Hopp til innhold

- Dette var det vi trengte

- Eg er positiv, seier styreleiar i Maritim Forening for Søre Sunnmøre, Kjersti Kleven, om tiltakspakken frå regjeringa.

Kjersti Kleven
Foto: Nyhetsspiller / NRK

- Det som kom før jul, til GIEK og Eksportfinans, og auka rammene deira, i kombinasjon med det som kom søndag, tryggar heile den maritime industrien på ein positiv måte i den situasjonen som er no, seier Kleven.

Då den førre tiltakspakken til regjeringa vart lagt fram i slutten av januar, var verftsnæringa samd om at ein måtte vente på neste pakke.

Her kan du sjå reaksjonane frå Kleven Verft då pakken vart lagt fram 26. januar.

Søndag vart den andre bankpakken til regjeringa lagt fram, og med ein gang vart den meir populær.

Møtte regjeringa

- Eg reagerer positivt på denne. Dette var det vi trengte. Tiltak som vil gjere det mogleg for bankane å fungere normalt igjen, i tillegg til å skape fleire finansieringskjelder for næringslivet generelt, gjennom obligasjonsdelen av den pakken som kom no, seier Kjersti Kleven.

I slutten av januar var ho, saman med bedriftsleiarar frå fleire bransjer, i møte med regjeringa for å kome med innspel om kva som trengs av hjelpetiltak.

- Eg syns dei har teke til seg mange av signala som kom på det møtet, seier Kleven, når ho no har fått sett tiltaka som regjeringa legg fram.

Sjå Kleven fortelje om si oppleving av møtet her: Møte om krisepakken

No har ho håp om at det kan bli meir normale tilstandar i industrien.

- Kvardagen har vore ganske normal, men dette lettar på den usikkerheita som har vore knytt til finansieringa til den store ordremassen som verftsnæringa no har.

- Normaliserer situasjonen

For det har ikkje vore sikkert at alle dei båtane som er tinga frå verfta, faktisk kan bli realiserte. Med tiltaka frå regjeringa kan det gå mot betring i det.

- Det er ingen automatikk i at alle ordrar blir finansierte gjennom dette, men det gir i alle fall meir normale utsikter når det gjeld finansiering, både for reiarlag og verft.

- Det normaliserer tilhøva, og skaper meir ro. Tillit er veldig viktig no, seier styreleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL