NRK Meny
Normal

– Det er svært alvorleg

Ein lastebilsjåfør blir no meldt til politiet etter ein kontroll på Ørskogfjellet fredag ettermiddag. Det meste mangla, meiner Statens vegvesen.

Liten lastebil med propangass

Slik var propangassen lasta på lastebilen som vart stoppa på Ørskogfjellet fredag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen avdekte fleire alvorlege brot då dei kontrollerte ein lastebil på Ørskogfjellet fredag.

Anmeldinga gjeld både overlast og fleire brot på ADR-regleverket som definerar korleis farleg gods skal transporterast.

– Det er skjelden at vi kjem over eit så alvorleg tilfelle. Det var eigentleg alt som mangla, seier Kjell Johansen, Statens vegvesen.

– Lastebilen var overlasta, merkinga mangla, fører hadde ikkje kompetansebevis for å frakte så store mengder propan, og det mangla nødvendig ADR-tryggleiksutstyr i bilen, held han fram.

Kan få alvolege konsekvensar

Då lastebilen vart stoppa fredag hadde den heile1,5t propangass, noko som var mykje meir enn det føraren påstod at han frakta.

– Vi oppdaga raskt at han hadde meir propangass enn han fortalte oss. Det er ikkje påbudt med merking av lastebilen ved transport av små mengder farleg gods, men i dette tilfellet var det så mykje propan ombord i bilen at den skulle ha vore merka, seier Johansen.

Han fortel at den mangelfulle merkinga er spesielt farleg dersom det hadde skjedd ei ulukke.

– Brannvesenet nærmar seg ikkje ein bil med farleg gods utan å vite kva som er ombord, det er der faren ligg. Dei er kanskje ikkje like aktsame med ein umerka bil, trur Johansen.

– Difor er det svært viktig at bilen er merka, og at sjåføren har det nødvendige tryggleiksutstyret dersom det skulle skje ei ulukke, held han fram.

Meldt til politiet

Sjåføren blir nå meldt til politiet for manglande kunnskap ved køyring og transport av farleg gods. Men han er ikkje aleine, også transportøren blir meldt til politiet.

– Avsender og transportøren har eit ansvar for å sikre at den som utfører ADR-transporten oppfyller krava for å gjere det og at bilen har det nødvendige utstyret for å kunne transportere det farlege godset, seier Johansen.

– Det var fleire partar involvert i denne saka, og alle blir meldt til politiet, held han fram.