Selma og Ernst
Foto: Javier Auris / NRK

Dei skjulte bokskattane

OSLO (NRK): Noregs eldste bibliotek ligg i kjellaren på ein vidaregåande skule.

Skulebiblioteket – ein viktig arena for å drive dank, spele kort og flørte med klassekameratar. På Oslo katedralskole har biblioteket derimot ein heilt annan schwung. Her er bøkene eldre enn svartedauden. I alle fall nokre av dei.

Her finn du mellom anna den eldste trykte boka om Noreg, kapitalismens bibel, eventyret om Askepott som kappåt med trollet (ja, faktisk) og hefte frå 1500-talet som ein inntil nyleg ikkje visste eksisterte.

Tredjeklassingen Selma Stavrum (18) viser oss rundt i kjellaren på «Katta», som skulen blir kalla på folkemunne. Ein skjønar raskt kvifor han ofte blir samanlikna med trolldomsskulen Galtvort i Harry Potter-bøkene.

– Dette er den mest morosame boka her. Det er ei sånn svart magibok, som vart funnen under eit kyrkjegolv, seier Selma.

Boka ho held i handa ser ut som ei lita notatbok. Ho vart funnen under golvplankane i Vinje stavkyrkje på 1700-talet, og sidan send til katedralskulen i hovudstaden. No er ho på UNESCOs dokumentarvliste, som ei av dei viktigaste historiske bøkene i Noreg

Vinjeboka

VINJEBOKA: Dette er den eldste magiboka som er bevart i Norden, og den einaste frå katolsk tid. Ho vart skrive av prestar tidleg på 1500-talet og inneheld magiske formlar.

Foto: Javier Auris / NRK

Ønskjer du å sløve eit fiendesverd, avsløre ein tjuv eller kaste forbanning over ein saueflokk? Då bør du lese denne boka.

Vinjeboka er berre ein av mange skattar som skjuler seg i biblioteket. Lengre nede i saka kan du lese om nokre av dei mest spesielle verka.

Selma Marie Bettum Savrum

BERØRINGSANGST: Selma synest det er skummelt å bla i bøker som er verdt fleire millionar kroner, men samlingsforvaltar Ernst Bjerke seier det går bra. «Bøkene er skrivne for å bli lest!»

Foto: Javier Auris / NRK

Elevane blir overraska når dei får vite at dei faktisk kan opne bøkene, og til og med lese dei. Det går til og med rykte om at bunkar av tjukke bøker frå 1600-talet vart brukt som stolar i musikkundervisninga på 1960-talet.

Men korleis kan det eigentleg ha seg at Noregs eldste bibliotek ligg i kjellaren på ein vidaregåande skule?

Noregs vitskaplege senter

Oslo katedralskule er ein av dei eldste skulane i landet. Ifølge tradisjonen vart han oppretta av den katolske kyrkja allereie i 1153. Skulen fekk også sitt eige bibliotek, men under bybrannen i 1686 gjekk både skulen og biblioteket opp i røyk.

Berre ei gammal gresk-latinsk ordbok vart redda frå flammane. No ligg ho på ein pidestall i biblioteket, men kva er det som heng frå bokryggen? Ein kjetting?

– Då vi fekk denne i gåva i 1663, bestemte givaren at boka skulle vere fastlenka i skulen sitt inventar, forklarar samlingsforvaltar Ernst Bjerke.

Kjettingbok

LENKA FAST: I andre europeiske bibliotek frå mellomalderen er det vanleg at alle bøkene er lenka fast til bokhyllene.

Foto: Javier Auris / NRK

I 1719 fekk Oslo katedralskule si første bygning etter bybrannen, og året etter også sitt eige bibliotek. I år feirar det 300-årsjubileum.

Ernst er utdanna historikar. Jobben som samlingsforvaltar for eldgamle bøker passar han difor perfekt. Skrivebordet hans står midt mellom bokhyllene. Han har også skrive fleire bøker om skulen si samling, og driftar Instagram-kontoen «Kattabiblioteket».

Ernst Bjerke

– Før universitetet kom, var katedralskulen det vitskaplege senteret i byen, forklarar Ernst. Skulen dreiv både offentleg bibliotek, botanisk hage, naturhistorisk og historisk museum.

Det er lett å gløyme at Noreg ikkje fekk sitt første universitet før på 1800-talet. Men då hadde nordmenn sjølvsagt kunne lese og skrive i mange hundre år allereie. Nokre av bøkene vi las står på rekke og rad i Oslo katedralskoles gamle bibliotek.

Her er nokre av dei mest spektakulære verka:

1/9: Den eldste boka

Bibel frå 1200-talet

Vi skal tilbake til 1200-talet. På denne tida var Noreg verkeleg i siget. Vi eigde både Island, Grønland, Shetland og Færøyane, i tillegg til store delar av Sverige. Men kva slags bok er det skulebiblioteket har frå den tida?

Bibelen.

Nærmare bestemt ein latinsk bibel, skrive med ørsmå bokstavar for hand. Dette er før papiret kom til Europa, så boka er skrive på pergament (tørka skinn).

– Dette er ein hendig liten studiebibel som var populær på 1200-talet. Før denne kom bibelen gjerne i sånne store utgåver på fleire bind, forklarar Ernst.

2/9: Den første boka om Noreg

Norwegia

Det er ikkje snakk om ei heil bok, men dette er første gongen Noreg er nemnd på trykk i verdslitteraturen. I alle fall dei skriftlege kjeldene vi kjenner til i dag.

Boka er eit latinsk leksikon, skrive av den britiske munken Bartholomeus Anglicus, trykt i 1483. Ut ifrå skildringane kan det verke som dei lugubre rykta frå vikingtida framleis levde i beste velgåande.

– Nordmenn er skildra som jegerar, fiskarar og piratar. Vidare skriv han om den norske naturen og 'ursi albi', dei kvite bjørnane. Ideen om at det finst isbjørnar i Noreg er openbert ganske gammal, seier Ernst.

3/9: Hefta ein ikkje visste eksisterte

Kiel-bok

Forskarar frå inn- og utland kjem ofte innom biblioteket for å leite i bokhyllene. I 2018 gjorde studentar ved Universitetet i St. Andrews eit stort funn!

Mellom dei gamle bøkene fann dei nokre små teologiske hefte frå Kiel på 1520-talet. Hefta var skrive av den tyske predikanten Melchior Hoffman. Han var anabaptist, som var ei kristen rørsle under reformasjonen. Amish-folket i USA er ein variant av denne rørsla.

Men vent litt ... Er det ikkje opplese og vedteke at det ikkje finst litteratur frå Kiel på 1500-talet? Jo, det var det. Fram til 2018.

– Denne vesle bunken er ikkje berre dei einaste kjende tinga som er trykt i Kiel på 1500-talet, men også dei einaste kjende eksemplara. Og dei har berre stått her, seier Ernst og trekkjer på skuldrene.

4/9: Den mest verdifulle boka

Wealth of Nations

Det finst mange svært verdifulle bøker i skulebiblioteket til Oslo Katedralskole. Mange av dei er uerstattelege fordi det ikkje finst andre kjente eksemplar i verda.

Men det er med bøker som med kunst. På marknaden er dei verdt så mykje som folk er villige til å betale for dei.

– Dette er førsteutgåva av Adam Smiths «Wealth of Nations» frå 1776. Ho er nok mogleg å bytte inn i ei leilegheit i Oslo. Det er ikkje den sjeldnaste boka i verda, men ho appellerer til folk med pengar.

Boka blir nemleg sett på som ein slags bibel for kapitalismen.

– Denne boka la grunnlaget for heile samfunnsøkonomien. Ho handlar om førestillinga om fri handel og marknaden som regulerer seg sjølv ut frå pris og etterspurnad. Dette var nye tankar på 1700-talet, forklarar Ernst.

