Hopp til innhold

UD: Nordmenn i Gaza skal forlata Gaza onsdag: – Me kjem til å dansa no

27 av dei er born, seier utanriksministeren til NRK.

Zaki Kahil

Zaki Kahil får forlata Gaza i morgon. Bilete er teke før han fekk den etterlengta beskjeden.

Foto: Privat

Onsdag slepp 51 nordmenn ut frå Gaza og får kryssa Rafah-grenseovergangen til Egypt.

Det er fyrste gong sidan 7. oktober at nordmenn er mellom dei som får kryssa grensa.

27 av dei norske statsborgarane er born, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.

NRK har vore i kontakt med Zaki Kahil. Han er mellom dei 51 norske borgarane på lista.

– Me kjem til å dansa

– Me er veldig glade. Me har venta så lenge på denne nyheita. Me kjem til å dansa no, seier han og held fram:

– Eg gler meg til å gå tilbake til det vanlege livet. Eg gler meg til å sleppa bombing, lange køar for vatn, brød og medisinar.

Både Kahil og kona har mangla naudsynt medisin medan dei har vore på Gaza.

Skjermdump, SMS fra UD om evakuering

Kahil fekk denne meldinga frå UD.

Foto: skjermdump

Han kjenner seg likevel ikkje heilt trygg enno.

– Det kan skje noko uventa som gjer at me ikkje kan passera. Tidlegare har dei stengt grensa av sikkerheitsgrunnar. Men me er i alle fall på lista, seier han

Reisa til Rafah blir på eige ansvar, fortel Kahil, som no oppheld seg i sørvest-Gaza, rundt 15 km frå grensa.

– Me er usikre på om me er i live i morgon. Det er ikkje sikkert. For ein time sidan høyrde eg bombing koma frå eit militærskip. Eg må ta risikoen, men eg er kjempebekymra. Det er fare overalt.

Blir møtt av norsk team i Egypt

Utanriksdepartementet skriv at eit norsk utrykkingsteam er på veg frå Kairo til grensa for å ta imot Kahil og dei andre som kjem.

– Teamet har medisinsk personell, ambassadepersonell og ID- og dokumentekspertar som kan hjelpa dei som manglar nødvendige dokument, for eksempel utgått pass, skriv Utanriksdepartementet (UD) i ei pressemelding.

Deretter vil turen gå til Kairo, kor UD har sett opp eit mottakssenter.

Framleis vil det vera kring 200 nordmenn igjen i Gaza som ventar på neste beskjed.

Utenriks minister Espen Barth Eide i Dagsnytt 18.

Utanriksminister Espen Barth Eide seier han no er glad for at prosessen med å få nordmenn ut frå Gaza er i gang.

Foto: Alf Simensen / NRK

Ikkje alle norske borgarar i Gaza har fått løyve til å reisa ut, skriv UD.

– Desse og deira pårørande er i ein svært krevjande situasjon nå. Våre diplomatar held fram med å arbeida for at norske borgarar skal få reisa ut frå Gaza så snart som mogleg. Dei som ikkje har fått løyve til å reise ut, blir også informert.

NRK har også vore i kontakt med Noreg sin ambassadør til Egypt, Hilde Klemetsdal. Ho seier dei i kveld er opptekne med å førebu seg på å ta imot dei norske statsborgarane i morgon.

Svært glad

– Eg er svært glad for at me har fått melding om at norske borgarar har fått melding om at dei kan reisa ut av Gaza. Me tek no kontakt med dei som står på lista, og håpar dei klarar å koma seg trygt fram til grenseovergangen ved Rafah. seier utanriksminister Espen Barth Eide i ei pressemelding.

Ministeren peiker vidare på at det å få ut norske borgarar er og har vore å UD sin høgaste prioritet.

– Gaza er ein krigssone, og situasjonen har forverra seg dramatisk dei siste vekene. Folk manglar mat, medisinar, vatn og drivstoff. Eg har vore, og er framleis, svært bekymra for alle som har gjennomlevd dette marerittet, seier utanriksministeren.

Jobbar for å få ut resten

Til NRK seier Barth Eide at grunnen til at det ikkje er fleire enn 51 som no slepp ut, er at dette skjer puljevis.

Han seier vidare at dei 51 som no slepp ut er familiar som heng saman.

– Utveljinga går mykje på sårbarheit.

Utanriksministeren har også stor medkjensle med dei frustrerte norske borgarane som ikkje fekk melding om at dei kunne forlata Gaza.

– Eg trur alle våre borgarar på Gaza gjerne skulle kome ut for lenge sidan. Me er veldig opptekne av at dei andre også kjem ut. Denne saka er ikkje over før alle våre borgarar er kome inn i Egypt, vidare og heim.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT