Hopp til innhold

Ferjesamband framleis innstilt

Ferjesambandet mellom Brattvåg og Dryna er framleis innstilt på grunn av tekniske problem på reserveferja Røsund.

– MF Røsund har problem med hydraulikkanlegget om bord. Omfanget er på noverande tidspunkt uavklart, men vi vil i løpet av ettermiddagen/kvelden ha ei betre oversikt, seier driftssjef i Torghatten Nord, Anders Tøsse.

Han seier vidare at dei jobbar med å få på plass eit erstatningsfartøy. Inntil vidare blir det passasjerbåt i sambandet.

Frå før av er hovudferja i sambandet inne til reparasjon etter å ha køyrd på grunn for litt over ei veke sidan.

– Det er beklageleg at vi ikkje kan halde oppe god regularitet og gi våre reisande eit føreseieleg rutetilbod. Dessverre så har vi dei siste dagar hatt ulike hendingar som har gitt oss driftsavbrot. Vi gjer no det vi kan for å få normal drift på sambandet igjen, seier Tøsse.

Dei kjem til å kome med ei statusoppdatering innan klokka 18.00 i dag.