Virus Ourtbreak Las Vegas
Foto: John Locher / AP

Kampen om ytringane

Den offentlege debatten er i større og større grad på sosiale medium. Kven skal få lov til å halde mikrofonen?

I november 2020 såg eg fleire legge ut denne meldinga på Facebook:

«Følg meg på Parler – eit sosialt medium utan sensur!»

Det var ikkje første gongen eg hadde sett omtale av nye sosiale medium, men så langt hadde få lukkast med å utfordre gigantar som Facebook og Twitter. Sjølv ikkje Google, med sitt alternativ Google+, klarte å konkurrere med gigantane.

Eg gav det likevel ein sjanse og laga meg ein konto på parler.com. Nettstaden kunne minne mykje om Twitter i utsjånad. Inntrykket var at majoriteten av brukarane høyrde til eit godt stykke ute på høgresida av amerikansk politikk. Det florerte av konspirasjonsteoriar og mange av medlemane var skeptiske til redaktørstyrte medium.

Det mest påfallande var likevel kor mange av brukarane som hata Facebook og Twitter. Dei var lei av å få postane og gruppene sine sletta. Parler var ein Edens hage for ytringar som ikkje vart godtatt av dei etablerte.

På eit tidspunkt mot slutten av fjoråret var appen den mest nedlasta i heile USA.

***

To månadar seinare held verda pusten.

Ei rørsle som i lange tider berre hadde vrimla inne på internettet, hamna plutseleg ute i den verkelege fysiske verda, og storma det som i utgangspunktet skulle vere ei av dei mest ustormelege bygningane i verda.

Planlegginga av å angripe den amerikanske kongressen i Washington D.C. gjekk føre seg openlyst på internett. Men få trudde at det faktisk skulle skje på ekte.

Capitol

EIT HISTORISK AUGEBLIKK: Den 6. januar 2021 vart den amerikanske kongressbygninga storma for første gong på 207 år. Førre gong det skjedde var under krigen mot Storbritannia i 1814.

Foto: STEPHANIE KEITH / Reuters

Jared Holt, forskar på ekstremisme i USA, var ein av dei som sat og følgde med planlegginga i ulike sosiale medium. I eit intervju med NPR sa han følgande:

– Ei utfordring med jobben min er at retorikken i ekstremistiske miljø er ekstrem heile tida. Han var svært intens i forkant av protesten, men som regel er det ein stor skilnad på å kome med ekstreme ytringar og å gjere ekstreme handlingar.

Denne gongen var det altså ingen skilnad.

Kampen mot feilinformasjonen

Eg ringer journalist Jane Lytvynenko for å prøve å skjøne meir av korleis dette kunne skje.

Ho har spesialisert seg på feilinformasjon på internett, og dekkjer til vanleg sosiale medium for amerikanske Buzzfeed. Nettstaden var tidlegare mest kjent for lettbeinte quizar og lister, men har dei siste åra segla opp til å bli eit akta mediehus med spesialkompetanse på digitale medium.

– Dei store selskapa gjorde lite for å stanse usanne ytringar fram til starten av 2020, seier Lytvynenko.

Jane Lytvynenko / privat

Jau da, dei hadde brukt eksterne faktasjekkarar ei stund, men i løpet av dette året skjedde det visst nok fleire hendingar som gjorde at dei etablerte sosiale media verkeleg begynte å trappe opp kampen mot villeiande informasjon.

– Då covid-19 kom til Nord-Amerika, vart det tydeleg at feilinformasjon kunne gjere stor skade på samfunnet. Det vart enklare for plattformene å ta større grep, for det handla ikkje om politikk, men om tryggleik, forklarar ho.

Mot sommaren sette Black lives matter-rørsla ytterlegare press på Facebook for å stanse hatefulle ytringar. Store aktørar som Coca-Cola og Levi Strauss ville ikkje betale for reklameplass ved sidan av rasistisk innhald, og slutta for ei periode å annonsere på plattforma, noko som gjorde at Facebook-sjef Mark Zuckerberg tapte fleire milliardar kroner.

Hausten 2020 begynte Facebook også å fjerne grupper som var knytt til den populære konspirasjonsrørsla QAnon. Kort fortalt går hovudteorien deira ut på at det finst eit hemmeleg nettverk av politikarar og Hollywood-kjendisar som styrer verda. Medlemane av nettverket skal ifølge teorien drive med lugubre aktivitetar som satanisme, pedofili og kannibalisme. (Det finst ingen bevis for at desse påstandane er sanne. Berre så det er sagt.)

