Skal ha prøvd å dyrke cannabis – ny runde i retten
I dag er det klart for ei ny runde i retten for dei tre tiltalte i ei narkotikasak i Surnadal.
Ifølge tiltalen skal dei ha prøvd å dyrka fram 5,9 kilo cannabis i ein bustad. Dette lukkast ikkje fordi politiet slo til mot eigedomen før produksjonen blei sett i verk.
Politiet meiner at dette blei gjort som eit ledd i aktiviteten til ei organisert kriminell gruppe. Lovbrotet blir sett på som grovt på grunn av mengda, står det i tiltalen.
Saka gjekk i tingretten i juni, men i etterkant av rettssaka blei dommaren sjuk. Saka må difor bli behandla på nytt. Det er sett av to dagar til saka.