Gaspar Borchardt
Foto: Karl Erik Brøndbo

Draumen om den perfekte fiolinen

Gaspar Borchardt trassar bandittar og landminer for å få tak i eit heilt spesielt tre – høgt oppe i den bosniske fjellheimen.

På starten av 1700-talet bygde Antonio Stradivari fiolinar i den vesle italienske byen Cremona. I dag er nokre av instrumenta hans verdsett for over 100 millionar kroner per stykk.

Det finst nok av folk som har prøvd å kopiere meisteren. Likevel hevdar mange at ingen har klart å bygge like gode fiolinar, verken før eller sidan.

1719 Stradivarius (FOTO: Sotheby)

Gaspar Borchardt flytta frå Tyskland til Cremona på starten av 1980-talet, med ein draum om å bygge verdas beste fiolin.

Her har han utdanna seg som instrumentmakar, gifta seg, fått barn og bygd fleire hundre fiolinar. Men han er framleis ikkje nøgd med kva han har fått til.

– Det høyrest sikkert crazy ut, men eg vil ikkje forlate dette livet utan å ha prøvd å bygge eit like bra instrument som Stradivari, seier Gaspar.

Det er berre det at Gaspar har prøvd; kvar dag i over 30 år har han strevd med å bygge den perfekte fiolinen. Han har soge til seg kunnskap, utvikla eit finstemt øyre for akustikk og blitt ein særs dyktig handverkar.

Så kva manglar?

– Det eg verkeleg treng er ekstremt godt treverk – tre betre enn nokon har sett før i vår tid.

Gaspar Borchardt

FIOLINBYGGJAR: Gaspar Borchardt i verkstaden sin i Cremona. I den vesle italienske byen bur det inkje mindre enn 180 fiolinbyggjarar.

Foto: Karl Erik Brøndbo

Gaspar ønskjer seg den same typen tre som Stradivari brukte: ei flammelønn frå dei bosniske skogane. Ho skal vere 2–300 år gammal, rett med tette årringar. Ho bør også bli hogd på vinteren, og i den riktige månefasen, når treet er på sitt lettaste.

I 2015 bestemmer fiolinbyggjaren seg for å gjere alt han kan for å finne treet han drøymer om.

Men ein kan ikkje berre vandre inn i den bosniske fjellheimen og hente eit tre. Landet er framleis sterkt prega av krigen på 1990-talet, då over 2 millionar landminer vart lagt ut i naturen.

Å ferdast i bosnisk skog inneber stor risiko.

Miner og bandittar

Eit norsk filmteam høyrde gjetord om Gaspar sine planar, og besøkte han i Cremona.

– Gaspar fanga merksemda vår fordi han var ein svært dedikert handverkar, med ein draum om å lage eit meisterverk. Vi var også nysgjerrige på kvifor fiolinar er så utruleg kostbare, seier regissør Hans Lukas Hansen.

Hans Lukas Hansen (Foto: Patrik Da Silva Sæther)

Filmteamet bestemde seg for å bli med fiolinbyggjaren til Bosnia, sjølv om turen moglegvis ikkje kom til å innfri alle HMS-krav. Landminer var heller ikkje den einaste faren.

– Trea blir ofte hogd ulovleg i nasjonalt freda skogområde, og seld av bandar for skyhøge summar. Skogsvaktarar fortalde oss at dei hadde skote og drepe tjuvar som hadde prøvd å knabbe trea.

Dei høyrde også historier om ei uløyst drapsgåte: Ein professor i botanikk hadde blitt funnen drepen i ein skog, ikkje langt unna verdifull flammelønn.

Bosnisk flammelønn er ikkje noko ein kjøper i butikk eller på internett. Det finst svært få tre igjen av riktig kvalitet. Gaspar måtte bruke lang tid på å finne dei riktige kontaktane som kanskje kunne hjelpe han «for the right price». Så måtte han vente i fleire veker på svar – før telefonen plutseleg ringde.

Den første turen til Bosnia gjekk inn i ein minelagt skog, der han måtte gå like bak ryggen til ein guide med metalldetektor. Sommaren året før hadde ein bonde funne to hjortar som var sprengd i fillebitar ved sidan av ein traktorveg i nærområdet.

Skilt - landmine Bosnia

EIT VANLEG SYN: Krigen i Bosnia varte frå 1992 til 1995. Landet er framleis forsøpla med tusenvis av udetonerte landminer. Minene blir kalla «skogen sine forsvararar», fordi dei gjer skogdrift svært vanskeleg.

Foto: Karl Erik Brøndbo / Norsk Fjernsyn

Då Gaspar etter fleire timar med varsame skritt endeleg kom fram til flammelønna, viste ho seg å vere altfor lita – bomtur.

Fem månadar seinare vart han tipsa om ein trestokk som hadde kome inn til eit sagbruk utanfor hovudstaden Sarajevo. Men treforhandlaren vart mistenksam då Gaspar kom med eit filmteam på slep, og bad dei om å skru av kameraet.

