Hopp til innhold

Naturens former - ei rekneoppgåve

Naturen kan sjå rotete og kaotisk ut, men ingenting er tilfeldig.

Masseklekking av 17-årssikaden
Foto: Arild Hagen/NRK

Gjennom naturleg utveljing og tilpassing har dei sterkaste artane og formene overlevd. Mange av dei har Det gylne snitt, eller talet 1,618.

Det gylne snitt

Fotograf Arild Hagen

Arild Hagen har laga tv-serien Naturens former.

Foto: NRK

Dersom du studerer ein furukongle og ser korleis frøkapslane spiralar seg til venstre og til høgre, og tek talet i den lengste rekkja og deler med talet i den kortaste, får du 1,618. Gjer det same reknestykkjet med ein ananas...

Det same gjeld spiralane i frøblomen på solsikke og prestekrage, eller prøv på kroppen din!

Måler du frå issen til navlen og frå navlen og ned i golvet, og deler det lengste målet med det kortaste, får du 1,618.

Det same gjeld avstandar i ansiktet. Får du 1,618 så har du Det gylne snitt, og då seiast det at du blir rekna som svært attraktiv og vakker i dyre- og menneskeriket.

Kor langt er det mellom fingertuppane dine dersom du sler armane rett ut frå kroppen? Veit du ikkje? Du veit sikkert kor lang kroppen din er, og akkurat så mange cm er det mellom fingertuppane dine også.

Tilfeldig? Neppe

Vil du vete meir kan du besøkje Naturhistorisk museum i Oslo.

På Zoologisk museum har dei fram til 16. mai 2008 utstillinga Naturens former.

Utstillinga viser korleis kunsten speglar naturen og tek opp i seg former som spiralar og sirklar, og det meste har altså Det gylne snitt.

Journalist Arild Hagen og geolog Anne Birkeland

Journalist Arild Hagen og geolog Anne Birkeland.

Foto: Tove Fugelsnes / NRK

Sundag 25. november er journalist Arild Hagen og geolog Anne Birkeland med i Naturens verden på NRK P1. Dei besøkjer utstillinga på Naturhistorisk museum. 

Sundag 2. desember startar fjernsynsserien Naturens former på NRK1. Arild Hagen har i fire år reist verda rundt og filma dei mest fantastiske naturformene.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)