skilleFrokost-TV oppskrifterskilleQUIZ!skilleMat med Tinaskille_slutt
Julemat 3_1
Her er du: NRK.no > Mat > Julemat
 
 
 Skille
Oppskrift:

Kokt torsk

Kokt torsk har lang tradisjon som julemat i Noreg, kanskje særleg langs kyststripa. Torsken kan vere eit sunt alternativ til anna julemat.

Publisert 21.11.2000 17:12.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Ingrediensar

Per person:
- Torsk med hovud og innmat: 400-450 g
- Torsk i skiver: 300-400 g

Torsk på 1, 5-2,5 kg er fin til koking.

Reingjer fisken så raskt som mogleg. Fisken blir dårlegare av å liggje med innmaten i.

Skjer eit snitt like ovafor gattet på fisken. Ta laus gjellene, og trekk ut innmaten. Ta vare på rogn og lever. Skyll fisken. Skjer av hovudet og ei skive like under brystfinna. Skjer skivene nedover, omlag 2-2,5 cm bredde – litt breiare mot halen. Det er ein smaksak om ein vil klippe finnane bort eller la dei sitte på.

Vask fiskeskivene under rennande kaldt vatn. Fjern symjeblæra og blodet ved ryggbeinet.

La skiver av heilt nyfiska torsk ligge i kaldt vatn ½ time. Legg fiskeskivene i kokande salta vatn.


Til 1 liter vatn:


- ½ dl salt
- 1 ts eddik

Legg hovudet og stykket med brystfinnene i fyrst, eller kok hovudet i ein kjele for seg.

La fisken trekke til fiskekjøttet løsnar frå ryggbeinet med ein gaffel. Trekk ny fisk til neste servering.

Server kokt torsk med nykokte potetar, sitron og smelta smør eller Sandefjord-smør og eventuelt lever og rogn.


Tina Nordström

Alle Tina Nordströms oppskrifter finner du her.

Kokke-Lise

Alle Lise Finckenhagens oppskrifter finner du her.



Lars Barmen

Lars ledet Barmeny som gikk i over fem år på NRK. Se oppskriftene her.

Eide og Morris

Linda Eide og en Morris finner nisjer innen matlaging i vårt langstrakte land.

 
GÅ TIL OPPSKRIFTENE

Kylie Kwong

En av Australis mest populære kokker som tilbereder kinesisk mat som du aldri har sett det før.

 

Gastronomi

Henry Notaker leder vei i den gastronomiske verden. Se programmene og mer her.

Kokkekamp

Programmet der det ble konkurrert om matretter. Oppskriftene finner du her.

Pix
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no