Hopp til innhold

25 skular borte på 5 år

Tjuefem skular er blitt borte på fem år i Møre og Romsdal. Og fleire kjem det til å bli.

Video nsps_upload_2009_11_18_9_35_12_677.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dårleg økonomi - færre skular

Torvikbukt skule

Torvikbukt Skule

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Berre i Møre og Romsdal har 25 skular blitt lagt ned dei siste fem åra.
Dårleg økonomi i kommunane gjer at fleire skular no står for tur.

Ein av skulane som er nedlagde er Gjemnes skule. Dei omlag 40 elevane som gjekk der, har sidan i haust pendla til skulen i nabobygda.

Også Torvik skule vart lagt ned av politikarane i Gjemnes, men bygdefolket mobiliserte og starta privatskule i staden.

Nils Erling Skarseth

Nils Erling Skarseth er rektor ve Torvikbukt skule.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Rektor Nils Erling Skarseth ved Torvikbukt skule seier at dei mange trugsmåla om å ta bort skulen tærer på folk i bygda, på elevane og på lærarane.

Heile bygda står bak

- Her i bygda har folk brent for å ha skule og sett på alternative løysingar. Opprettinga av privatskulen har difor vore veldig positivt for Torvikbukt, seier Skarseth.

- Ei bygd som har skule og butikk er framtidsretta, og i Torvikbukt har vi no begge deler.

Dei siste fem åra har rundt 25 skular i Møre og Romsdal blitt lagde ned, på landsbasis er talet over hundre. Fleire bygder har starta privatskular i staden.

Gjemnes kommune sparte fem millionar kroner på å legge ned to skular.

Upopulær avgjerd

Knut Sjømæling

Knut Sjømæling, ordførar i Gjemnes.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Ordførar Knut Sjømæling i Gjemnes seier at politikarane i kommunen tok den upopulære avgjerda i fjor. Han seier at mange skuvar slike avgjerder framføre seg og må ta runden no.

- Eg kjenner på kroppen korleis slike prosessar virkar, og det er ikkje noko enkelt for lokalpolitikarar.

Utdanningsdirektør Alv Walgermo har oversikt over skular som har forsvunne.

- Ikkje alle er negative til nedleggingane, seier han og viser til foreldre som har sagt frå om at skular bør leggast ned på grunn av eit fattig miljø.

Men flesteparten kjempar for skulen sin fordi det betyr så mykje for lokalsamfunet, seier Walgermo. Han trur likevel at det vil verte endå færre skular i tida som kjem.

Elevar ved Torvikbukt skule

- Ei bygd som har skule og butikk er framtidsretta, og i Torvikbukt har vi no begge deler, seier rektor Nils Erling Skarseth

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK