Hopp til innhold

Skal ha prøvd å dyrke cannabis – i dag startar rettssaka

I dag startar rettssaka mot tre menn som er tiltalte for eit grovt narkotikalovbrot.

Ifølge tiltalen skal dei tre ha prøvd å dyrka fram 5,9 kilo cannabis i ein bustad i Surnadal.

Dette lukkast ikkje fordi politiet slo til mot eigedomen før produksjonen blei sett i verk. Politiet meiner at dette blei gjort som eit ledd i aktiviteten til ei organisert kriminell gruppe.

Det er sett av tre dagar til saka. Ingen av dei tre tiltalte er heimehøyrande i Møre og Romsdal.

Gård i Surndal
Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Augekorallrev 2 Geiranger

Oppdaga stort korallrev i Geiranger­fjorden

Heidi Vebenstad sitter sammen med en stor gjeng damer ved et kafebord.

Kritisk etter regjeringens forslag til stats­budsjett: – De lover og lyver