Hopp til innhold

Debutanten møter den erfarne i MGP-duell

På laurdag er det duka for fyrste delfinale i MGP. Nå er det kjent kven som skal duellere mot kven.

Eline Noelia, Mira Craig, Frode Vassel og TrollfesT skal konkurrere om en finalebillett i delfinale 1. Elsie Bay er forhåndskvalifisert.

Eline Noelia, Mira Craig, Frode Vassel og TrollfesT skal konkurrere om ein finalebillett i delfinale 1. Elsie Bay er førehandskvalifisert.

Foto: Julia Marie Naglestad

Det er mykje som står på spel når den fyrste delfinalen går av stabelen på laurdag.

Fire artistar skal kjempe om finalebilletten, medan oddsfavoritten Elsie Bay allereie er førehandskvalifisert til den store finalen.

Programleiar Kåre Magnus Bergh har trekt kven som skal møte kvarandre i duell. Det blir ein popduell à la David mot Goliat og eit fyrverkeri av ein rockeduell.

Den fyrste duellen er nemleg mellom den etablerte artisten og låtskrivaren Mira Craig, og den 22-år gamle MGP-debutanten Eline Noelia.

SPERREFRIST 10.01.22 KL.14!!
Eline Noelia

DUELL: Eline Noelia skal i duell mot Mira Craig.

SPERREFRIST 10.01.22 KL.14!!

DUELL: Mira Craig skal i duell mot Eline Noelia.

Kjem til å gi alt

Det er veldig skummelt å møte ein artist som mange kjenner så godt til, seier Eline Noelia.

Men eg kjem til å gi alt, og eg håpar at dei som ser på synest at showet er bra.

Ho er takksam for at ho har fått ei så stor moglegheit til å vise seg fram.

Min største styrke er vokalen min. Eg håpar eg kan overraske og blåse folk av banen.

Mira Craig har dette å seie om sin konkurrent:

Ho er ein sterk songar. Eg likar veldig godt låten hennar, seier ho.

– Vi har blitt godt kjent, og derfor er det også litt kjipt og unaturleg å måtte konkurrere mot kvarandre, legg ho til.

I 2008 skreiv Craig den norske vinnarlåten «Hold on be Strong» framført av Maria Haukaas Mittet. Den kom på ein solid femteplass i Eurovision. To år etter var Mira Craig sjølv med i delfinalen i MGP.

Ho trur likevel ikkje at ho som erfaren artist og låtskrivar har ein fordel:

I MGP kan alt skje, seier Craig og ler.

Sju mot ein

Den andre duellen blir eit rockeoppgjer mellom den sjangeroverskridande gruppa TrollfesT og artisten Frode Vassel. Sistnemnde har stått på Eurovision-scena fleire gongar før, blant anna for KEIINO i 2019.

trollfest, delfinalist på MGP 2022
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Han er ein utruleg flink songar, og ein kjent person. Vi er kanskje mindre kjente personar, men vi tar han på antalet, seier Øyvind Strønen i TrollfesT med eit glimt i auga.

TrollfesT sin låt «Dance like a Pink Flamingo» er ein symbiotisk blanding av metall og deira kjærleik for musikk frå Balkan-området. Det skapar eit heilt unikt rockeuttrykk.

Vi har veldig respekt for alle som er med i delfinalen, men styrka vår er kanskje at nummeret vårt har ein overraskingsfaktor i seg. Vi spring mykje på scena, og er litt meir ekstreme i framtoningen vår enn dei andre, humrar Strønen.

  • Les om alle MGP-artistane her

– Det blir ein fest

Frode Vassel gler seg til å møte rockegutane:

Det blir ein fest! Men også tøft. Dei representerer noko som er viktig for mange i MGP, nemleg morodelen. Dei kjem nok til å sanke mange stemmer, seier han.

Sjølv om songen hans er rolegare, lovar han at det blir fullt show. Han er glad for å synge eit bodskap som betyr mykje for han.

Frode Vasse, delfinalist i MGP.

GLER SEG: Frode Vassel gler seg til å stå på scena i den fyrste delfinalen i MGP på laurdag.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Låten handlar om vi tar vare på jordkloden og lèt etter seg den til dei komande generasjonane. Som trebarnsfar er dette viktig for meg, er forhåpentlegvis noko fleire kjenner seg igjen i.

Den som kjem vidare frå duellen møtest til gullduell, der den som vinn går vidare til finalen.

Delfinale 1 går av stabelen på NRK1 laurdag 15. januar kl. 19.50.

Les anmeldelsene av låtene: