Hopp til innhold

- Familievald eit samfunnsproblem

Sidan nyttår har politiet fått inn 38 familievaldssaker i Møre og Romsdal.

vold

VALD I FAMILIEN: Politiet fekk inn 1457 saker om vald og mishandling i familien i 2008. (Illustrasjonsfoto.)

Foto: Colourbox

15 av sakene var på Nordmøre og i Romsdal, medan ei førebels oppteljing viser 23 på Sunnmøre.

Store mørketal

Arnstein Nilssen

SAMFUNNSPROBLEM: Politimeister Arnstein Nilssen seier familievald er eit samfunnsproblem.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Politimeister Arnstein Nilssen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt seier mørketala er store.

- Det veit me. I 2008 var auken i melde familievaldssaker på over 50 prosent frå året før. Det skuldast neppe at det vart meir vald, men at fleire turde å seie frå. Dette er eit samfunnsproblem.

Politiet fekk inn 1457 familievaldsaker i 2008. 72 av desse var i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, 152 på Sunnmøre.

Ålesund kommune tar tak

Janne Grete Havnegjerde

VIL HA KURS: Janne Grete Havnegjerde håpar kurs kan hjelpe valdsbrukarar.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Dette er eit vanskeleg tema, seier koordinator Janne Grete Havnegjerde ved det interkommunale overgrepsmottaket i Ålesund.

Difor har kommunen vore med på å legge til rette for kurs i sinnemeistring.

Kursa skal haldast i Spjelkavik i Ålesund. Det eine startar 2. april, det andre vert først til våren.

- Inga privatsak!

Bjørn Løvland

LÆRER VEKK: Bjørn Løvland held kurs for å lære menn å meistre sinnet sitt.

Foto: Heidi Fagna / NRK

- Kurset er for menn som taklar sinnet sitt på ein usunn måte, seier kurshaldar Bjørn Løvland.

LES MEIR: Vil lære menn å ikkje slå

Hør Bjørn Løvland si historie

Politimeister Arnstein Nilssen applauderer tilbodet.

- Det er veldig bra at nokon tar tak for å førebyggje dette. Familievald er inga privatsak!