BÅDE MOLDE OG ÅLESUND AKTUELT: Men Ålesund trekte det lengste strået, seier Gunnar Bovim (t.h.) om ny administrasjon.
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK- Både Molde og Ålesund har framstått som reelle alternativ, seier direktøren i ei pressemelding.
For å bestemme kvar administreringa skal vere er knytt til både geografisk plassering i fylket, og at det største sjukehuset ligg i Ålesund.
Ingen fortrinn for Ålesundstilsette
Han understrekar at det nye hovudkontoret ikkje betyr at dei tilsette der får fortrinnsrett til stillingar og posisjonar.
- LES MEIR: , men Ålesund har nådd betre fram med sine argument, seier Tor Rune Aarø, som er tillitsvald for sjukepleiarane i Helse Nordmøre og Romsdal.
Den nye administrasjonen vil heller ikkje føre til at funksjonar blir flytta umiddelbart når det nye føretaket blir etablert. I tillegg kan det tenkast at funksjonar kan fordelast.
- INGEN MISTER JOBBEN: - Men organisasjonen kan bli endra, seier kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås.
Foto: Mette Moslet Kjesbu / NRK- Denne samanslåinga betyr i utgangspunktet ikkje at nokon mister jobben. Organisasjonen kan bli endra, men det er opp leiinga i det nye føretaket å avgjere, seier kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås i Helse Midt-Noreg.
Blir avgjort neste veke
Den nye administrasjonen skal ta stilling til organisering og etablering for leiing- og stabsfunksjonar, står det i pressemeldinga.
Rettar og plikter for dei tilsette i helseføretaka vil gjelde fram til den nye organiseringa tek til 1. juli.
I styremøtet 3. mars blir det nye styret utnevnt. Der skal det også avgjerast kva som blir namnet på det nye føretaket, og kvar hovudkontoret skal ligge.