Hopp til innhold

Kven kjem til å vinne finalen?

Blir det opera-metall, nordnorsk rap, dansepop eller ein tidlegare Idol-deltakar som får sjansen til å representere Noreg i den internasjonale MGP-finalen? Gjettar du riktig kan du vinne MGP-CD.

Melodi Grand Prix-finale 2013

Og VINNAREN ER: Gjettar du riktig kven av desse som vinn den store MGP-finalen i Oslo Spektrum, kan du vinne årets MGP-CD.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Den norske finalen i Melodi Grand Prix står for døra, og du kan vinne årets MGP-CD dersom du gjettar riktig kven av finalistane som kjem til å stikke av med sigeren i Oslo Spektrum laurdag 9. februar.

Ein variert artistbukett i finalen

Dersom du treng å gjere litt research før du sender inn forslaget ditt, kan du bli kjent med artistane og låtane deira her.

Gjettar du riktig på kven som vinn og dermed skal stille opp mot våre europeiske konkurrentar, send inn ditt forslag til mgp@nrk.no, og du kan vinne årets MGP-CD.

Rockabilly, opera eller disco?

Dei tre som fekk flest stemmer i den første delfinalen i Steinkjer var rockabilly-artisten Vidar Busk, metall-opera-fusjonen Gromth feat Emil Solli-Tangen og dei joggedresskledde discogutane i Datarock som sikra seg dei første plassane i finalen.

Kan vinnaren vere blant desse tre?

Jazz-elektronika, etablert popartist eller nykommar?

I delfinalen i Florø var det jazz/elektronika-trioen Fjellfolk, popfavoritt Margaret Berger og Alexander Rybak-allierte Annsofi som var dei tre vinnarane.

Har du heller trua på ein av desse?

Nordlandsrap, latino eller brummundøl-falsett?

Kanskje du heller meiner vinnaren finst blant dei tre vinnarane av den siste delfinalen i Larvik?

Her var det brørne Erik og Magnus i Sirkus Eliassen, den 16 år gamle scenedebutanten Adelén og tidlegare Idol-kjekkas Gaute Ormåsen som stakk av med sigeren.

Bandet Lucky Lips deltok også i den siste finalen, men nådde ikkje heilt opp i avstemminga. Likevel blei bandet plukka ut av ein fagjury til å få det såkalla «wild cardet» og sikra seg dermed den siste finaleplassen i MGP 2013.

Kan det vere at Lucky Lips kuppar heile konkurransen og endar opp som Noreg sitt bidrag i den internasjonale finalen?

Send inn ditt bidrag

Det er ei variert samling med artistar som komande laurdag skal konkurrere om å få representere Noreg i den internasjonale finalen.

Det kan berre vere éin vinnar, og du kan stemme heilt fram til sendinga startar, laurdag klokka 19.55.

Hugs å merke e-posten med Finalekonkurranse, og legg ved fullt namn, telefonnummer og postadresse.

Alt om Melodi Grand Prix