Kjøleskapsgraut med chiafrø

FRUKOST: Denne kjøleskapsgrauten er god å lage om kvelden og ta med seg på jobb om morgonen.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Kjøleskaps­graut med chiafrø

– Kjøleskapsgraut er enkel å lage om kvelden. Då har du god og sunn frukost dagen etter, seier den 17 år gamle fylkesmeisteren yrkesfag i Sogn og Fjordane, Sander Øen Omberg.

Slik gjør du

Bland alle ingrediensane i eit glas med lok og sett grauten kaldt - gjerne til dagen etter.

Server gjerne med friske bær på toppen.

Tips

Bruk gjerne blåbær, bringebær og fersk mango på toppen.

Vaniljeyoghurt kan erstattast med vanleg yoghurt. Ønskjer du ein litt søtare variant kan du ha syltetøy i botnen av glaset.

Kilde: Sander Øen Omberg