Hopp til innhold

Beste og verste sørviskommunar

To av tre kommunar får stryk for sørvisen sin. Det kjem fram i ei fersk undersøking frå Forbrukarrådet. Her kan du finne ut kva kommunar i Norge som er best og dårlegast.

Ordfører i Larvik Øyvind Riise Jenssen

Denne mannen er ordførar i Norges beste sørviskommune. Sjå lista nedanfor.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

 

Sjå lista over best og dårlegast sørviskommune nederst på sida, og lenker til saker fra ditt distrikt til venstre!

Alle norske kommunar er blitt undersøkt i den store kommunetesten frå Forbrukarrådet . For kommunane er dette lite hyggeleg lesnad. Rundt 70 prosent av kommunane får «ikkje godkjent» av Forbrukarrådet.

– Det virke som ein del av kommunane ikkje har tatt inn over seg at folk har krav på sørvis. Sørvis knytte seg ikkje berre til tradisjonelle kommunale tenester som barnehage og eldreomsorg. Folk har også krav på å få svar når dei kontaktar kommunen, seier direktør Erik Lund-Isaksen i Forbrukarrådet.

Larvik best, Moskenes dårlegast

Larvik er den kommunen i landet som yter best service til innbyggjarane sine. Dei svarer på heile 36 av dei 37 spørsmåla Forbrukarrådet har jakta på. Dårlegast ut av undersøkinga kjem Moskenes kommune i Lofoten. Forbrukarrådet får svar på under 1 av 4 spørsmål.

– Det er rett og slett for dårleg. Nokon kommunar er alt for dårlege i forhold til det moderne samfunnet, seier Lund-Isaksen.

– Eg synest det er forferdeleg trist for dei tilsette i kommunen å få eit sånt stempel og det finn eg meg rett og slett ikkje i, er kommentaren frå Lillian Hansen, ordførar for arbeidarpartiet i Moskenes.

– Uflaks

Ho grunngir det dårlege resultatet med uflaks og meiner at sjølve undersøkinga er dårleg kvalitetssikra.

– Vi er ein liten kommune med lav bemanning, da er det ikkje alltid like lett å svare på alt med det same. Eg veit vi har forbetringar når det gjelder nettsidene våre og det jobbar vi med, legg ap-ordføraren til.

Moskenes får derimot liten trøst av Forbrukarrådet. I ein liknande undersøking for to år sidan kom også Moskenes ut blant dei ti dårlegaste.

– Dei større kommunane er gjennomgåande litt betre, men vi har små kommunar som er veldig bra og store som er veldig dårlege. Dette handlar om haldningar til sørvis og korleis ein kommune ønskjer å profilere seg ovanfor borgarane, seier Lund-Isaksen.

– Satsar på sørvis

Ordfører i Larvik Øyvind Riise Jenssen

Ordfører i Larvik Øyvind Riise Jenssen seier dei satsar på sørvis i kommunen.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

 

I undersøkinga er det leita og spurt etter informasjon om i alt 37 punkt på telefon, kommunane sine heimesider og via e-post. Spørsmåla omfattar alt frå prisar på SFO, opningstider, tilgjengelege søknadsskjema og enkelte rettigheitar. Berre 30 prosent av kommunane klarar å svare på to av tre spørsmål.

Ordførar Øyvind Riise Jenssen i Larvik, som kjem best ut i undersøkinga, seier at sørvis lenge har vore ei medviten satsing frå kommunen si side.

– Vi har investert med pengar, men mykje av dette handlar også om å skape og tilrettelege for gode haldingar hjå dei tilsette, seier Høgre-ordføraren nøgd.

Her er dei kommunane med best sørvis:

Larvik

Vefsn

Rindal

Meløy

Gran

Alna bydel, Oslo

Karmøy

Vinje

Enebakk

Kristiansund

Dette er kommunane med dårlegast sørvis (dårlegast først)

Moskenes

Lurøy

Snillfjord

Bygland

Radøy

Snåsa

Kvitsøy

Øksnes

Vevelstad

Nesna

Heile lista over alle kommunane finner du hos Forbrukarrådet .

 

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)