NRK Meny
Normal

Det svenske folk hylla Loreen

Svenskane si store heltinne, Loreen, framførte vinnarlåten frå Eurovision Song Contest på Hötorget i Stockholm til jubel frå det svenske folk.

loreen konsert stockholm

Eit hav av folk hadde møtt opp for å hylle Eurovision Song Contest-vinnar Loreen.

Foto: Jansson, Leif R. / NTB scanpix

Loreen vann laurdag Eurovision Song Contest med låta «Euphoria», skriven av Peter Boström og Thomas G: son.

Måndag stod ho på taket av Filmstaden i Stockholm og framførte vinnarlåten for fansen på Hötorget.

– Det handlar ikkje berre om meg, men om oss, sa Loreen om sigeren til folkehavet som hadde møtt opp.

(Saka held fram under biletet)

loreen

Loreen sang for svenskane på Hötorget i Stockholm.

Foto: Wiklund, Anders / NTB scanpix

Dei fekk høyre «Euphoria» to gonger. Fyrst ein mjukare versjon akkompagnert for det meste av berre strykarar.

Så avslutta ho med partytaktane i originalversjonen.

Livgarden opna

Armeen sitt musikkorps opna showet med sin versjon av «Euphoria».

– Me pleier å ha med ei pop/rock-låt i repertoaret kvart år. I april bestemte me oss for å ha med «Euphoria», og med tanke på at den vant, så har det vore eit bra musikkår, sa Mathias Abrahamson frå korpset.

Blant innslaga var også ein film som synte Loreen sin veg frå delfinalen i Växjö i den svenske Melodifestivalen og fram til sigeren i Baku.

Christer Björkman, Thomas G: son og Peter Boström er også med på programmet. Programleiar for direktesendinga er Nassim Al Fakir.

(Saka held fram under biletet)

Stockholm loreen konsert fans

Fansen som møtte opp på Hötorget i Stockholm la ikkje skjul på kjenslene sine.

Foto: Wiklund, Anders / NTB scanpix

Møtte opp på flyplassen

Loreen vart også møtt av hundrevis av fans då ho landa på Arlanda i natt.

Loreen på Arlanda

ESC-vinnar Loreen snakka med media på Arlanda seint måndag kveld.

Foto: Jansson, Leif R. / NTB scanpix
Loreen landet på Arlanda

Store og små møtte fram for å ta imot Loreen på Arlanda.

Foto: Jansson, Leif R. / NTB scanpix