Hopp til innhold

- Godt å vere i gang igjen

Rektor Marianne Synnes ønskte om lag 650 nye studentar velkomen til et nytt studieår ved Høgskulen i Ålesund.

Studiestart i Ålesund.
Foto: Frode Berg. / NRK

Onsdag 17. august var det semesterstart ved Høgskulen i Ålesund. Same dag som studentane også møtte opp i Molde, men dagen etter at studentane i Volda tok fatt på eit nytt semester.

Ny rektor

Og for rektor vert det også ein ny kvardag. Som nyvalt rektor i vår er dette første studentkullet som Marianne Synnes tek i mot.

Marianne Synnes

Marianne Synnes, rektor ved Høgskulen i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg gler meg og trur dette vert veldig bra. Det er alltid kjekt når plassen utafor her byrjar å myldre av nye studentar, seier Synnes.

Sosial start

Dei eldre studentane har også gjort sitt for at dei nye skal føle seg velkomen. Ei godt organisert fadderordning, skal få alle til å finne sin plass, seier ansvarleg for fadderane, Trine Lindgren.

Trine Lindgren.

Trine Lindgren, fadderansvarleg.

Foto: Frode Berg. / NRK

– No har eg og nokre andre site i heile sommar å planlagt programmet. Og vi har kome fram til eit variert program som skal passe for alle, seier Lindgren.

Ordførarros

Også ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal, heldt tale for dei nye studentane. Tømmerdal roste også Høgskulen sitt arbeid med entreprenørskap og studentbedrifter.