Handskrift
Foto: Lise Sørensen / NRK

Det skjer noko med handskrifta vår

Mykje tydar på at norske barn blir dårlegare til å skrive. Men er det eigentleg så farleg?

Har du lagt merke til at ein del foreldre bekymrar seg for barna og den moderne skulen?

Frykta har vist seg gjennom tallause kronikkar som åtvarar mot nettbrett og andre digitale verkemiddel. Men også i den daglege praten som foreldre ofte har seg imellom.

«Er det greitt at ein så stor del av læringa er på skjerm? Knotar ikkje dei minste litt vel mykje med handskrifta? Og kvar har det blitt av den sirlege løkkeskrifta vi sjølv lærte i vår eigen barndom?»

Gamle skulebøker frå foreldre og besteforeldre blir leita fram for samanlikning. Ta til dømes desse frå ein familie på Austlandet, skrive av tre ulike generasjonar 9-åringar.

9-åring i 1957

1946-generasjonen - håndskrift

9-åring i 1986

1977-generasjonen haåndskrift

9-åring i 2021

2012-generasjonen – håndskrift

Er det ikkje mogleg å sjå ei utvikling her? Skroll gjerne opp igjen ein gong til for å ta ein nærmare kik.

Dette er ikkje akkurat eksakt vitskap, og det finst heller inga konkret forsking som kan slå fast at dagens norske barn skriv dårlegare enn tidlegare generasjonar. Det finst variasjonar frå skule til skule, frå klasse til klasse, frå årskull til årskull.

Det finst likevel fagfolk som har følgt nøye med på nordmenn si handskrift over mange år. Noko må det vel vere mogleg å seie om korleis ho utviklar seg?

Eit slappare skrivegrep

Ergoterapeut Grete Borgen har hjelpt barn med å skrive i 18 år.

Ho forklarar at handskrift er den mest kompliserte finmotoriske aktiviteten som barn lærer seg. Det er difor ikkje noko nytt at mange strevar med dette. Grete har lagt merke til at fleire gutar knotar.

– Jentene putlar og tutlar. Dei flettar hår og leiker meir med perler. Gutane har ofte større rørsler. Det er ganske tydelege forskjellar i denne alderen.

Grete hjelper elev.

Grete Borgen jobbar som ergoterapeut i Verdal kommune. Ergoterapeutar jobbar med å fremme helse gjennom aktivitet. Her hjelper ho Noah (6 år) og Sam (5 år) med skrivegrepet.

Foto: Lise Sørensen / NRK

Ein tendens er likevel felles for både jenter og gutar. Grete har merka ei tydeleg forandring dei siste åra:

Barn blir svakare.

– Dei har fått eit slappare skrivegrep, med mindre muskelstyrke i skuldrer og armar.

NRK har vore i kontakt med fleire ergoterapeutar rundt om i landet som har gjort den same observasjonen. Det blir diskutert i fagmiljøet om inaktivitet og mindre fri leik ute kan vere nokre av årsakene.

Når Grete er ute på skulebesøk, ser ho at fleire av ungane slit med å få dreis på skrivegrepet.

– I ei klasse på 20 elevar har i snitt to-tre eit svært statisk og lite hensiktsmessig grep.

Grete meiner skrivegrep og skriverørsler må jobbast med allereie i barnehagen. I skulen er det mindre tid og færre vaksne til å rettleie kvar enkelt elev.

I dag er ho invitert til Reinsholm barnehage i Verdal i Trøndelag, for å ha «skrivedans» med dei eldste ungane. Denne øvinga går ut på å trene opp skrivegrepet, altså korleis dei brukar handa og resten av kroppen til å skrive.

Ho samlar 13 forventningsfulle ungar framfor seg, og lærer dei å danse rørslene til eit epletre. I bakgrunnen spelar ho klassisk musikk.

Barna danser

SKRIVEDANS: Frå venstre: Miral (5 år), Olander (6 år), Nathalie (6 år), Lotte (5 år) og pedagogisk leiar i Reinsholm barnehage, Elisabeth F. Olofsson.

Foto: Lise Sørensen / NRK

«Eg er eit lite frø. Med røter til føter.»

Barna reiser seg opp og strekk hendene i vêret.

«Sola gjer meg glad. Då får eg nye blad.»

Etter dansen skal dei teikne det same epletreet med to hender, for å vekke begge hjernehalvdelane. Ergoterapeuten gir dei korte fargestiftar, slik at dei blir nøydd til å halde dei mellom fingrane, i staden for å bruke heile handa.

– Denne gjengen lærer eit funksjonelt grep med tre eller fire fingrar på fargestiften. Då får dei til å røre fingrane når dei teiknar. Når du held handa vridd med mange fingrar, blir det statisk og vondt og det forplantar seg oppover til skuldra, forklarar Grete.

Jente tegner med to hender

SKRIVE MED BEGGE HENDER: Ronja (6 år) øver på skrivegrepet. Ergoterapeut Grete forklarer at mange barn ikkje utviklar ei dominant hand før dei begynner på skulen. Dei brukar difor tid i barnehagen på å observere kva hand barna brukar mest.

Foto: Lise Sørensen / NRK

– Men kvifor er det så viktig å begynne å trene på dette allereie i barnehagen? Får ikkje ungane nok terping på dette når dei begynner på skulen?

– Skrivegrepet blir utvikla frå barna er fire til seks år gamle. Det set seg i ryggmergen i denne alderen. Når dei blir sju-åtte, har toget gått.

Grete forklarar at dei fleste finmotoriske aktivitetar kan lærast og gjenlærast i seinare alder, men at sjølve skrivegrepet er vanskelegare å gjere noko med. Det blir utvikla og automatisert omtrent på same tid som hjernen bestemmer seg for om han skal vere høgre- eller venstrehendt. (Noko som også er rimeleg vanskeleg å forandre på.)

Gjennom lange tider har få ting vore nærmare kopla til identiteten vår enn handskrifta. Autografjegerar har reist land og strand for å sikre seg namnetrekket til idola sine. Vi har signert dokument og kvitteringar som eit slags fingeravtrykk med pennen.

Men det finst også folk som prøver å forfalske si eiga handskrift. Då dukkar ho ofte opp på Kriminalpolitiet sitt hovudkontor på Bryn i Oslo. Der sit nemleg to personar som har studert nordmenn si handskrift i fleire tiår.

Dei må vel også kunne seie noko om korleis det står til med skriveferdigheitene til norske barn?

Ei enklare skrift

Gunhild Isager og Trond Jacobsen jobbar som skriftgranskarar i Kripos. Dei er begge veteranar i bransjen og har vore ekspertar i mange kjente rettssaker.

Jobben deira går ut på å analysere handskrift for å finne ut om nokon har juksa.

Trond stadfestar at å skrive for hand er ein ekstremt komplisert nevromotorisk prosess. Ei god forfalsking er difor svært vanskeleg å få til.

– Vi har ei sjekkliste på rundt 20 punkt som vi ser etter. Det er alt frå storleik på bokstavar, hellingsvinkel, trykk, proporsjonar og skriveretning.

Handskrift frå barn er heldigvis ikkje noko Gunhild og Trond må bryne seg på kvar dag, men det dukkar opp saker frå tid til anna. Gjennom mange år i bransjen har dei sett ei tydeleg utvikling.

Gunhild Isager og Trond Jacobsen

SKRIFTGRANSKARAR: Gunhild bruker mikroskop for å oppdage små nyansar i skrifta. Dei blir begge ofte kalla inn for å bidra i rettssaker. På bildet vitnar Trond i straffesaka mot Laila Anita Bertheussen.

Foto: Erik Inderhaug, Politiforum / Ørn E. Borgen, NTB

– For over 30 år sidan samla vi inn skriftprøver frå 11-åringar på ymse skular. Då såg vi at ungane hadde utvikla ei tydeleg personleg skrift. Det var difor lett å sjå forskjell på elevane, mimrar Gunhild.

For eit par år sidan gjorde skriftgranskarane ei liknande undersøking med eldre elevar på ungdomsskulen. Då var resultatet noko heilt anna.

– Der var det veldig mykje likt, altså. Det var vanskeleg å skilje mellom elevane, seier Trond.

Skriftgranskarane ser ein klar tendens:

Vi skriv enklare enn før, og løkkeskrifta høyrer i all hovudsak til dei eldre generasjonane. Mykje tydar også på at vi skriv saktare.

Korleis påverkar denne trenden jobben dykkar i politiet?

– Det blir vanskelegare da, svarer Gunhild.

Med færre variablar å vurdere, blir jobben som skriftgranskar meir krevjande. Dette er godt nytt for aspirerande kriminelle, men med tanke på barn sine skriveferdigheiter høyrest det kanskje ikkje ut som ein positiv trend?

Med mindre vi snur litt på det, og heller stiller oss det uunngåelege spørsmålet:

Treng vi eigentleg handskrifta?

Vi har jo for lengst fått nye digitale reiskap til å gjere den same jobben. Finst det framleis gode grunnar til å knote med dei gamle kråketeikna?

Vi tar turen vidare til denne saka sin siste stopp: Kommunepsykologen i Ulsteinvik.

Den beste metoden

Tomas Myklebust er psykolog og spesialist i nevropsykologi. Det vil seie at han har spesialkompetanse på korleis hjernen fungerer. Han har tidlegare jobba på klinikk for nevrofag ved Ullevål universitetssykehus, før han flytta tilbake til heimlege trakter i 2019.

I likskap med mange andre småbarnsforeldre interesserer han seg særleg for handskrifta.

– Vi er midt i eit paradigmeskifte for læring. Samfunnet går i ei tydeleg digital retning. Samtidig er det viktig at vi ikkje gløymer hjernehelsa. Vi må ikkje gå oss vill i dei teknologiske moglegheitene, seier Tomas.

Tomas Myklebust

Ein kan diskutere mykje fram og tilbake i den utrøyttelege debatten om nettbrett og ymse digitale verktøy i skulen. Men når det kjem til spørsmålet om kva slags reiskap som fungerer best til læring, er det ifølge nevropsykologen ikkje så mykje å diskutere.

– Læringsutbyttet er vesentleg større når ein skriv for hand i staden for PC og nettbrett. Det er ei etablert sanning som vi ikkje bør oversjå.

Ifølge Tomas er grunnane til dette mange. Her er nokre av faktorane som favoriserer handskrift framfor digitale løysingar.

  1. Handskrift tar lengre tid enn å skrive på tastatur, noko som gjer at hjernen får lengre tid til å behandle informasjonen.
  2. Handskrift krev mykje konsentrasjon, sjølv etter at ein har blitt god til å skrive. Dette gjer oss meir fokuserte, noko som igjen hjelper oss med å ta inn meir informasjon.
  3. Større delar av hjernen er aktive når vi skriv for hand. Multisensorisk læring (det at ein brukar fleire sansar) gir større læringsutbytte. Studium viser også at det er større aktivering i dei sensomotoriske områda i hjernen hos dyktige lesarar enn svake lesarar.
  4. Språksenteret i hjernen (brocas-området) har meir aktivitet når vi skriv for hand.
  5. Fusiform gyrus er området i hjernen som kjenner igjen ansikt. Dette brukar vi også til å kjenne igjen former som ord og bokstavar. Området blir vesentleg meir aktivert av handskrift, samanlikna med skriving på tastatur.

(Les meir om forskinga bak desse punkta i botnen av artikkelen.)

Handskrift står framleis på læreplanen i den norske skulen. Allereie etter andre klasse skal elevane kunne skrive setningar med store og små bokstavar og punktum i eiga handskrift og på tastatur.

Tomas Myklebust ser ikkje vekk ifrå at vi i framtida vil finne enda betre metodar for læring enn dei vi har tilgjengeleg i dag. Han trur ikkje nødvendigvis at handskrift er den endelege fasiten.

– Men enn så lenge er handskrift den mest effektive måten for læring. Metoden er mykje meir effektiv enn sine digitale alternativ, konkluderer Tomas.

Anbefalt vidare lesing: