Hopp til innhold

Mira Craig: – På tide å gjere noko sprell igjen

Mira Craig er klar for å stå på MGP-scena igjen. Nå fortel ho om åra ho har lagt bak seg: – Nokre periodar har vore tøffare enn andre.

Mira Craig i forkant av 2022

I KULISSANE: Mira Craig er klar for MGP.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Eg gler meg veldig! Det er på tide å gjere noko sprell igjen, seier Mira Craig og smiler breitt.

I kveld skal ho kjempe mot tre andre artistar om finaleplass i Melodi Grand Prix.

Målet er å vinne publikums hjarte med låten «We Still Here» som også er den fyrste singelen og startskotet på det sjuande albumet hennar.

– Det er alltid skummelt å gi ut ny musikk, men eg trur folk høyrer at det er mykje meg i det, konstaterer Craig.

Påminning om at ho framleis er her

Ho stod bak den norske vinnarlåten «Hold On Be Strong» i 2008, som vart framført av Maria Haukaas Mittet. Den kom på ein sterk femteplass i Eurovision.

Mira Craig og Maria Haukaas

DUO: Mira Craig saman med Maria Haukaas Mittet i forbindelse med MGP i 2008.

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

To år etter var Mira Craig sjølv med i delfinalen.

Det er tolv år sidan.

Nå skal ho bevise for det norske folk at den særeigne stemma hennar, den rytmiske melodien og ikkje minst danseferdigheitene er her framleis.

Eg har heldt på i mange år, og mange har kanskje ikkje fått med seg kva eg har gjort dei siste åra. Så dette er ei påminning på at «we still here», seier ho og bryt ut i latter.

Naturleg pause frå rampelyset

Craig slo gjennom med eit brak med låten «Boogeyman» i 2005, og mange fekk opp augo for den unge jenta med den håse stemma. Deriblant rapparen Snoop Dogg, som «sampla» låten hennar «Dinner in Bed».

Mange hugsar nok også den uheldige stagedivinga som enda med at Mira Craig knuste kneskåla si.

Men etter fleire turnear i både inn- og utland vart det plutseleg stille. Bortsett frå «Farmen Kjendis» i 2018 har vi sett lite av Craig i rampelyset det siste tiåret.

Mira Craig i forkant av MGP 2022

RAMPELYSET: Mira Craig framfor spegelen backstage på MGP-lokalet.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Eg fekk barn i 2010 og 2011 og da vart det ein obligatorisk pause av den grunn, forklarer Craig.

– Eg har følt meg mobba

Men ho har ikkje lege på latsida. Craig har ånda for kunsten. Ho har gitt ut musikk, og jobba som klesdesignar.

– For meg handlar det om å følgje draumen sjølv om det inneber økonomisk risiko. Eg har vore gjennom fjelltoppar og opplevd berg- og dalbaner. Det har vore skummelt, men samtidig har eg redda meg inn etterpå.

Ho fortel at enkelte periodar har vore tøffare enn andre.

– Eg har følt meg mobba, ærekrenka, feilsitert og lurt. Eg har ofte følt at eg står veldig aleine.

– Redd for å bli kalla feit

– For eksempel var det ei periode der eg vart kalla feit og lubben i alle media.

Ho presiserer at ho er ein sterk person som toler mykje, men at det til tider har vore svært ubehageleg å bli harselert med i riksmedia. Det har prega ho.

Mira Craig før MGP 2022

TØFT: Mira Craig har vore gjennom både fjelltoppar og djupne dalar.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Så utviklar ein kanskje spiseforstyrring, for ein tenker at «nå åt eg for mykje».

Var det som skjedde med deg?

– Eg elskar mat, så eg har ikkje lyst til å ikkje ete heller. Men eg går på diett heile tida for å føle at eg er presentabel, seier Craig og tar ein pause og fortset:

– Fordi eg er redd for å bli kalla feit. Og da blir eg også enda meir bevisst på korleis eg ser ut på bilde, fortel ho.

Møtt på mange fordommar

Eg har også nokon gongar kasta opp etter å ha ete, men eg klarte å slutte med det.

Trass i at det er eit vanskeleg tema å snakke om, håpar Craig at det kan hjelpe andre unge å vite at det er fleire som går gjennom det same, og at dei ikkje er aleine.

– Det er viktig at dei som mobbar forstår kor stor innverknad det dei seier kan ha på den mottakande parten, understrekar ho.

Ho fortel at ho også har blitt lurt til å ta bilde som ho i ettertid ikkje har vore komfortabel med. I tillegg har ho blitt framstilt på måtar ho ikkje kjenner seg igjen i, og har som følgje av det møtt på mange fordommar.

Det blir ein ball ein ikkje får stoppa.

Mira Craig

SPRELL: Mira Craig lovar fullt show i MGP.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Lovar fullt show

No ser ho fram til Melodi Grand Prix, og ho lovar fullt show på scena i kveld.

– Vi gler oss til å vise fram musikken, dansen og kostyma. Vi skal gi alt!

Craig har skrive låten sjølv og komponert den saman med Bård Berg. Ho har laga kostyma saman med designar CåreJånni Enderud. Tallause timar har gått med på å sy saman og finslipe detaljane.

I tillegg har ho laga koreografien saman med Kaya Gossen. Ho håpar det kan vere ei styrke i kveld.

– Det blir eit heilskapleg visuelt uttrykk som eg kan stå for, og som alle vi medverkande håpar dei der heime likar, avsluttar ho.

Sjå fyrste delfinale i MGP laurdag på NRK 1 kl. 19.50.

Les også: