Hopp til innhold

Avviser ulovleg marknadsføring

FBI har vist at Saladmaster sine kasseroller ikkje er så unike som dei påstår, men Saladmaster avviser at dei driv ulovleg markandsføring av sine kjelar.

Saladmaster

Saladmaster avviser all kritikk og meinar dei ikkje driv ulovleg marknadsføring.

Foto: FBI

- Saladmaster opererar i 23 land og har seldt dette systemet i over 60 år. Min vurdering er at vi held oss godt innanfor lovverket når det gjeld marknadsføring, seier advokat Ole Tokvam som representerar Saladmaster.

 

Meinar Saladmaster har unikt stål

Hovudargumentet til Saldamaster for at grytene kostar mellom 20 og 50.000 kroner er at dei nyttar eit unikt stål, såkalla syrefast kirgusik stål.

FBI har snakka med mettallurger og selgarar av stål. Dei seier at ståltypen 316L er eit vanleg handelssstål. Denne ståltypen har heller ikkje noko vesentlege betre yteevne enn vanleg stål som blir nytta i andre kasseroller.

- Dette er vi usamde i. Saladmaster sine kasseroller har ei unik samansetning av dei ulike laga i grytene. Denne spesielle legeringa er med å spre varmen over heile gryta og er godt eigna for å lage sunn mat. Vi er ikkje kjend med at andre gryter har den same legeringa. Både ein Rolls Royce og Lada kan køyre i 80 km/t, men det er ikkje dermed sagt at man får den same koforten, seier Tokvam.

 

Avviser ulovleg marknadsføring

Forbrukerinspektøren har vist at vi kan tilbrede den same maten som Saladmaster i heilt vanlege kasseroller. Kokkeverdsmeister Bent Stiansne kokte grønnsaker uten vatn og steike kylling uten smør eller olje i sine heilt vanlege kasseroller.

- Lav temperatur og ein tett kasserolle er alt som skal til, understrekar Stiansen.

Fleire kundar som har vore på demonstrasjon framhevar at selgarane frå Saladmaster seier det er berre i deira gryter det er mogleg å koke grønnsaker uten vatn og steike kylling uten smør eller olje. Sjølv på demonstrasjonen FBI deltok på sa selgaren at han ikkje kjende til at nokon hadde fått dette til på andre kasseroller.

- Saladmaster seier dei aldri har sagt at det berre er deira kasseroller som kan gjere dette. Viss det er sagt, så er det ei mistyding. Selskapet sel i alt 8 ulike grytesett og desse kasserollene har også denne eigenskapen, så da ville det jo vere dumt at nokon påstår det, forklarar Tokvam.

Kva meinar du? Si din meining her: Saladmaster

 

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)