Save the children

VANSKELEG Å VERE UEINIG MED DENNE KAREN: Det kan med første augekast verke som at denne plakaten har eit sympatisk bodskap. Men det demonstranten altså meiner er at vi må redde barn frå den hemmelege pedofile eliten.

Foto: Stephanie Keith / Reuters

Dei etablerte sosiale media vart dermed mindre trivelege for mellom anna korona-skeptikarar, rasistar og QAnon-tilhengarar.

– Folk hissa seg opp – spesielt dei som var overtydd om at dei usanne ytringane var sanne. Vi såg at feilinformasjon verkeleg begynte å spreie seg på andre plattformer som Parler, Gab, Telegram, 8chan og 4chan.

Ein kunne sagt mykje om den amerikanske presidenten si rolle i å spreie usanningar på sosiale medium, spesielt under valkampen. Men lat oss heller hoppe rett til valdagen, tysdag 3. november 2020.

Då la Donald Trump ut ei melding på Twitter om at dei (demokratane) prøvde å stele valet. Det skulle vi (presidenten og tilhengarane hans) aldri la dei få lov til.

Omtrent samtidig vart gruppa «Stop the steal» oppretta på Facebook. Det skulle ta to dagar før ho vart fjerna. Då hadde ho over 300.000 medlemar.

(For ordens skuld: det finst heller ingen bevis på at det amerikanske valet vart stole.)

«Ikkje post bilde av bæsjen din»

I kjølvatnet av valresultatet opplevde Parler ei tilstrøyming av fleire millionar nye brukarar. Nokre var nok berre nysgjerrigperar som meg, men det var tydeleg at svært mange også var interessert i å diskutere valresultatet.

Nettstaden hadde eksistert sidan 2018, og profilerte seg som ei upartisk plattform der ytringsfridomen var viktig. Milliardærarving og Trump-tilhengar Rebekah Mercer var ein av grunnleggjarane.

I løpet av 2020 hadde fleire profilerte personar bidratt til å legitimere nettstaden. Den republikanske senatoren Ted Cruz hadde vore aktiv brukar heilt sidan sommaren. Det same hadde fleire medieprofilar frå til dømes Fox News. Plutseleg fekk Parler merksemd frå heile verda.

Parler hadde blitt den store samlingsplassen for dei som var overtydd om at demokratane i USA hadde stole valet. No lurte mange på om nettstaden kunne bli ein reell utfordrar til Facebook og Twitter.

Foto: Facebook, Twitter, Parler, NTB Stockfoto

– Det fanst ei vesentleg gruppe menneske som var djupt skuffa over dei etablerte plattformene. Det kunne verke som oppstyret rundt valresultatet var den siste dropen for mange, seier Lytvynenko.

Det finst likevel eit par utfordringar som går igjen hos nye alternative sosiale medium som forsøker å utfordre dei store gigantane.

1: Sosiale medium heilt utan reglar har ein tendens til å bli ganske mørke. Gab har for lengst blitt stempla som ein møteplass for nazistar og fascistar. På sider som 4chan og 8chan florerer det av overgrepsbilde av barn og terroristar som filmar seg sjølv.

Parler har difor faktisk eit par reglar: Ingen kriminelle ytringar, og ingen spam. I fjor sommar måtte sjefen for nettstaden også gå ut med nokre spesifikke reglar til: Ingen porno, ikkje sei at du skal drepe folk i kommentarfelta, og ikkje legg ut bilde av din eigen bæsj.

FOTO: Stockfoto / NTB

2: Diskusjonsforum der alle meiner det same som deg kan også bli ganske keisame.

– Trump-tilhengarar ønskjer å vere ein del av ein større samtale. Dei ønskjer å nå ut til eit større publikum. Det er ikkje like moro og interessant når alle er einige, seier Lytvynenko.

Mot slutten av 2020 begynte interessa for Parler å minke. Den kraftige brukarveksten hadde stoppa opp. Nettstaden vart skildra som eit ekkokammer. Mange av dei profilerte brukarane på Parler var framleis aktive på Facebook og Twitter, sjølv om dei fleire gongar hadde sagt at dei ikkje heldt ut meir.

Donald Trump vann heller ikkje fram med nokre av søksmåla mot delstatar som han meinte hadde ugyldige valresultat.

Var misnøya kanskje i ferd med å roe seg?

Nope.

