Beyoncé på Grammy-utdelinga, 4. februar 2024.
Foto: Kevin Mazur / Getty Images for The Recording A

Beyoncé – dronninga av country

Korleis klarte ein av verdas største svarte artistar å erobre USAs kvitaste musikksjanger?

I ein reklamefilm for eit amerikansk teleselskap, midt under Super Bowl, sleppte ho den store nyheita: Beyoncé, Queen B, artisten med flest Grammy-prisar i verdshistoria, gir ut ny musikk.

Få minutt seinare var låtane «Texas Hold ’em» og «16 Carriages» ute på internettet. Men kva var dette? Banjo, steelgitar og tramping med cowboystøvlar?

Country?!?

Mange løftar augebryna når den svarte popstjerna no skal gi ut eit heilt album med USAs kvitaste musikksjanger.

Men om vi granskar karrieren hennar så langt, gir den nye karrierevegen meining. Beyoncé er nemleg på krigsstien, og country er slagmarka.

Sommarfugl i countryland

Beyoncé Giselle Knowles-Carter (42) vaks opp i Houston, Texas, midt i tjukkaste country-land. I barndomen vart ho og veslesøstera tatt med til byens store rodeo, der det krydde av oksar, hestar og cowboyhattar.

Beyoncé og veslesøstera Solange, oktober 1990.

TO SØSTRER: Beyoncé (9) og veslesøstera Solange (4) pyntar med julekuler i heimen deira i Houston, Texas.

Foto: Paul S. Howel / Houston Chronicle

Likevel var det utenkjeleg for den songglade jenta å bli country-artist. For kvar var dei svarte forbilda i musikksjangeren?

Totalt fråverande.

Det har vore, og er framleis, svært få svarte country-artistar. Då var det meir naturleg for unge Beyoncé å lene seg i retning pop og R&B. Som niåring vart ho med i jentegruppa Girl’s Tyme, som seinare skifta namn til Destiny's Child. Gruppa toppa hitlistene, vann Grammy-prisar og selde millionar av plater.

Destiny's Child under Grammy-utdelinga, 2001.

UNGDOMSSTJERNER: Kelly Rowland, Beyoncé Knowles og Michelle Williams utgjorde Destiny's Child. Gruppa var aktiv frå 1990 til 2006.

Foto: Mark J. Terrill / AP

På 2000-talet gjekk ho solo og gifta seg med rapparen Jay Z. Ho heldt fram med å toppe listene med monsterhittar som «Crazy in Love», «Halo» og «Single Ladies». Grammy-prisane rann inn, og platene rann ut i eit endå større tempo enn før.

I mange år gjekk alt tilsynelatande på skjener for popartisten. Alt ho tok på, vart gull. Ein heil generasjon unge jenter lærte at dei alltid skulle vere seg sjølv, med mindre dei kunne vere Beyoncé.

Always be Beyoncé.

Men var ikkje denne perfekte fasaden litt for perfekt? Jo då. I 2016 skulle det vise seg at livet ikkje berre var ein dans på roser, sjølv ikkje for Queen B.

Såra og eitrande forbanna

23. april 2016 sleppte Beyoncé sitt mest ambisiøse prosjekt så langt i karrieren: «Lemonade».

Albumet kom saman med ein kunstfilm på 65 minutt og inneheld eit breitt spekter av sjangrar, gjesteartistar og referansar. Sjølv om «Lemonade» er eit kunstnarisk verk og ikkje eit bevis for faktiske hendingar, så er bodskapen klar og tydeleg:

Jay Z har vore utru, og Beyoncé er såra og eitrande forbanna.

«Uh, this is your final warning. You know I give you life. If you try this shit again, you gon' lose your wife.»

Beyoncé Don't Hurt Yourself / Lemonade

Men «Lemonade» er så mykje meir enn eit hemnalbum frå ei vonbroten kone. Albumtittelen spelar på ordtaket «When life gives you lemons, make lemonade.»

