Hopp til innhold

- Tide tok ein større risiko

- Vi var ikkje i ein situasjon der vi kunne konkurrerere med den prisen Tide Sjø la inn. Det seier administrerande direktør Anker Grøvdal i Fjord1 MRF, som misser fire hurtigbåtsamband i Møre og Romsdal.

Fjord1 MRF-direktør Anker Grøvdal

Anker Grøvdal

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal / NRK

Tide Sjø får kontrakten på hurtigbåtsambanda Molde - Vestnes - Vikebukt, Nordøyane -Ålesund, Hareid - Valderøya - Ålesund og Langevåg - Ålesund frå 1. januar 2009. Dei to andre anbodsgjevarane var Fjord1 MRF og Veolia.

Risiko

- Her er det snakk om kontraktar som går 6-8 år fram i tida. Oljeprisen ligg no på rundt 100 dollar fatet, og hurtigbåtar er storforbrukarar av dieselolje. Vi må prise etter den risikoen som ligg i slike langsiktige kontraktar, og vi meiner vi har prisa rett. Kan hende har Tide Sjø knekt ein kode som ingen andre hurtigbåtoperatørar har knekt, men magekjensla mi seier at dei har tatt ein større risiko enn vi fann forsvarleg, seier Anker Grøvdal.

- Ikkje grunnlag for klage

- Kva betyr det for Fjord1 MRF å misse desse sambanda?

- Vi likar ikkje å tape. Vi har drive desse rutene i lange tider, Hareid - Ålesund sidan 1983, og det er ikkje med lett hjarte vi gjev slepp på dei. Vi får også ei redusert omsetning på 60-70 millionar i året. Og dette får følgjer for 25-35 tilsette. Kor mange som går over til Tide og kor mange som blir i Fjord1 MRF, får vise seg. Arbeidsmarknaden er god for sjøfolk, og vi vil gjerne behalde dei dyktige sjøfolka våre i MRF. 

- Blir det aktuelt å klage på fylket si avgjerd om å gje hurtigbåtkontraktane til Tide Sjø?

- No skal vel den endelege løyvetildelinga opp i samferdselsutvalet. Vi får sjå kva som skjer der, men i dag ser ikkje vi noko grunnlag for å klage, seier Anker Grøvdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL