Oppgitt over å måtte utføre politioppgåver

Ofte er politiet dei siste som kjem når noko har skjedd. Brannsjef Geir Thorsen i Ålesund er frustrert. Han meiner politiet bør få krav om responstid.

Geir Thorsen

Brannsjef i Ålesund kommune, Geir Thorsen, meiner at det bør stillast krav til politiet om kor lang tid det kan gå frå dei får melding til dei kjem

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kvardagen i distrikts-Noreg er, ifylgje fleire brannsjefar NRK har vore i kontakt med, at politiet ofte kjem sist til staden når noko skjer. Politiet kjem etter både ambulanse og brannvesen. Dermed er det brannvesenet som må ta politiet sine oppgåver.

– Brannvesenet vert sett på som ein suksess, men det er fordi vi er til stades der folket er, seier Geir Thorsen i Ålesund.

Måndag vart tre personar drepne etter at ein asylsøkjar kapra Valdresekspressen mellom Årdal og Tyin. Då politiet kom fram ein time og fjorten minutt etter at alarmen frå operasjonssentralen gjekk, hadde mannskap frå brannvesenet tatt hand om gjerningsmannen.

LES OGSÅ:

Sette krav til politiet

Buss kapra i Årdal - ambulanse på staden

Ambulanse og brannvesen var dei første som kom til staden etter busskapringa i Årdal.

Foto: Jan Crhsitian Jerving / NRK

Hendinga har vore det store samtaletemaet på brannstasjonen i Ålesund i dag.

– Det er ei utfordring for brannvesenet om vi skal tenkje på truslar som våpen også når vi rykkjer ut. Vi har ikkje den kunnskapen, seier Thorsen.

Han meiner at det er på tide å sette krav til politiet om kor lang reponstida skal vere frå alarmen går til dei er på staden. Både brannvesenet og ambulanse har slike tider dei må halde seg til. Det har ikkje politiet.

– Det er betre at politiet kjem raskare til staden enn at vi skal gjere deira oppgåver, seier Thorsen.

Han fryktar at kuttinga av talet på politidistrikt kan føre til at avstandane vert endå større og at politiet vil bruke lengre tid enn i dag.

Bør måle tida

Steven Hasseldal

Politimester Steven Hasseldal ved Sunnmøre politidistrikt seier at politiet alltid har som mål å kome raskt til staden.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Politidirektoratet går i ein fersk rapport inn for at politiet bør starte å måle responstida. Politimester Steven Hasseldal seier at dei alltid har som mål å kome raskast mogleg fram til hendingar.

– Ofte må politiet prioritere mellom ulike forhold og det viktigaste må prioriterast først. Dermed kan det hende at brannvesenet og helsepersonell må ta jobben på ei trafikkulukke, seier Hasseldal.

Han meiner det kan ha noko før seg å innføre responstid, men det krever at politiet prioriterer annleis.

– Dette er meir komplekst enn å berre måle tida. Det hjelp ikkje å kome raskt fram dersom ein ikkje har kompetansen til å løyse oppgåva, seier Hasseldal.

Kan vente i tre kvarter

Stig Fjørtoft

Stig Fjørtoft er brannsjef i Haram.

Foto: Aina Rødal / NRK

Stig Fjørtoft, som er brannsjef i Haram kommune, opplever at dei ikkje alltid har den kompetansen som krevst for å løyse oppgåvene når dei ventar på politiet.

– Det er synd at dei som skal vere innsatsleiarar på ein stad er dei siste som kjem. Ved ulukker hender det at brannvesenet både må dirigere trafikken og ta hand om rusa personar som er involvert, seier Fjørtoft.

Hans inntrykk er at vaktlaga til politiet dekkjer eit stadig større område og at det dermed kan ta tre kvarter før dei er på plass.

Bevisst på avgrensingar

Alf Magne Smørholm

Alf Magne Smørholm er brannsjef i Trondheim.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Brannsjef i Molde, Alf Magne Smørhol, meiner debatten bør handle om i kva tilfelle brannvesenet skal gå inn og handle og kor tid dei skal halde seg unna.

– Det er viktig å vere bevisst på avgrensingane våre. Vi er ikkje trena på slike situasjonar som i Årdal, seier Smørholm.

Molde leverer branntenester til fire andre kommunar. To av dei er øykommunar og der kan det gå lang tid før politiet kjem når det f. eks skjer trafikkulukker. Dette fordi dei må vente på ferja.

– Då er det naturleg at brannvesenet går inn og tar politiet sine oppgåver fram til dei kjem til staden. Det står også i lova, seier Smørholm.

Utdannar seg i førstehjelp

Mange stader i landet har brannmannskap utdanna seg til å gi livreddande førstehjelp gjennom prosjektet «Mens du ventar på ambulansen». Målet er at denne kompetansen skal finnast i heile landet.

– Det kunne sikkert vore ynskjeleg at brannvesenet vart kursa i politioppgåver også, men det er heilt feil veg å gå. Dei som er best til å utføre arbeidet er politiet sjølv og dei må vere der innbyggjarane er, seier brannsjef i Ålesund, Geir Thorsen.