Hopp til innhold

- Dette var uventa og stort

Dirigent Rune Bergmann fekk kulturpris på 300.000 kroner.

Dirigent Rune Bergmann fekk prisen med Marianne Roald Ytredal i Stiftelsen Kjell Holm.
Foto: Iselin Nevstad Øvrelid. / NRK

Det er stiftinga Kjell Holm som delte ut stipendet til dirigenten frå Sykkylven som no er busett i Oslo.

- Dette var utruleg overaskande og sterkt. At dei synes eg har gjort noko som er bra, er berre å takke og bukke for, sa ein tydeleg rørt dirigent.

Kube

På kunstmuseet Kube i Ålesund fekk han fredag overrekt prisen og ein laurbærkrans for sin innsats som dirigent for både kor og orkester. Denne veka er han i Ålesund for å leie den årlege orkesterskulen på Borg Folkehøgskule, der 100 barn og ungdomar er for å lære.

Planane klare

Med 300.000 kroner i lomma har Bergmann planane klare for korleis han skal bruke pengane.

Rune Bergmann.

Rune Bergmann vart overaska og glad, då han fekk prisen.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid. / NRK

- Planane er klare. Skal eg greie å glede andre og utvikle barn og ungdom vidare, så må eg også utvikle meg sjølv. Viss eg stansar mi utvikling greier eg heller ikkje å inspirere andre, seier Bergmann.

Første gong

Det er første gang stiftelsen deler ut en kulturpris av en slik størrelse. Prisen er etablert som en årlig begivenhet, og skal gå til en person som har utmerket seg på en særdeles fordelaktig måte innenfor kulturlivet i distriktet.