Treforhandlarane i Bosnia er fullstendig klar over kor desperate mange fiolinbyggjarar er, og pressar prisane til himmels. Prisen for trestokken utanfor Sarajevo: 200.000 kr.

Litt i dyraste laget for Gaspar.

– Filmteamet sa til meg at eg var ein god skodespelar, for eg såg så lei meg ut. Men eg var verkeleg lei meg, for den trestokken var av ypparste kvalitet, mimrar han.

Ni månadar seinare var det klart for nok ein skogstur. Han møtte guiden ein grytidleg morgon, utanfor det som kunne sjå ut som eit utbomba betonghus.

– Vi må reise så snart som mogleg, for det vi no skal gjere er ulovleg. Og vi ønskjer ikkje merksemd frå lokalbefolkninga, sa guiden.

Gaspar nikka. Han var i ferd med å krysse ei grense. Den koselege fiolinbyggjaren skulle snike seg inn i ein privat skog, og moglegvis stele eit svært sjeldan tre.

Kor høg pris var han eigentleg villig til å betale?

Det perfekte treet

Den norske fiolinbyggjaren Jacob von der Lippe er også utdanna i Cremona, og har til dømes laga fiolin for Arve Tellefsen. Han er naturlegvis svært interessert i godt treverk, men har likevel ingen planar om å følgje i Gaspar sine fotspor.

– Å handle flammelønn i Bosnia er problematisk. Det er eit område som er prega av mykje konflikt, og prisane er pressa skyhøgt. Treforhandlarane kan eg heller ikkje seie så mykje pent om. Der er det nok mykje som blir omsett utan faktura, seier von der Lippe.

Arve Tellefsen og Jacob von der Lippe

FRÅ SKAPAR TIL SPELAR: Jacob von der Lippe har laga ein kopi av Arve Tellefsens kjente Guarneri del Gesú-fiolin frå 1742. Tellefsen selde originalen for 80 millionar kroner i 2017, men får likevel lov til å bruke instrumentet til han døyr.

Foto: privat

Han er heller ikkje overtydd om at den bosniske lønna nødvendigvis er så mykje betre enn anna lønn.

– Bosnisk flammelønn går for å vere den beste, men det blir litt som å kjøpe ein god raudvin frå eit spesifikt område. I USA finst det mange som brukar amerikansk lønn. Det kan også fungere godt.

Tilbake i den bosniske fjellskogen: Gaspar hadde endeleg funne treet han leita etter, 1200 meter over havet. Og treet var i hans auge heilt perfekt – ei 300 år gammal bosnisk flammelønn.

– Det var eit fantastisk tre, ein diamant, mimrar Gaspar.

Guiden hadde med motorsag – alt låg til rette for at fiolinbyggjaren endeleg kunne få lage sin beste fiolin. Gaspar klemte treet, han lukta på det og snakka med det.

Så lét han treet bli ståande.

– Det var slik ein nydeleg verdsarv, så eg kunne ikkje felle det. Det finst veldig få slike tre igjen, forklarar han.

Godt nytt for treet, dårleg nytt for regissør Hans Lukas, som plutseleg gjekk glipp av det store klimakset i filmen sin.

– Herregud! Vi stod der med eit perfekt tre, så felte han det ikkje? Eg prøvde å snakke med han. Var han verkeleg sikker på dette? Ville ikkje dette vere bra for han? Men nei, han var sikker i si sak, mimrar Hans Lukas.

Nok ein gong reiste Gaspar tilbake til Italia, utan flammelønn i bagasjen.

Gamle sanningar blir utfordra

Tilbake i Cremona begynte Gaspar å forsone seg med situasjonen. Han tok ned kartet over Bosnia som han hadde på veggen i verkstaden sin, og kasta det i søpla.

Draumen hans, om å ein gong lage ein like bra fiolin som Antonio Stradivari, var i ferd med å falme.

Kanskje det var på tide å få Gaspar til å justere målestokken litt. For er det verkeleg slik at fiolinane til Stradivari er så mykje betre enn moderne fiolinar?

Det er ingen tvil om at Gaspar har enorm kunnskap om fiolinar og treverk, men han er også ein romantikar. Vi må ikkje gløyme at han er typen som både klemmer og snakkar med bosniske tre. Kva seier vitskapen om dette?

fiolin

TREVERK I FIOLIN: Resonanskassa til fiolinen består av to typar tre: Topplokket er laga av gran. Det er lett, har lite harpiks (kvae) og lange fiber (celler). Når fiolinisten stryk bogen over strengane, begynner treet å vibrere. Botnen og sargen (ramma) er laga av lønn. Det er tyngre, meir kompakt med korte fiber. Det skal ikkje vibrere noko særleg, men slå lyden tilbake ut i rommet, som ein høgtalar.

