Jordras i Herøy
Eit jordras gjekk delvis over fylkesvegen ved Løset på Moltu i Herøy i natt. Raset skal vere omlag ein meter høgt, men gjekk ikkje over vegen, som likevel er stengt. Raset er varsla til vegsentralen som skal undersøke staden før det blir aktuelt med opprydding og opning av vegen.