NRK Meny

180 vil ha 20 jobbar

I Kristiansund har det kome inn 180 søknader til dei 20 stillingane som medarbeidarar ved løns- og reknskapssenteret politiet opprettar i kommunen.
Det er enno tre dagar att før søknadsfristen går ut.

Det nyoppretta løns- og rekneskapssenteret i Kristiansund blir landsdekkande for politiet, og får omlag 70 tilsette når det kjem i full drift. Senteret opnar neste år.