Hopp til innhold

- Straffer politisk engasjement

Dei nye fråversreglane som er vedtatt for den vidaregåande skulen, gjer det vanskelegare for ungdom å vere politisk aktiv.

Hanne Stokke og Ida Heggset
Foto: Trond Vestre / NRK

Det meiner Ungdomspanelet i Møre og Romsdal som ber fylkespolitikarane om drahjelp i kampen for å få endra reglane.

Talet på godkjende fråversdagar er kutta frå 14 til 10 dagar.

Dette slår uheldig ut, seier leiaren for ungdomspanelet, Ida Heggset:

– Det betyr at vi har fire dagar mindre godkjende fråversdagar å vere politisk aktiv på og det seier seg sjølve at dette går ut over vårt engasjement, seier Heggset.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Engasjement

– Er det mange ungdomar som reagerer på dette?

– Dette er det mange som er opptatt av, ikkje berre Ungdomspanelet. Både elevane på skulen, politiske ungdomsorganisasjonar og lag og foreiningar. Dette er ein sak som skaper engasjement, seier Heggset.

– Når politikarane seier at vi skal vere politisk aktive men samstundes tar frå oss dei dagane vi har til å vere politisk aktive så ser ikkje eg heilt meininga med det, seier Ida Heggset.

Ønskjer ei ny ordning

Nestleiar i ungdomspanelet, Hanne Stokke, seier det er behov for ei heilt ny fråversordning:

– Vi ønskjer at alt fråver blir ført opp på vitnemålet, men fråveret bør delast opp i ulike kategoriar som til dømes politisk aktivitet, idrett, udokumentert fråvær og så vidare, seier Stokke.

– Det vil synleggjere kva slags fråver ein elev har hatt. Då vil det og kome fram at eleven har vore politisk aktiv, noko som vil vere positivt, seier Hanne Stokke.