Hopp til innhold

- Gjennombrot for Nordøyvegen

Bompengeprosjekt på dei framtidige fylkesvegane kan søke om rentefrie lån.

Jenny Klinge
Foto: Trond Vestre / NRK

- Det er eit gjennombrot for Nordøyvegen at store bompengeprosjekt kan bruke ordninga med rentefrie lån, seier listetopp for Senterpartiet Jenny Klinge.

- Skal finansiere dei store prosjekta

Vegdirektoratet ville bruke rentefrie lån til vegvedlikehald, men Samferdselsdepartementet har sagt ja til at bompengeprosjekt på dei framtidige fylkesvegane, kan søke om rentefrie lån.

- For meg ville det ha vore absurd om vi skulle ha brukt ei slik rentefri låneordning til å asfaltere vegar, få bort hol og ta att etterslepet i vedlikehaldet, seier Jenny Klinge.

Ho seier at Senterpartiet skal syte for at dette skjer gjennom ordinære budsjett. Klinge meiener at rentekompensasjonsordninga må gå til å finansiere dei store og tunge prosjekta.

Det har vore ein tøff drakamp for å få til dette.

- Mange krefter ynskjer at fylka skal bruke desse lånemidlane til å ta att etterslep. Det meiner vi ikkje er rett.

Ho er glad for at det i dag kjem signal frå regjeringa om at det er mogleg at dei store prosjekta kan få midlar frå ordninga.

Vil at riksvegane skal få same ordninga

Nordøyvegen som på toppen av Møre og Romsdal fylke si prioriteringsliste er heilt avhengig av at ei slik ordning.

- Når vi no veit at slike typer prosjekt skal kunne søkje frå denne låneordninga, og det er klart at fylkestinget kjem til å søkje, så er det klart at Nordøyvegen kjem til å få pengar, meiner Klinge.

Dei framtidige riksvegane som Møreaksen bør også få ei slik ordning med rentefrie lån.

- Når vi har fått ei rentefri låneordning til fylka, så er det også umåteleg viktig at vi greier å ha ei tilsvarande ordning slik at mellom anna Møreaksen har ei moglegheit til å bli finansiert.