Hopp til innhold

Tiltalte i narkosak i Surnadal

Det er no tatt ut tiltale mot tre personar som var sikta for å vere involverte i ei narkotikasak i Surnadal tidlegare i år. Dei er tiltalte for forsøk på tilverking av narkotika.

– Lovbrotet blir sett på som grov, seier politiadvokat Elias Undersåker Enga.

I januar blei det mellom anna aksjonert mot eit hus i Surnadal, som politiet mistenkte var knytt til narkotikaproduksjon. Produksjonen av narkotika hadde ikkje starta opp, men politiet meiner at det kunne ha blitt produsert minst 5,9 kg cannabis på eigedomen, dersom politiet ikkje hadde avverja dette. Ingen av dei tre tiltalte kjem frå Møre og Romsdal. To av dei er utanlandske statsborgarar.

– Ein av dei tiltalte sitt framleis fengsla, opplyser Enga.

Påtalemakta meiner at narkotikalovbrotet har skjedd som ledd i aktivitetane til ei organisert kriminell gruppe.

Gård i Surndal
Foto: Eirik Haukenes / NRK