6. januar 2021

Frå sofaen i stova følgde eg nyheitssendinga frå Washington D.C. Bilda på TV-skjermen var heilt absurde. Tusenvis av demonstrantar vandra rundt inne i kongressen. Slagord, logoar og memer frå ulike internettforum var synlege på plakatar og kleda deira.

Nokre av dei såg sinte ut, men dei fleste såg meir ut som om dei var turistar på ferie, som gjekk rundt og filma med mobiltelefonane sine.

Capitol

NYTT PROFILBILDE: Bruken av mobiltelefonar var påfallande då kongressen vart storma.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Det slo meg at dette måtte vere eit svært bra tidspunkt å sjekke Parler.

Akkurat den tanken var det nok ganske mange andre som også hadde, for då eg prøvde å logge meg inn, kom eg ikkje inn på sida.

Dagen etter kom det fram at mykje av planlegginga skjedde på Facebook og Twitter, men også på andre nettstadar som Parler. Det vart delt tips til kva slags gater ein burde ta for å unngå politiet og kva slags utstyr ein burde ta med for å bryte seg inn dører. Fleire skreiv også om å ta med seg våpen inn i kongressen.

Under demonstrasjonen vart over 500 videoar lasta opp på Parler. Nok ein gong strøyma millionar av nye brukarar til. Då Facebook og Twitter stengde Donald Trumps private kontoar (den formelle Twitter-kontoen til presidenten vart ikkje stengd), svirra rykta om at presidenten kom til å opprette brukar på Parler.

Festen fekk likevel ein brå slutt.

9. januar fjerna både Apple og Google appen frå butikken sin. Dagen etter kom den endelege kroken på døra då Amazon fjerna Parler frå serverane sine.

Sidan har det vore relativt stille. Dei glade demonstrantane som gjekk rundt og filma seg sjølv i Kongressen vart ein etter ein oppsøkt av FBI. Konsekvensane av storminga viste seg å vere mykje alvorlegare enn det først såg ut som. Fem personar døde, og mange politimenn vart banka opp.

Då det var snakk om ein større demonstrasjon utanfor hovudkontoret til Twitter i San Francisco, stod 30 politifolk klar for å sørge for ro og orden. Éin demonstrant og to motdemonstrantar møtte opp.

Ytringsfridomen under press?

På nokre få dagar hadde dei største teknologiselskapa i verda vist kor mykje makt dei har. Dei hadde 1: skrudd av mikrofonen til «verdas mektigaste mann», og 2: stengt ein av dei mest populære møteplassane til følgjarane hans.

Varslaren Edward Snowden kalla utestenginga av Trump frå Facebook for «eit vendepunkt i kampen om kontrollen av digitale ytringar».

På Twitter minte han følgjarane sine på at verda kjem til å halde fram med å eksistere også etter at Trump sluttar som president.

FILE PHOTO: Edward Snowden speaks via video link during a news conference in New York

VARSLAR: Edward Snowden vart kjent for heile verda i 2013 då han lekka gradert informasjon om amerikansk etteretning til pressa. Han er sikta for spionasje og tjuveri av statleg eigedom og bur for tida i Russland.

Foto: Brendan Mcdermid / Reuters

Når dei store selskapa først har kryssa grensa ein gong: Vil dei krysse ho igjen?

– Det er svært problematisk at Twitter, Facebook, Google, Apple og Amazon samstemt stenger ute Trump og hans sympatisørar, seier Reidun Kjelling Nybø.

Den assisterande generalsekretæren i Norsk Redaktørforening er sjølvsagt klar over at dette er private selskap, som kan praktisere sine eigne publiseringsreglar, men ho er likevel djupt bekymra for kva dette potensielt kan føre med seg.

Reidun Kjelling Nybø / Hans Trygve Holm

– Når vi flyttar samtalane til andre forum, blir det vanskelegare for politi, myndigheiter og medium å følgje med. Dei forsvinn ut av den offentlege debatten, og meiningane blir i mindre grad motsagt. Så er eg også bekymra for at den kollektive fjerninga nører opp under konspirasjonsteoriane som allereie finst der ute.

Dei siste dagane har millionar av nye brukarar strøyma til meldingstenestene Signal og Telegram. På sistnemnde har den høgreradikale gruppa «Proud Boys» organisert seg, medan dei ventar på at Parler skal kome tilbake. På desse tenestene er det lettare å bevare anonymiteten, då plattformene ikkje lagrar informasjon om deg som dei etablerte sosiale media.

Reidun Kjelling Nybø meiner det er lett å seie at det ikkje handlar om ytringsfridom, fordi desse haldningane og ytringane er så fjernt frå kva mange av oss står for.

– Men så må vi hugse på at ytringsfridomen nettopp handlar om å tillate ytringar vi ikkje likar, ja til og med dei vi finn motbydelege. Den kollektive utestenginga fremmer eit bodskap om at det er greitt å ikkje sleppe til folk med meiningar vi ikkje einige i.

Men kva om desse meiningane er usanne, og i tillegg er ei fare for demokratiet?

– Vi må ikkje gløyme at frykta for oppviglarar har blitt brukt av totalitære regime til alle tider. Skal vi tolke ei ytterleggåande ytring i lys av kva den kan føre til? Då får vi det travelt, og ein innskrenka debatt. Og kven skal bestemme og styre kva som er løgn og sanning? Vi må møte løgn med fakta og motargument.

Nybø har mange med seg i å meine at det var gale av Twitter å fjerne den private brukarkontoen til Trump. Mellom anna den tyske forbundskanslaren Angela Merkel og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Men kva med den vesle skrifta Trump trykka at han godtok då han vart medlem av plattforma?

Brotne avtalar

– Eg skjønar godt kvifor Twitter gjorde som dei gjorde. Trump hadde brote brukarvilkåra som han godtok då han lasta ned appen, seier forfattar og kommentator Sven Egil Omdal.

Sven Egil Omdal / privat

Han seier det same gjeld forholdet mellom Parler og serverparken til Amazon. Ei kontrakt hadde blitt broten, avtalen vart dermed terminert.

Du tenkjer ikkje at det var eit angrip på ytringsfridomen?

– Nei, det argumentet held ikkje når det gjeld Trump. Vi må skilje mellom ytringsfridom og ytringsmoglegheiter. Han kunne kalla inn til pressekonferanse i Det kvite hus, og heile verdspressa ville møtt opp. Vi må sjå på kva slags alternativ han har.

IT-ekspert Torgeir Waterhouse meiner det er problematisk at ikkje Trump vart stengt ute mykje tidlegare.

– Det er så opplagt at måten han har brukt sin konto på har vore i strid med vilkåra. Andre får sine kontoar stengt for liknande oppførsel.

Torgeir Waterhouse / IKT NORGE

Det har fleire gongar vist seg kor krevjande det er for sosiale medium å regulere plattformene sine. Dei er vanskeleg for dei å vere konsekvente fordi det finst så utruleg mange kompliserte vurderingar å ta med i reknestykket.

Ut ifrå brukarvilkåra meiner Waterhouse at tilfella med Trump og Parler eigentleg er ganske ryddige. Han meiner likevel at vi bør stille oss dette spørsmålet:

– Har desse tenestene fått ein så stor posisjon i samfunnet at dei ikkje burde få lov til å definere vilkåra heilt sjølv og avslutte avtalane sine med brukarane? Om ikkje, skal andre kunne gjere det for dei?

***

Er det eigentleg så bra for demokratiet at nokre få datanerdar i California har så mykje makt?

(Ikkje at det er noko gale med å vere datanerd, altså. Men heller det at ei så lita gruppe menneske, som ikkje er folkevalde, har så mykje makt over verda.)

trgqsb1oDRs

MEKTIGE MENN: Twitter-sjef Jack Dorsey, Google-sjef Sundar Pichai og Facebook-sjef Mark Zuckerberg.

Foto: Jose Luis Magana, LM Otero, Jens Meyer / AP

Det verkar som at dei aller fleste, uansett politisk ståstad, svarar eit tydeleg NEI på det spørsmålet. No spår mange at dei store teknologiselskapa må vente seg større reguleringar, både frå EU og på nasjonalt nivå.

– Eg samanliknar sosiale medium ofte med bilindustrien. Vi er framleis på dei første bilane, og diskuterer om vi skal få lov til å køyre kvar vi vil, med kva vi vil. I starten var svaret alltid «sjølvsagt». Vi har brukt over 100 år på å kome dit vi er no. Det skumle er om vi gjer noko eller lar vere å gjere noko i affekt. Vi må ha is nok i magen, og forstå konsekvensane for det vi bestemmer oss for, seier Waterhouse.

PS: I skrivande stund har USA fått ny president, medan Trump framleis ikkje har konto på verken Facebook eller Twitter. Parler er framleis nede, men ifølge Fox News planlegg plattforma å vere tilbake igjen før enden av januar 2021.

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! 

Anbefalt vidare lesing:

NRKbeta: Millioner av mennesker bytter meldingstjeneste. Dette trenger du å vite.