5/9: Den første illustrerte verdshistoria

Nürnbergkrøniken

– Dette er det mest påkosta og gjennomillustrerte verket frå Europa i Mellomalderen. Det er nok ein av mine favorittar, seier Ernst og viser fram ei diger bok.

«Nürnbergkrøniken» vart skrive av den tyske historikaren Hartman Schedel. Boka inneheld 1809 illustrasjonar og tar for seg heile verdshistoria.

– Den begynner med at Gud skapte jorda, så følgjer den stort sett bibelhistoria, men også latinske og greske forfattarar. Boka kom ut i 1493, så han fekk akkurat ikkje med seg oppdaginga av Amerika.

Det betyr likevel ikkje at boka var ferdig. Forfattaren let det nemleg stå igjen tre blanke sider, der eigaren av boka sjølv kunne fylle ut kva som skjedde vidare med verda. Men så skjer det noko pussig. Etter dei tre blanke sidene begynner plutseleg forfattaren å skrive vidare?

– Då kjem nemleg endetida og antikrist og alt det der. Då veit jo forfattaren kva som skjer igjen, så då kan historia halde fram. Så kjem oppstoda, der dei døde dansar og er glade. Så kjem dommedag til slutt.

Han trong ikkje meir enn tre blanke sider før det skulle skje?

– Nei da. Endetida har alltid vore nærme, forklarar Ernst.

6/9: Den første norske barneboka

Folkeeventyr

Har du høyrt eventyret om Askepott som kappåt med trollet?

Ikkje det, nei? Då har du nok ikkje lest den første samla utgåva av Asbjørnsen og Moe sine folkeeventyr frå 1843. Dei to kameratane reiste land og strand for å samle norske eventyr. Og i den første utgåva gjekk Askeladden under namnet Askepott.

Askepot

Dei første trykte folkeeventyra kom ut allereie i 1837. Då vart dei gitt ut som barnebok. Seinare kom eventyra ut som litteratur for vaksne, før dei mange år etter igjen vart barnelitteratur.

– Utgåva frå 1837 er ei uhyre sjeldan sak. Eg trur det finst tre eksemplar som er bevart.

7/9: Wergelands siste ord

Wergelands siste ord

Forfattaren Henrik Wergeland var elev på Oslo katedralskole på 1820-talet. Det skulle difor berre mangle at skulen også har den største samlinga av Wergeland-bøker i verda. Inkludert dei aller siste orda forfattaren skreiv før han døde.

– Han var sjuk i fleire år, og visste nok at det gjekk mot slutten. Dette er det siste kapittelet i sjølverindringane «Hassel-Nødder» som kom ut etter han døde. Stakkars boktrykkar som måtte bruke dette som manuskript. Det var nok ikkje lett å skjøne alt han hadde skrive.

Henrik Wergeland

HENRIK WERGELAND: Forfattaren er i dag kanskje aller mest kjent for kampen mot jødeparagrafen, ei lov som nekta jødar å kome inn i Noreg. Biblioteket har fleire skriv frå forfattaren til ulike stortingsmenn, der han prøver å overtale dei til å fjerne paragrafen. Først seks år etter Wergelands død vart jødeparagrafen fjerna.

Foto: NTB-arkiv / NTB

Skulen har om lag 400 ulike eksemplar av Wergelands litterære verk. Fleire enn 50 av utgåvene inneheld personlege helsingar frå forfattaren. Ernst har også skrive ein katalog over alle dei litterære verka til Wergeland. Katalogen kom ut som bok i haust.

8/9: Den første koranen for Vesten

Koranen

Hausten 1683 var Wien omringa av soldatar frå Det osmanske riket. Riket sentrerte seg rundt Tyrkia, og dekte på dette tidspunktet store delar av Aust-Europa. Klarte dei å erobre Wien ville dei også få fotfeste i Vest-Europa.

