Hopp til innhold

- Livsverket ligg i ruiner

- Livsverket ligg no i ruiner, seier Magnus Sandve. Han er ven av bonden som i natt mista 80 dyr i brannen på Smøla.

Brann Smøla

Om lag 80 storfe mista livet i brannen på Smøla natt til tysdag.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Eit driftsbygg med 76 kyr og oksar brann ned til grunnen og ingenting kunne reddast i brannen.

For eigaren er påkjenninga for stor, og han ville ikkje snakke med NRK tysdag.

Men venen Magnus Sandve stadfestar at det er livsverket som no ligg i ruinar.

- Ufatteleg trist

- Nei, det er jo heile livsverket som har gått til grunne. Han byrja på bar bakke på snaumyra, og at det no ligg i grus over natta er trist, meiner Sandve.

Han er sjølv bonde, og meiner det er vondt å sjå det som skjedde natt til tysdag.

- Det er det ein har arbeidd med og levd av, og at det blir lagt i grus over natta er ufatteleg trist, seier han.

Førebels er det ikkje klart kva som er brannårsak, og Sandve veit heller ikkje om garden vil bli bygd opp att på same måten som den stod.

Storbrann

Politiet fekk melding om brannen i halv tretida natt til tysdag, og driftsbygget stod ikkje til å redde. Lensmann på Smøla, Arnfinn Fuglevåg seier det var ein stor brann dei måtte handtere.

- Omfanget er stort. Det er brent inne om lag 80 storfe. Dette er stort, fortel lensmannen.

- Ein såpass stor brann som dette blir dramatisk. Det ligg bustadhus like ved. Brannvesenet gjorde ein kjempejobb for å hindre at dei og gjekk med i flammene, fortel Fuglevåg.

For varm tomt

Politiet arbeider med å sikre tomta, og ventar på at det skal bli kaldt nok til å kunne finne årsaka.

- Det vil ta i alle fall i dag, og kanskje morgondagen, før denne ruinen blir kald. Det har med temperaturen i det som har brunne. Det kjem ikkje bort berre ved å ha på nokre liter vatn. Her må tid til, og forferdeleg mykje vatn.

I løpet av tysdag har han forhåpning om at Mattilsynet kjem til for å hjelpe å hente ut dyra som ligg att i ruinane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL