Hopp til innhold

Kringkastingssjefen: – Eit veldig spesielt Eurovision-år

Mens NRK varslar tydelege tilbakemeldingar til arrangøren, trur ESC-veteran Jostein Pedersen at årets finale blir eit vendepunkt for konkurransen.

Vibeke Fürst Haugen

VIL GI TILBAKEMELDING: Kringskastingsjef Vibeke Fürst Haugen seier NRK vil evaluera arbeidet til og samarbeidet med Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Foto: Lars Os

– Det har vore eit veldig spesielt Eurovision-år. Men gitt omstenda, så syns eg det blei eit fint show.

Det seier kringskastingsjef Vibeke Fürst Haugen til NRK søndag føremiddag.

Les også Sveits vant Eurovision Song Contest 2024

Sweden Eurovision Song Contest Grand Final

Etter ein dramatisk finaledag i Malmö, der hundrevis av demonstrantar tok til gatene, Nederland blei diskvalifisert, og fleire land trua med boikott, var det Sveits som til slutt stakk av med sigeren.

Det er spesielt Israels deltaking som har skapt debatt og demonstrasjonar.

– Me har prata mykje om dette i opptakten til finalen. Mange har meint mykje. Og så blei det nokre ekstra dramatisk rundar i går. Det har jo prega årets Eurovision, seier Haugen.

Det var amper stemning utanfor arenaen i Malmö før lørdagens Eurovision-finale.

Vil gi tydeleg beskjed

Haugen seier NRK no skal møtast for å evaluera årets Eurovision. Seinare i vår vil dei møta arrangøren, Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), som NRK sjølv er ein del av.

– Me kjem til å gi nokre tydelege tilbakemeldingar til EBU om korleis me syns samarbeidet har vore, og korleis EBUs handtering av situasjonane har vore.

– Kva vil dei tilbakemeldingane gå ut på?

– Det er for tidleg å seie noko om no. Me må gå ordentleg gjennom det før me kjem med tilbakemeldingar. Det er vanleg prosedyre.

– Har årets skandalar skada Eurovision sitt rykte?

– Det er veldig mange som har vore tydelege og uttrykt at dei syns det har vore krevjande i år. Og det har vore vanskeleg, at noko av den gleda og kjærleiken har vore meir fråverande i år. Det må me ta med inn i evalueringa.

– Sett i retrospekt, var det klokt av EBU å la Israel delta?

– Me skal evaluera og snakka med EBU, og då skal me diskutere dei tinga også, seier Haugen.

Jostein Pedersen

Jostein Pedersen er ei kjent Eurovision-stemme og kommenterte sjølv sangkonkurransen i fleire år.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

ESC-ekspert: – Kaos

Eurovisionekspert og tidlegare kommentator under Eurovision, Jostein Pedersen, er hakket mindre diplomatisk enn kringkastingssjefen.

– Det var jo kaos det siste døgnet. Det er EBU som arrangerer og som har ansvaret, og eg trur at dei øydela vel så mykje for seg sjølv, som dei vant i går kveld.

Pedersen trur gårsdagens drama vil påverka ryktet til Den europeiske kringkastingsunionen i lang tid.

Les også Gåte fornøyd tross sisteplass

Gåte etter finalen

– Dei hevdar at dette er ein upolitisk sangkonkurranse, men det er langt frå sanninga. Det har det heller aldri vore.

– Trur du dette kjem til å vera eit vendepunkt for konkurransen?

– Ja, etter dei vage setningane ein har høyrt frå dei ansvarlege, så tyder det på at det blir mange møter. EBU må bli kvitt veksesmertene. Etter snart 60 år må dei faktisk meine noko, seier Pedersen.

Årets Eurovision ble preget av protester og kontroverser.

AKTUELT NÅ