Hopp til innhold

- Dette held ikkje

Rekdal er ikkje fornøgd etter gårsdagens kamp mot Strømsgodset.

Rekdal

Aalesund-trenar Kjetil Rekdal er oppgitt på sidelinja

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

- Eg føler vi er det laget som har kontroll på ting, og så kjem vi under 1-0 på ein veldig rar situasjon.

Les:

Uventa frispark

Øyvind Storflor ga vertane leiinga etter 39 minutters spel på eit frispark frå 18 meters hald. Aalesund-keeper Anders Lindegaard var oppteken med å stille opp muren og stod i feil hjørne då Storflor tok eit uventa og raskt frispark som
gjekk rett i mål.

- Altså, eg kan ikkje stå å seie verken det eine eller det andre frå sidelinja. Men spelarane mine seier at dommar Skjerven, som vi forresten har fått nok problem med i år, ba spelarane gå bakover med muren, og så skulle han frigjere frisparket. Men medan spelarane går bakover og stiller muren på nytt, så let han frisparket gå, så eg veit ikkje kven som har rett her. Spelarane vart i alle fall svært misfornøgde, for det gjer at kampen vert annleis. Det er no ein klisjé at mål forandrar fotballkampar, så får vi berre svelge det atter ein gong, seier Aalesund-trenar, Kjetil Rekdal.

Lindegaard sjølv meiner det ikkje burde ha vore blåst av for frispark i det heile tatt.

- Eg meiner det vart dømd frispark der det heilt tydeleg ikkje skal vere frispark. Dommaren gjer ikkje noko feil, men det er ein uheldig situasjon for oss, og det er ein situasjon som vert avgjerande for kampen.

- Du meiner at dommaren ikkje gjorde noko feil i situasjonen etter at han har dømd frispark?

- Vi kan ikkje klandre han for noko, men det er mange uskrivne reglar i fotball, og ein av dei er at ein vanlegvis bles i fløyta under slike situasjonar, akkurat slik ein bles i fløyta når det er straffespark. Ein treng ikkje å blåse då heller, men det er normalt å gjere det.

Det er ikkje første gong Aalesund er misfornøgd med dommar Tommy Skjerven.

Les:

Sløste med sjansane

Aalesund sløste grovt med sjansane og burde ha putta både tre og fire gongar. På overtid i første omgang hadde dei oransje tre store målsjansar, som vart følgd opp med to-tre minst like feite sjansar etter kvila.

- Vi får ein haug med sjansar som vi ikkje klarer å score mål på. Vi scora eitt mål på åtte-ni målsjansar, trur eg. Det er ikkje bra nok. Og så slepp vi inn tre mål ut av veldig lite. Det er klart at Strømsgodset får nokre sjansar når vi må opne oss veldig opp for å prøve å jakte etter utlikning. Fram til det så hadde dei veldig lite. Slik er det. Vi var dårlege framfor mål begge lag.

Fredrik Karlsen

SIFs keeper Adam Larsen Kwarasey reddar eit skot frå Aafks Fredrik Carlsen

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Keeper Anders Lindegaard meiner at Aalesund var det klart beste laget.

- Slik er fotball. Vi har marginane mot oss på alle måtar. Eg synest vi var det beste laget og eg synest også at vi har fått forsterka troppen, slik som vi har bedt om. Vi har nokre fantastisk dyktige fotballspelarar på samtlege plassar i laget.

Klare for Motherwell

Sist torsdag tok Aalesund imot skotske Motherwell i sin første kvalifiseringskamp til europaligaen, ein kamp som endte 1-1. Torsdag denne veka skal dei spele returkamp i Skottland.

- Det vert spekulativt å byrje å uttale seg om det no. Vi gjer mykje bra i kampen mot Strømsgodset, og viser at vi har noko å fare med, men fotballen består av scoringar og det var vi for dårlege på. Det å sleppe inn tre mål og score berre eitt, det held ikkje.

Aalesund sin kaptein, Johan Arneng trur laget kan ta med seg dei gode prestasjonane frå kampen mot Strømsgodset til torsdagens bortekamp mot Motherwell.

- I dag er prestasjonane såpass bra at vi bør ta poeng. Vi spelar veldig bra, men dessverre får vi ikkje utteljing på alle dei sjansane vi har. Likevel, intensjonen og moralen finnast i laget, så det er positivt.

- Korleis ser du på moglegheitene på torsdag?

- 1-1 i heimekampen er ikkje noko godt resultat. Det vert ein vanskeleg kamp, men det er absolutt ikkje umogleg. Vi kjente i heimekampen at vi er minst like gode som Motherwell, så det finnast moglegheiter.

Arneng trur at den gode prestasjonen mot Strømsgodset gjer at laget går med heva hovud mot kampen på torsdag, sjølv om måla uteblei.

- Ja, det trur eg absolutt. Resultata er det som er viktigast, men klarer ein ikkje å prestere så får ein ingen god følelse, men i dag presterer vi.