Foto: Karl Erik Brøndbo

Det første vi kan slå fast er at det finst skilnadar på gamle og nye fiolinar. Ikkje nødvendigvis fordi handverket er betre, men fordi eigenskapane til treverket kan forandre seg over tid.

Ifølge professor i treteknikk Olav Høibø er det vist at treverk blir stivare og stivare fram til det er om lag 300 år.

– Det er gunstig for lydhastigheita og evna trevirket har til å spreie lyd til omgjevnadane. Sånn sett har Stradivarius ein ideell årgang.

Men sjølv om det finst ein skilnad i klang, betyr ikkje det nødvendigvis at dei gamle fiolinane er betre.

I september 2012 inviterte dr. Claudia Fritz ti profesjonelle fiolinistar til Paris. Hit hadde ho også samla 13 moderne fiolinar, i tillegg til ni italienske klassikarar, seks av desse var laga av Antonio Stradivari. Fiolinistane skulle prøve dei ulike instrumenta, med bind for auga, slik at dei ikkje visste kva slags instrument dei spelte på.

Resultatet skaka den klassiske musikkverda. Det viste seg nemleg at fiolinistane i all hovudsak føretrekte dei moderne fiolinane!

Fiolin

DYRE TONAR: Ein moderne fiolin i god kvalitet kostar rundt 200.000 kr. Til samanlikning vart stradivariusen «Lady Blunt» seld for nærmare 16 millionar dollar i 2011. Fiolinisten på bildet er Camilla Kjøll. Ho spelar på ein fiolin laga av Giovanni Battista Guadagnini i 1747.

Foto: Karl Erik Brøndbo

Mange brukte testen som eit bevis på at nye fiolinar kan vere minst like bra som dei gamle meisterverka. Det viser seg likevel at mange føretrekker lyden av ein Stradivari-fiolin, så lenge dei veit at det er ein Stradivari.

Akustikkprofessor Peter Svensson meiner at prisen på ein fiolin vil påverke det vi høyrer, spesielt om han kostar 100 millionar kroner.

– Hjernen vil fortelje deg at dette høyrest fantastisk bra ut. Han tar inn veldig mykje anna som påverkar vår oppleving av lyden.

Svensson viser til eit forskingseksperiment som vart gjort i 2008, der nokre personar fekk høyre lyden av ein bil som køyrde forbi, samtidig som dei fekk sjå bilde av fire ulike sportsbilar: ein raud, ein lysegrøn, ein mørkegrøn og ein blå.

– Det viste seg at då dei fekk sjå bilde av den raude bilen, så opplevde dei lyden som litt sterkare! Resultatet var signifikant. Det finst fleire slike døme på at hjernen spelar oss eit puss.

Raud sportsbil

Gaspar vedgår at mange av dei moderne fiolinane kan ha like gode kvalitetar, men meiner likevel at Stradivari sine fiolinar har noko vitskapen ikkje kan måle.

– Alle dei beste fiolinistane i verda ønskjer seg ein Stradivari, fordi han la igjen sjela si i instrumentet. Nokre musikarar seier også at dei likar fiolinane eg lagar, fordi dei ser sjela mi.

Gaspars norske kollega Jacob von der Lippe trur vi kan vere på veg inn i ein ny gullalder for fiolinbygging.

– Dei gamle meistrane perfeksjonerte handverket fram til 1750-talet, men så døydde mykje av kunnskapen ut. Sidan har ikkje nivået vore det same. Fiolinbyggjarar har sete mykje i einsemd og halde på løyndomane sine, men slik er det ikkje lenger. Internett har revolusjonert bransjen. No er det mykje meir utveksling av kunnskap på tvers av fagmiljø, seier von der Lippe.

Ein siste tur

Eit år etter at Gaspar let treet stå igjen i skogen, fekk han ein ny overraskande telefon frå guiden sin i Bosnia. Eit stort tre hadde blitt felt under ei minerydding. Guiden hadde klart å gøyme det under nokre greiner.

Om Gaspar var interessert, måtte han kome med ein einaste gong.

Og Gaspar drog, og Gaspar kom, og Gaspar køyrde med bil på humpete vegar langt inn i den bosniske fjellskogen, og der, godt gøymd under granbar, låg ein tjukk stokk av ekte bosnisk flammelønn.

Sjå dokumentaren om Gaspar her:

En dokumentar om jakten på det perfekte treet for å lage den fullkomne fiolinen. Dette er fortellingen om magisk treverk, mestere, villmark og banditter. Om ufattelige verdier og fantastisk musikk

En dokumentar om jakten på det perfekte treet for å lage den fullkomne fiolinen. Dette er fortellingen om magisk treverk, mestere, villmark og banditter. Om ufattelige verdier og fantastisk musikk

Anbefalt vidare lesing:

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Sjekk gjerne ut saka eg skreiv om jakta på Bjørnson-fiolinen i 2016.