Dette var Beyoncés prosjekt: Ho skulle lage velsmakande limonade av dei sure sitronane, ikkje berre i eige liv, men heile den amerikanske historia.

I kunstfilmen tek ho med seg tennisstjerna Serena Williams til eit herskapshus på ein sukkerplantasje. Her vart tusenvis av svarte tvungne til slaveri på 1800-talet. Men denne gongen sit Beyoncé på «trona» i huset, medan Williams ristar på rumpa rundt ho.

Beyoncé og Serena Williams i musikkvideoen "Sorry" til albumet "Lemonade

TWERK: Beyoncé og Serena Williams i Madewood Plantation House, i nærleiken av Napoleonville, Louisiana.

Ifølge artist, låtskrivar og Beyoncé-ekspert Lise Mæland (kjent under artistnamnet Melis) er «Lemonade» Queen Bs desidert beste og viktigaste album.

– Dette er Beyoncés store lækingsprosjekt. Ho tar tilbake det som har vore tapt, ikkje berre for seg sjølv, men for alle generasjonar svarte i USA.

Melis

Sånn sett passa det bra at «Lemonade» også inneheld Beyoncés første country-song, «Daddy Lessons».

Den kvite musikksjangeren har djupe røter i svart kultur.

Den svarte countryen

Få instrument er nærmare knytt til country-musikken enn banjoen. Instrumentet er opphavleg afrikansk og kom til USA med slaveflåten på 1600-talet.

Country som musikksjanger oppstod på starten av 1900-talet i dei amerikanske sørstatane. Musikken vart spelt på gitar, banjo og fele, og henta inspirasjon frå «svarte» sjangrar som spirituals og blues.

Dei første artistane var både svarte og kvite, men dette skulle endre seg i mellomkrigstida då musikksjangeren vart kommersialisert. Då merka dei store plateselskapa at det aukande kvite publikummet vegra seg for å kjøpe «svart musikk».

Tre svarte musikarar i Tennessee på 1890-talet.

TIDLEG COUNTRY: Tre svarte musikarar frå den amerikanske delstaten Tennessee på slutten av 1800-talet.

Foto: Blount County Public Library / W. O. Garner Photograph Collection

På berre nokre få år vart nesten alle dei svarte artistane fasa ut, og sidan har countrymusikken (med nokre få unntak) vore kjent som ein «kvit sjanger».

Så korleis reagerte country-publikummet då Beyoncé gav ut ein country-song i 2016?

Sånn passe.

Då ho framførte songen saman med bandet The Chicks på the Country Music Association Awards, fløymde kommentarfelta over av negative reaksjonar.

Beyoncé og The Chicks under The 50th Annual CMA Awards i 2016.

«GOD STEMNING»: Ikkje alle country-lyttarane sette pris på framføringa til The Chicks og Beyoncé. Kritikken dreidde seg stort sett om Black Lives Matter-engasjementet, mangel på country-kred og feil hudfarge.

Foto: RICK DIAMOND / AFP

Beyoncé sende også inn songen til Grammy-utdelinga sin country-komité, men fekk avslag. Dette fekk mange til å reagere, spesielt sidan (den kvite) artisten Maren Morris vart nominert med sitt poppete album «Hero».

Den svarte rapparen Lil Nas X følte seg heller ikkje tatt imot med opne country-armar då han i 2019 klatra oppover Billboards country-liste med songen «Old Town Road». For plutseleg ein dag var songen heilt vekke frå lista.

Dei som utarbeida listene, meinte songen mangla nok kjente country-element til å bli kalla country – utan at alle nødvendigvis kjøpte den forklaringa.

Lil Nas X et kylling på ein premiere i Hollywood

REKORDSETJAR: Lil Nas X slo alle rekordar då songen «Old Town Road» campa 19 veker i strekk på toppen av Billboard Hot 100. Men country-lista fekk han berre nyte ei kort stund.

Foto: Jerritt Clark / AFP

Så korleis kjem det no til å gå – når Beyoncé gir ut eit reinspikka country-album? Får ho ei kald skulder, eller er country-kyrkjelyden klar for å ta ho inn i varmen?

Første svarte kvinne på topp

Den siste tida har Beyoncé gjort alt ho kan for å omfamne country-looken. Ho gjekk rundt med cowboyhatt på Grammy-utdelinga i år og har lansert sin eigen cowboykolleksjon med Adidas og Ivy Park.

Men Beyoncé kan ta på seg så mange cowboyhattar som ho berre vil; i USA får ein ikkje kalle seg ordentleg country-artist før ein blir spelt på amerikanske country-radiokanalar.

Beyoncé i cowboyhatt

COWGIRL: Beyoncé tok på seg cowboyhatt (og andre cowboyklede) allereie i 2021 for å promotere kleskolleksjonen sin.

Foto: Adidas x Ivy Park

Det høyrest kanskje smalt og nisjete ut, men i USA er country-radiokanalar ein big deal. Landet har over 2000 slike kanalar som kvar dag når fleire millionar country-elskande amerikanarar.

Dei største stasjonane rapporterer inn spelelistene sine til musikkmagasinet Billboard, som igjen lagar lister med dei mest populære songane. I løpet av dei siste 80 åra har berre seks svarte, kvinnelege country-artistar kome med på desse listene.

No er det sju.

Beyoncés «Texas Hold ’em» gjekk nemleg inn på 50. plass på Billboards «Country Airplay». Ei veke seinare tronar ho på toppen av lista.

Det har ingen svarte kvinnelege artistar gjort før ho.

Beyoncé

QUEEN B: Beyoncé har lenge vore dronning over både det eine og det andre. No er ho på god veg til å også bli dronninga av country.

Foto: Adidas x Ivy Park

Ifølge Lise Mæland, som har jobba med eit av Beyoncés låtskrivar-team, har country-albumet lege klart sidan pandemien. Queen B har berre venta på det rette tidspunktet og gav difor ut house-albumet Renaissance først.

Om ho verkeleg klarer å slå gjennom på country-marknaden, står att å sjå til albumet kjem ut. Men Lise Mæland er i alle fall ikkje i tvil:

– Det ho allereie har klart, er ei bragd. Ho har tråkka over ei usynleg grense som ingen har klart tidlegare. Då skriv ho historie.

Mæland poengterer også at dette ikkje berre handlar om at country-lyttarane blir kjent med Beyoncé, men at Beyoncé-lyttarane også blir kjent med country.

– Folk som elles aldri høyrer på country, høyrer på country no. Dei tar på seg cowboy-hatten og lagar dansevideoar på TikTok. Og dette er ikkje country-pop, men ekte country. Det er ganske sjukt!

Men er dette ekte country-kjærleik, eller er det berre eit kynisk publikumsfrieri? Og korleis tar eigentleg den erkekonservative country-flokken imot Beyoncé?

Ikkje berre bra, viser det seg. Podkasten Arena dykkar vidare ned i Beyoncé-kaninholet:

PS: Queen Bs country-album kjem ut 29. mars 2024. Albumet er andre del av ein trilogi med namnet «Renaissance» der Beyoncé «tar tilbake» ulike musikksjangrar som i utgangspunktet var svarte. Det første var eit house-album, det andre blir country, og det tredje ...?

Mange spekulerer på rock.

PPS: Sjølv om «Daddy Lessons» frå 2016 blir rekna som Beyoncés første country-song, kan ein også argumentere for at hitten «Irreplaceable» frå 2006, mellom anna skriven av Espen Lind, var den aller første. Lind skreiv i alle fall låten som ein country-song, før produsentduoen Stargate la tromme-beats oppå.

Songen vart ein av Beyoncés første monsterhittar og trona øvst på Billboards topp 100-liste i ti samanhengande veker.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!