Hopp til innhold

240. 000 kroner i gebyr

Mobilkraner på veg til Aukra fekk 240 000 kroner i bot fordi dei ikkje hadde nødvendig dispensasjon.

Kranbiler

Fleire kranbilar på veg til Aukra vart stoppa i Molde måndag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var under ein kontroll utført av Statens vegvesen i Molde måndag kveld, at fem mobilkraner på veg til Aukra vart stoppa.

Køyreforbod og overvektsgebyr

Kontrollør Kjell Johansen sier til Romsdals Budstikke at slike kraner kan vege ruindt 60 tonn og at vegen frå Molde til Aukra ikkje er godkjend for så tunge køyrety utan dispensasjon.

To av dei fem kranene vart stoppa på Kvam, der begge fekk køyreforbod og overvektsgebyr. Ei tredje kran vart stoppa ved Seilet i Molde sentrum.

– Dei forstod med ein gong kva det gjaldt, men sidan det er mykje anleggstrafikk ut til Aukra så tok dei nok for gitt at det var ein veg dei ikkje trengte dispensasjon for å køyre på, seier Johansen til Romsdals Budstikke .

– Slikt skal ikkje skje

Totalt skreiv Statens Vegvesen ut overvektsgebyr på 240 000 kroner.

No vil Shell undersøkje kvifor underleverandøren har køyrt utan dispensjasjon. Kommunikasjonssjef Lillian Aasheim seier til NRK at slikt ikkje skal skje.

– Vi veit ikkje heilt kva som har skjedd, men vi vil forsikre oss om at det ikkje skjer igjen.