Hopp til innhold

- Fange-helse forsømt i årevis

Helsetenesta til innsette i fengsel har blitt forsømt over mange år, meiner forskar.

Ålesund fengsel
Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Forskar Marte Rua er nylig ferdig med ei mastergradsavhandling om helsearbeid i norske fengsel.

Manglar opplegg for rusbehandling

Marte Rua

Forskar Marte Rua.

Foto: Privat

Halvparten av norske fengsel manglar psykiatar eller psykolog. Tre firedeler av fengselsavdelingane i Noreg manglar behandlingsopplegg for fangar som er avhengige av rusmiddel.

- Det er langt igjen før norske fangar får det helsetilbodet dei har behov for, seier Marte Rua.

Mangelfull behandling

Tala Rua viser til er henta frå årsrapporten om fengselshelsetenesta som helsedirektoratet har utarbeidd. Rapporten frå 2006 viser blant anna at halvparten av fengselshelsetenestene har mangelfull behandling.

Bjørn Lund

Bjørn Lund sit fengsla for narkotikalovbrot i Ålesund fengsel, og han syns helsetilbodet er for dårleg.

Foto: Aina Rødal / NRK

- Det paradoksale er at medan justis- og politidepartementet er i gang med det som blir kalla "tidenes kriminalreform", så er ikkje fengselshelsetenesta prioritert. Gjennom mange år har den norske helsetenesta framstått som fråverande på dette feltet, sier Rua.

Dårleg helse som straff

Marte Rua legg vekt på at dårleg helse og dårleg helsetilbod ikkje skal vere ein del av straffa i norsk kriminalpolitikk.

- Ein skal hugse på at dårlegare helse eller dårlegare helsetilbod skal ikkje vere ein del av straffa i Noreg. Så dersom dei som sit i norske fengsel skal få same helsetilbod som befolkninga elles, så må det satsast på det, seier Rua.

Sjeldan på plass

I Ålesund fengsel er lege og sjukepleiar for sjeldan til stades, meiner både innsette og tilsette. No skal også ein psykiatrisk sjukepleiar vere der nokre timar i veka. Dette er det absolutt behov for, meiner Rua.

- Problema i norske fengsel er at helseproblema ofte gjeld kroniske forhold, både fysiske og ofte psykiske lidingar. Då er det ikkje sagt nokon stad kor dårleg ein eigentleg skal vere før ein skal få hjelp. Ein godtek litt liding i eit fengsel, men ingen har sagt kvar den grensa skal gå, seier forskar Marte Rua.