande livskvalitet», og det er nettopp fordi alle har gode og dårlege dagar.

Ifølgje medprogramleiar Ramona prøver Sigrid alltid å få andre i betre humør, og er veldig god på å få henne til å le. Siggen sjølv slenger på at ho er rar, følsom og litt vimsete, og er full av lovord om sin makker.

– Ramona er snill, kul, rar, tøff og sinnsjukt morsom. Ho er rett og slett eit fantastisk menneske. Eg kan bli rørt berre av at ho har hamna på denne planeten, og at vi andre er så heldige at vi lever her side om side med henne.

– Raringar alle saman

Det hjelp å vere litt smågal når ein skal fylle to timar med artigheiter kvar dag. Det er ikkje alt som blir snakka om på lufta som er heilt vanleg.

Sigrid då, det der gjer ikkje normale folk.

Sigrid Velle Dypbukt

Det som er kjedeleg med ordet normal, synest ho, er dersom det skal bli tredd nedover hovudet på folk som ein litt for trang og kløande strikkegenser som du har fått av bestemor til jul. Då er det mykje finare å få lov til å vere fri frå heile normal-omgrepet.

– Men eg synest eigentleg at det aldri er nokon grunn til å kalle nokre menneske for unormale, for vi er no ein gjeng med raringar alle saman.

– Er du litt unormal sjølv?

– Nei, eg vil ikkje seie unormal, men når eg legg meg om kveldane er det alltid eitt eller anna eg har sagt eller gjort som eg tenkjer «Sigrid då, det der gjer ikkje normale folk» om, men eg håper kanskje at det er slik veldig mange har det når dei skal legge seg.

Ramona og Siggen

Sigrid Velle Dypbukt og Cecilie Ramona Kåss Furuseth er ein populær programleiarduo.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

– 2014 har vore eit fantastisk år

Dagane er aldri like når ein jobbar i P3. Etter å ha tråla internett for saker og diskutert tema dei vil snakke om, er dei klar for to timar på lufta, der alt kan skje.

Som programleiar i «Ramona og Siggen» er ho vand med å utlevere seg sjølv.

– Ein programleiar må vere ekte. Det er lett å høyre om nokon gjer seg til eller ikkje meiner det dei seier. Vi deler kanskje ekstra mykje av våre eigne flauser. Det blir aldri så ekte som når vi har gjort noko fælt sjølv og har følelsen i kroppen medan vi fortel om det.

Dei to har stort sett mange idear og mykje dei vil prate om kvar dag, men dei kan også ha periodar der det går litt treigare i nøtta. Då har dei alltid kvarandre å lene seg på.

Folk i Kristiansund gir kompliment på ein heilt eigen måte. Det er ein ærleg, nøktern og sjarmerande respons.

Sigrid Velle Dypbukt

– 2014 har vore eit fantastisk år og eg elskar jobben min! Eg og Ramona drømte om å jobbe med radio, vi drømte om å jobbe saman og vi drømte om å lage «Ramona og Siggen».

Heim til Kristiansund

Sigrid er singel og bur på Grunerløkka åleine, men er heime i Kristiansund så ofte ho kan. Nokre av dei finaste menneska ho veit om har ho møtt her.

– Kristiansund betyr sjølvsagt mykje for meg. Folk i Kristiansund gir kompliment på ein heilt eigen måte. Det er ein ærleg, nøktern og sjarmerande respons.

– Eg likar spesielt godt ein som sa: «Eg har høyrt på programmet. DU har verdas styggaste latter...men eg likar den». Då veit eg at eg er heime igjen.

Om ho flyttar heim til Kristiansund, veit ho ikkje. Om 10 år ser ho i alle fall føre seg å bu i eit stort hus saman med ein mann og to-tre born. Og så har ho sjølvsagt framleis ein jobb som ho elskar.

– I 2015 håper eg at endå fleire oppdagar «Ramona og Siggen» og vil høyre meir på det.