Tortilla brettet og fylt

FYLTE OG BRETTA TORTILLAER: Ein variant med kalkunpålegg, avokado, paprika og salat, og ein klissete og herleg variant med peanøttsmør, bringebær, nøttepålegg og banan.

Foto: Torunn Grymer / NRK

Tortilla-dilla!

Fylte og bretta tortillaer er både enkelt og moro å lage. Og så godt! Her får du oppskrifta på korleis dei blir laga.

Slik gjør du

I staden for å rulle tortillaene til wraps, kutter eller klipper ein eit snitt frå midten av lefsa og rett ned. Så fyller ein kvar firedel med ulike pålegg. Det vi har brukt her er kveitetortilla, men kjøp eller bak dei du liker. Alle typar er gode til dette!

Del pålegg, frukt og grønt i passe munnfullar.

Legg dei fire pålegga du vil ha på kvar firedel av tortillalefsa etter å ha klipt den opp frå midten og ned, som vist på biletet.

Har du smørbare pålegg eller sausar så legg dei gjerne annankvar gong, så dei held på tørrare pålegg.

På tortillaene våre har vi ein med kremost med urter og paprika lagt oppå, avokado, kalkunpålegg og blanda salat.

På den søte varianten har vi peanøttsmør, bringebær, sjokonøttepålegg og banan.

Når dei er ferdig bretta som på biletet er det berre å nyte!

Elskar du smelta ost?

Då kan du gå for ein varm variant.

Du kan lage ein pizza-variant med tomatsaus, ost, skinke og sopp som ein steikjer i panna.

Eller du kan bruke ulike quesadilla-fyll, som ho med kylling du finn her.

Tips

  • Tortillaene er perfekte å bruke i matpakka, både til ungane og seg sjølv. Og så moro for ungane å få lage sine eigne!
  • Kva med blåmuggost eller brie, frisk timian, fiken og honning for ein søt variant til dei vaksne?
  • Dei kan òg gjerne pakkast inn i grillfolie og steikjast ved bålet på tur. Berre fantasien set grenser for kva godsaker du kan fylle dei med. Smakeleg måltid!