– Til å vere så gammal har eg ei svært god helse. Eg vil gjerne bidra til å gjere Volda betre, seier Odd A. Folkestad, 79 år i år og ein av landets eldste ordførarkandidatar.
Han debuterte som kommunestyrepolitikar i 1976 for Venstre og sat då i tre periodar. I 2011 gjorde han comeback med Ferjelista, før ein periode med Framstegspartiet følgde. Det partiet braut han med i vinter.
No prøver Folkestad seg med den nye Voldalista.
Fem prosent over 70
Å nærme seg 80 er ingen alder i dag så lenge du har helse, meiner Folkestad.
150 listetoppar (det vil seie over fem prosent) av listetoppane til kommunevalet i haust er over 70 år.
- Sjå fullstendig oversikt over alle listetoppane i Norge nedst i saka.
Odd Folkestad er blant dei ti eldste.
– Du vart tidlegare gammal før. Du får ikkje lenger førstesideoppslag i Sunnmørsposten når du fyller 100 år, slik bestefaren min fekk.
Donald Trump er 73 år og dermed tre år eldre enn den eldste faste representanten på Stortinget.
Foto: MIKE THEILER / Reuters– Best føresetnader
At folk gjennomsnittleg blir eldre meiner Folkestad er eitt av dei storpolitiske spørsmåla vi har i dag. Han meiner dei eldre vil vere ein stor ressurs så lenge dei er friske. Og Folkestad ser gjerne at mange eldre blir med i lokalpolitikken.
– Når vi blir eldre er det viktig at det blir ei aktiv gruppe eldre i lokalpolitikken. Hugs på kor gammal eg er. Ingen har større føresetnader for å representere pensjonistane enn meg.
Folkestad vedgår at han tenkjer annleis og betre no enn i 1976. Då var han ifølgje seg sjølv mest oppteken av å diskutere små detaljar i søppelordninga med SV.
Bernt Aardal, valforskar.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixI kontrast til rikspolitikken
Valforskar Bernt Aardal seier at han ikkje er overraska over at så mange listetoppar i kommunevalet er 70 år eller eldre, all den tid det er mange spreke eldre i Norge.
Dessutan er det ofte slik at dei med mest erfaring blir valt til førstekandidatar.
– Men situasjonen står i sterk kontrast til rikspolitikken, der det ser ut som politikarar forsvinn ut når dei blir 70. I andre land igjen er det slett ikkje uvanleg at politikarane er både 70, 80 og 90, seier Aardal.
Martin Kolberg (Ap).
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixAv dei faste representantane på Stortinget er Martin Kolberg (Ap) eldst med sine 70 år. Kolberg er likevel tre år yngre enn presidenten i USA, Donald Trump.
KrF har flest eldre
Nokre parti går igjen på statistikken for listetoppar over 70 år.
KrF har flest med 26, medan Pensjonistpartiet har 20.
– At KrF har flest eldre listetoppar heng nok også saman med at dei har dei eldste veljarane, seier valforskar Bernt Aardal, og legg til at det ikkje finst gode nok tilsvarande dato på Pensjonistpartiet.
I høve talet på lister har likevel Partiet De Kristne flest. 11 av deira 54 listetoppar er 70 eller eldre i løpet av året.
Etter at kona døydde i fjor har Bjørn Prytz brukt mykje tid på å spele musikk. Men han føler framleis at han har tid til meir. Derfor ønskjer han å engasjere seg i lokalpolitikken.
Foto: Einar Orten Trovåg / NRKMista kona
Motivasjonen for dei eldre til å engasjere seg i politikken kan vere ulik.
Bjørn Prytz i Herøy mista kona si i fjor og følte etter kvart han mangla noko å bruke tida si på.
Då valde han å melde seg som listekandidat for Arbeidarpartiet, og etter litt om og men enda han opp med å bli ordførarkandidat.
– Då dei spurde sa eg noko slikt som at det gjekk ein serie på TV for nokre år sidan som heitte «Dette vil jeg prøve før jeg dør». Der kunne du sjå gamle damer som hoppar i fallskjerm og den slags. Dette blir på same måten. Eg har prøvd mykje rart, så eg kan like gjerne prøve meg som ordførarkandidat også, seier Prytz.
– Betre kvalifisert no
Han er fødd i 1945 og vart pensjonist i 2012 etter å ha jobba med skule og kultur heile livet.
Det er mykje nytt å setje seg inn i for Bjørn Prytz, som ikkje har drive politikk sidan 70-talet. Han jobbar no med å setje seg inn i rutinane i Arbeidarpartiet og korleis han skal nå fram til potensielle veljarar på Facebook.
Foto: Einar Orten Trovåg / NRKSå sjølv om han ikkje har drive med politikk sidan han sat ein periode i kommunestyret på 70-talet, så skulle det ikkje mangle på samfunnsengasjement.
– Eg er betre kvalifisert no enn på 70-talet. Eg kjenner folk, eg veit kva som rører seg og kva som bør satsast på. Men eg har ein veg å gå på enkelte område. Mellom anna må eg bli flinkare til å bruke Facebook for å få fram det eg står for. Det held ikkje med berre lesarinnlegg i lokalavisa lenger, seier Bjørn Prytz.
Mellvin Steinsvoll, leiar i pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, og med lang erfaring frå Arbeidarpartiet og fagrørsla.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKGlede hos Pensjonistforbundet
Mellvin Steinsvoll (76), leiar i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, er overraska over at det er så mange som 150 listetoppar over 70 år i kommunevalet.
– Men det er kjempebra. Det betyr at vi er på veg mot å få til det vi jobbar for, altså at dei eldre skal få sterkast mogleg påverknad på samfunnsutviklinga. Vi har ein sterk auke i talet på eldre i Norge, og listene bør spegle det, meiner Steinsvoll.
Som sjølv står på Arbeidarpartiet sine lister til fylkestingsvalet og til kommunevalet i Molde i september.
Astrid Nøklebye Heiberg (Høgre) gjekk av som statssekretær i 2016. Då var ho 80 år. Men i rikspolitikken no er dei færraste passert 70.
Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix– Ekstremt mange over 60
Også 19 år gamle Sophie Hakstad Garnes, som står på femteplass på Ålesund SV si liste til haustens val, synest det er svært viktig at eldre blir representert i politikken.
– Men det er ekstremt mange over 60 år som fyller listene på lokalt nivå, seier Hakstad Garnes.
Og legg til:
Sophie Hakstad Garnes (SV), 19 år og femtekandidat for Ålesund SV til haustens val.
Foto: Privat– Det er vanleg at yngre menneske sine meiningar blir sett på som mindre viktige. Dei blir ikkje tildelt same autoritet basert på kor mange år dei har vore aktive, sjølv om vi har unge politikarar som veit kva dei snakkar om og er dyktige.
Sophie Hakstad Garnes seier det er ei utfordring å mobilisere unge menneske inn i lokalpolitikken.
– Ein kan drøfte kvifor det er eit problem. Men det er nettopp derfor viktig å finne politikarane som kan representere dei unge i kommunen. Det kan ikkje dei eldre gjere på lik linje som dei mellom 18 og 25 år. Det er viktig å forhindre skeivfordeling av representantar, meiner SV-kandidaten.
PS. Medan 150 listetoppar er 70 år eller eldre i valåret er 103 under 30 år (fødd 1990 eller seinare).