SurkålSurkål er ein gamal europeisk mattradisjon, og er særleg vanleg i Nord-Europa. Her får du to ulike oppskrifter på surkål - begge er like gode til julemat! Publisert 28.11.2000 09:32. Ingrediensar oppskrift 1- 1 kg finsnitta kål
- 1 ss smør eller margarin
- 1 stort syrleg eple
- 1 ss kveitemjøl
- ca 1 ts salt
- 1 ss karve
- ½ dl kaldt vatn
- ca 1 ½ ss eddik 7 %
- ca 1 ½ ss sukker
Surkål må ikkje kokast i jerngryte. Kålen kan lett bli misfarga.
Ha smør/margarin i bunden av kasserolla. Stikk kjernehuset ut av eplet, og skjer eplet i tynne skrivar. Bland mel, salt og karve. Legg kålen i kasserolla lagvis med epleskrivar. Dryss blandinga mellom laga. Hell på kaldt vatn.
Gi surkålen eit godt oppkok, og la han så småkoke under lokk, ¼ - 1 time viss han skal frysast, 1 – 1 ½ time dersom han skal brukast med det same.
Rist og drei på kokekaret av og til så kålen ikkje svir i botnen. Om det dampar bort mykje væske, må det spes på litt meir, men surkål må ikkje bli for fuktig. Smak godt med salt, eddik og sukker. Surkål skal smake friskt sursøtt.
Ingrediensar oppskrift 2- 1 kg finsnitta kål
- 1 ss smør eller margarin
- 2 store syrlege eple
- ca 1 ts salt
- 1 ss karve
- ca. 1 ½ ss edikk 7 %
- ca 1 ½ ss sukker
- 2 dl vatn
Kokk kålen på same måte som i oppskrifta over. I denne oppskrifta kan ein sløyfe mjøl og erstatte med eple og vatn. Og eddiken kan godt bli blanda i heilt frå starten.
Viss epla har tykt skall, lønner det seg å skrelle dei, elles vil skallet ligge som seige strimlar i surkålen.
|