Hopp til innhold

- Planlegginga må ikkje forseinkast

Framdrifta i planlegginga av sjukehus på Eikrem i Molde må ikkje bli bremsa av ein ny sjukehusdebatt i området. Det seier administrerande direktør i helse Midt-Noreg, Gunnar Bovim.

Modell av sjukehus på Eikrem

Modell av det nye sjukehuset på Eikrem i Molde

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Ordføraren i Kristiansund, Per Kristian Øyen, vil stoppe planane for det nye sjukehuset i Molde, og heller planlegge nytt,felles sjukehus på Batnfjordsøra eller nær Krifast.

Gunnar Bovim

Gunnar Bovim. Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg

Foto: Tor Aage Hansen

Les også: Full krig om sykehuset

Gunnar Bovim varslar at sjukehusa i Molde og Kristiansund vil få ulike oppgåver, og at det no er behov for kreative innspel for å få dette til. Han vil dermed ikkje åtvare mot ein debatt om eit nytt, felles sjukehus for Romsdal og Nordmøre.