Osmanane klarte å aldri å ta kontroll over Wien, men yppinga frå dei turbankledde soldatane gjorde europearane nysgjerrige. Korleis var kulturen deira og kva slags gud trudde dei på?

– Det var ei aukande interesse for islam på den tida. Ein interesserte seg også for språket. Arabisk var ein slektning av hebraisk, som prestane i Europa alltid hadde studert, forklarar Ernst.

9/9: Grunnloven x 2

Grunnloven

Kvar 17. mai går mange av oss rundt med flagg i handa og is på bunadsskoen. Vi feirar bursdagen til den gjeldande grunnloven vår. Det er i alle fall det konge og regjering vil ha oss til å tru. Men stemmer det?

Nope.

Jo da, det vart skrive ein grunnlov på Eidsvoll den 17. mai 1814. Då hadde Noreg forlate ein over 400 år gammal union med Danmark, men det kan verke som den nye riksforsamlinga gløymde at vi var lova vekk til Sverige.

– Grunnloven frå 17. mai vart ugyldig den 4. november 1814. Dei måtte skrive om ein del paragrafar for å mogleggjere unionen med Sverige. Så det er grunnlova frå 4. november som er gjeldande i dag. Svenskane meinte lenge at det var den datoen vi måtte feire som nasjonaldag i Noreg, men 17. mai er jo hyggelegare, seier Ernst.

Skulebiblioteket har originalutgåvene frå både 17. mai (trykt 19. mai) og 4. november i samlinga.

– Heilt unik

I 2019 fekk biblioteket den mest verdifulle norske bokgåva gitt i moderne tid frå Kjell Christian og Anne Marie Ulrichsen. Blant verka finn ein førsteutgåver frå forfattarar som Petter Dass, Ludvig Holberg, Johan Herman Wessel, Johan Sebastian Welhaven og Camilla Collett.

Jurist og boksamlar Cato Schiøtz har ei av dei største private samlingane i Noreg. Han meiner Oslo Katedralskoles boksamling er heilt eineståande.

Cato Schiøtz

– Ho er heilt unik. Det er berre Nasjonalbiblioteket si samling som kan måle seg. Mykje av årsaka til dette er ei rekke kjøp som skulen har gjort sjølv, i tillegg til donasjonane frå ekteparet Ulrichsen, seier Schiøtz.

– Det finst bøker som berre 'Katta' har, og ingen andre. I ein kultur som blir mindre og mindre interessert i dei lange linjer og røter, så er det veldig viktig at denne arven kan bidra til auka kunnskap.

Men kva tenkjer du om at så dyre og verdifulle bøker er samla i eit skulebibliotek, og at elevane får bla i bøkene?

– Eg tenkjer det er positivt. Skulen kan formidle bøkene på ein heilt annan måte. Desse Wergeland-bøkene hadde nok støva ned på eit offentleg bibliotek. Men det er veldig rart at elevane får lov til å bla i bøkene, seier Schiøtz.

Ja, kanskje det er litt rart?

– Kvifor får dei lov til det, Ernst?

– Nokre bøker i samlinga er skjøre, men dei aller fleste toler godt forsiktig bruk. Biblioteket skal ikkje vere ei død samling, der bøkene støvar ned i mørkeret. Det gjer stort inntrykk på elevane å kunne halde eller lese litt i ei bok som er blitt til for mange hundre år sidan. Det skapar ein heilt eigen følelse av kontakt med historia, og ikkje minst difor behandlar elevane også bøkene med respekt, forklarar Ernst.

PS: Du må heller ikkje vere elev på Oslo katedralskole for å besøke biblioteket. På skulen sine nettsider kan du finne e-posten til Ernst, og booke ein besøksavtale med Noregs eldste bibliotek.

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Sjekk gjerne ut saka eg skreiv om mannen som vart kalla både nazist og rasist, og som lenge var Noregs mest populære forfattar

Anbefalt vidare lesing: