Amy Mir
Foto: Erik Waage / NRK

Ein annleis eventyrar

STAVANGER (NRK): Amy følte seg ikkje ordentleg norsk før ho oppdaga friluftslivet. I det siste har fleire prøvd å øydeleggje den kjensla.

Amy Mir skil seg ut i floraen av eventyrarar.

Ho er norsk-pakistanar, brukar hijab og lærte seg først å gå på ski i 2016. Same vinteren gjekk ho like godt 250 km langs grensa mot Russland, frå Treriksrøysa i Pasvik til Grense Jakobselv.

Sidan har ho gått seg vill på Finnmarksvidda i 40 minusgrader, ho har følgt grensa mellom Noreg og Finland (750 km) og fullført det som blir skildra som verdas hardaste skiløp: Åsnes Expedition Amundsen med pulk over Hardangervidda.

Ho er vand til hardt vêr – både i og utanfor naturen.

Amy Mir

ALEINE PÅ HARDANGERVIDDA: Åsnes Expedition Amundsen er eit 100 km langt skiløp som går frå Haukeliseter til Maurset i Eidfjord. Alle deltakarane må også drage ein pulk som veg minst 40 kg. Ruta er den same som Roald Amundsen brukte då han trente til Sørpol-ekspedisjonen i 1911. Amundsen nådde rett nok aldri fram til Eidfjord; han vart overraska av dårleg vêr og heldt på å stryke med på vidda.

Foto: privat

Amy er 28 år, utdanna tømrar og petroleumsteknikar, og jobbar til dagleg som HMS-rådgjevar i oljebransjen. I tillegg er ho ekspedisjonsfarar, turleiar, motorsyklist og hobbykokk.

I vinter var ho saman med mor og søster i TV-programmet «Familiekokkene». Der konkurrerte dei mot andre familiar om å lage best mogleg mat. Då Amy og søstera brukte hijab på kjøkkenet, skulda samfunnsdebattanten Hege Storhaug NRK for å islamisere Noreg.

Kommentarfelta i sosiale medium fløyma over av stygge ord mot familien.

– Folk sa at eg ikkje høyrer til her, men det gjer eg jo. Det er ikkje utsjånaden min som definerer om eg er norsk eller ikkje, seier Amy.

Familien Mir i TV-serien Familiekokkene

FAMILIEKOKKENE: Familien Mir kom på fjerdeplass i kokkekonkurransen. I ettertid har Amy angra på at ho melde dei på programmet.

Foto: Ada Hold Hjelmerud / Rubicon

Kritikarar av hijab definerer plagget som undertrykkande, men for Amy har det blitt eit fridomssymbol.

– Det handlar om å ta eigne val, i staden for å gjere det andre seier. Det går an å vere nordmann sjølv om ein skil seg ut frå norsk kultur.

Fridom er viktig for Amy – det er også drivkrafta som held ho gåande fleire veker i villmarka.

I dag har ho tatt meg med til ein liten skog ved Gandsfjorden i Stavanger. Forholda ligg ikkje til rette for dei lange ekspedisjonane akkurat no.

Den trufaste hunden hennar Dee Dee har nyss fått sju små kvalpar som ho må passe på. Amy er midt i den muslimske høgtida ramadan og fastar i ein månad.

Amy Mir og Dee Dee

AMY & DEE DEE: Dei to turkameratane har vore gjennom mange tøffe stunder saman. I 2018 var dei seks veker aleine på Finnmarksvidda.

Foto: Erik Waage / NRK

Ho har likevel den same innstillinga som i villmarka – sjølv om det i dag berre er snakk om ein liten tur i nærområdet.

– Regel nr. 1: Aldri spør om eg treng hjelp, seier Amy medan ho fiklar med noko på sekken sin.

Ho øver seg til å gjere alt sjølv. På ekspedisjonar er det ingen andre enn hunden til å hjelpe. Namnet «Dee Dee» er urdu og betyr søster.

Huskykvalp

HUSKYKVALP: Kvalpane til Dee Dee er berre tre veker gamle, og kan ikkje vere for lenge aleine. Dei vart difor like godt med på tur.

Foto: Erik Waage / NRK

Amy vaks opp i ein religiøs familie, men tok ikkje valet om å sjølv praktisere islam før i fjor. Som kvinneleg muslimsk ekspedisjonsfarar har ho ingen forbilde.

Friluftsliv = keisamt

Amy følte seg annleis gjennom heile oppveksten.

Ho vaks opp i ein norsk-pakistansk familie på Madla i Stavanger. Far jobba som taxisjåfør. Mor jobba i matbutikk. Barneskulen var vanskeleg; ho lærte seg ikkje ordentleg norsk før i fjerde klasse.

Ho fann også ut at Pakistan ikkje var den vanlegaste ferieturen for rogalendingar.

– Etter ein skuletime drog eg ned skulekartet for å prøve å finne «Syden», men eg fann det ikkje. Eg skjønte ikkje kvar alle dei andre hadde vore på ferie, forklarar Amy.

Familien Mir

FAMILIEN MIR: Amy (nedst til venstre i bildet) er yngst i ein søskenflokk på fire.

Foto: privat

Ho er likevel rask med å tilføye at ho aldri ville vore barndomen sin forutan.

– Eg har på mange måtar hatt ein tøff oppvekst, men han har også forma meg til å bli mentalt sterk og flink til å handtere ymse utfordringar.

Amy var ei aktiv jente; ho slo hjul, hoppa strikk og spelte fotball.

Amy Mir

AMY SEKS ÅR: Bildet er tatt i byen Okara i Pakistan. Amy har alltid vore glad i fart og spenning.

Foto: privat

Familien hennar hadde derimot lite forståing for det «vanlege» nordmenn dreiv med på søndagar: friluftsliv.

– Tur og friluftsliv høyrdest veldig keisamt ut. Eg skjønte verkeleg ikkje greia. Vi såg ikkje på naturen som viktig.

Men slike haldningar er ikkje så enkle å ha over tid når ein bur i Noreg.

Det var berre eit spørsmål om tid før familien Mir skulle miste den yngste dottera si til naturen. Då Amy var 17, dumpa ei brosjyre med natur-propaganda frå Den Norske Turistforening ned i postkassa.

Amy hadde alltid vore glad i action, og i pamfletten frå DNT fekk ho sjå bilde av aktivitetar som kajakkpadling, fjellklatring og å sove i hengekøye. Ho melde seg difor på ein leir for ungdomar i nærleiken av Preikestolen.

– Då skjønte eg at friluftsliv kunne vere mykje meir enn berre «tur». Eg vart også kjent med mange nye folk og lærte sinnssjukt mykje om meg sjølv.

Friluftsliv = meistring

Den ferske turjenta merka at dei sosiale dynamikkane forandra seg i naturen. Folk såg på ho annleis.

– Folk spurde meg alltid kvar eg kom frå, men i naturen var det ingen som spurde. Der var alle velkomne, og vi var samla rundt felles interesser. Folk respekterte meg som ein nordmann.

Amy vart hekta. Ho utdanna seg som turleiar i DNT og tok med seg andre menneske på tur. Ifølge Preben Falck, leiaren i Stavanger Turistforening, er ho ein viktig ambassadør for organisasjonen.

– Ho har eit pågangsmot som ikkje liknar noko anna. Dei fleste i vårt system er fostra opp i friluftslivet. Amy har gitt seg i kast med ting ho aldri har gjort før, seier Falck.

Amy fekk mykje ut av å vere i naturen, samtidig undra ho seg over kvifor så få med minoritetsbakgrunn nytta den norske naturen.

Amy Mir

TURLEIAR: Amy har vore aktiv medlem i DNT i over ti år. Ho har også engasjert i seg i foreininga sitt integreringsprosjekt, som mellom anna går ut på å arrangere turar for minoritetar.

Foto: Erik Waage / NRK

– Eg trur mange utlendingar tenkjer at det er viktigare å jobbe eller å vere saman med familien. Men for å bli integrert må du sjølv ta del i samfunnet. Du kan ikkje forvente at nokon skal kome og halde deg i handa. Friluftsliv er jo ein så stor del av norsk kultur. Dei skjønar ikkje kva dei går glipp av.

Så kva skal til for å lokke fleire norsk-pakistanarar ut i naturen? Amy meiner ho har funne svaret:

– Mat! Det er alltid ein fin plass å begynne. Utlendingar kan vere litt sære, og skal ha ting på sin måte.

Amy Mir

PAKISTANSK TURMAT: Ifølge Amy er mat ein svært viktig del av pakistansk kultur. Ho drøymer om å samle alle oppskriftene sine til ei pakistansk turmat-bok.

Foto: Erik Waage / NRK

– Men fungerer pakistansk mat som turmat?

– Ja, det har mykje forskjellig næring. Kvitlauk og ingefær held deg frisk, du får sunne urter som koriander, og salt for å halde på væska. Så hjelper jo sterke smakar og luktar på matlysta, svarar Amy.

I dag har ho tatt med seg retten «Kofte Wala Salan» – ein slags gryterett med kjøtbollar, servert med nanbrød.

Pakistansk mat skal ofte stå lenge og putre i grytene på kjøkenet, men til gjengjeld er rettane enkle å fryse ned og tine opp igjen på primus.

Kofte Wala Salan

KOFTE WALA SALAN: Namnet er urdu og betyr kjøtbollar i gryterett. Oppskrifta på retten finn du i botnen av denne saka.

Foto: Erik Waage / NRK

Dufta av storfekjøt og kvitlauk spreier seg i lufta. Journalist og fotograf får lov til å forsyne seg fritt. Vi får opplæring i å bruke nanbrødet som ei slags skei til å ete gryteretten. Fem minutt seinare er all maten vekke.

Amy gler seg til ho kan ete så mykje ho vil på dagtid. Ramadan blir avslutta med høgtidsdagen id al-fitr. Han blir feira med direktesendinga «Festen etter fasten» på NRK1 og NRK TV den 14. mai. Der dukkar også Amy opp som TV-kokk for å lage pakistansk festmat.

Hobbykokken innrømmer at ho ikkje alltid har med seg like forseggjord mat på tur. På dei hardaste ekspedisjonane prioriterer ho ikkje ein gong å stoppe for måltida, men har heller med seg mat som ho et i rørsle frå lomma.

Turane hennar er uansett ikkje berre for trening og kos – for Amy har naturen også ein spirituell dimensjon.

Ei åndeleg reise

– Før var eg ikkje så opptatt av verdiar og indre ro. Eg har hatt så mange jern i elden, og då er det ikkje så lett å finne ut av ting. Naturen gav meg eit avbrekk til å tenkje over livet, og kva slags sti eg ønskjer å ta.

Då pandemien kom i fjor, vart Amy permittert frå jobben. Ho bestemte seg for å nytte den ledige tida til å søke tilbake til røtene og bli ein betre versjon av seg sjølv.

– Eg begynte å lage meir pakistansk mat, og søkte meir kunnskap om islam. Religionen vart viktigare for meg.

Ho begynte også å bruke hijab for å minne ho på kva slags verdiar ho ønskjer å leve etter. Ifølge Amy kan plagget også ha ein praktisk funksjon, i alle fall når ho legg ut på dei hardaste ekspedisjonane sine om vinteren, i snø og minusgrader.

– Då er hijaben berre deilig å ha rundt hovudet! For meg gir han fleire fordelar enn ulemper.

Amy Mir

GODT INNPAKKA: Å halde seg varm kan vere krevjande på ekspedisjon. Då Amy følgde russegrensa i 2018, måtte ho innom legen for å sjekke føtene for frostskadar.

Amy har mykje å finne ut av. Å praktisere islam er framleis nytt for ho, og ho føler at det står att mykje å lære.

– No er det mest det praktiske eg må finne ut av. Korleis eg skal få til å be på turane, korleis eg skal kle meg riktig, og korleis eg skal oppføre meg ute blant framande. Så får alt det andre kome når eg har kapasitet til det.

Ho er allereie godt i gang med å drøyme om neste ekspedisjon.

Det blir kanskje ein tur over Grønland?

– Eh, nei! Kvifor det? Det høyrest dritkeisamt ut, og er nok kjempedyrt. Eg drøymer om ein ekspedisjon til fots i fjellområda nord i Pakistan. Kanskje kan eg også bruke ulike framkomstmiddel som motorsykkel, klatretau og kajakk? Det trur eg blir givande.

Amy Mir på Rudskogen

ADRENALIN-JUNKIE: Planlegg du ferietur til Pakistan etter pandemien? Då risikerer du å møte denne råkøyraren på landevegane.

Foto: privat

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Sjekk gjerne ut saka eg skreiv om Gaspar, som trassa bandittar og landminer for å finne eit heilt spesielt tre i Bosnia. 

Anbefalt vidare lesing: