Kedjenou

Då Colombia og Elfenbenskysten spelte, så diska Furunes opp med Kedjenou og ein engelsk porterøl (grunna Uruguay-England same dag).

Foto: Ronny Sødahl Furunes / Privat

Kedjenou

Ronny Sødahl Furunes lar VM i fotball bestemme kva han skal lage til middag.

– Eg tar utgangspunkt i kva lag som spelar den aktuelle dagen, og så prøver eg å lage litt mat som høyrer til dei nasjonane, seier Ronny Sødahl Furunes.

Kyllingretten Kedjenou laga han då Elfenbenskysten spela kamp i VM.

Slik gjør du

Del kyllingen i bitar, kutt løken, skrell og del tomatane og knus kvitløkfeddet. Legg kyllingen, løken, tomatane, ingefæren, kvitløken og laurbærbladet in ei stor kasserolle.
Tilsett salt og pepar.
Dekk over med eit stort lokk som ikkje slepp ut damp.
Sett varmen på medium til høg varme.
Når ingrediensane byrjar å putre, sett varmen på medium til lav.
Fjern kasserollen frå varmen utan å ta av lokket, rist kasserollen godt for å blande innhaldet slik at det vert likt kokt.
Gjenta prosedyren kvart femte minutt i 35 til 40 minutt.

Server maten på eit varmt fat med ris.

Tips

Furunes brukte couscous i staden for ris.

Les meir om Ronny Sørdal Furunes og maten under fotball-VM

Kilde: Ronny Sørdal Furunes i NRK Hordaland