Sundnes' klassiske sommerfavorittar

Berlioz, Barber og Bjørnstad er mellom komponistane når Per Sundnes vil kome i musikalsk sommarstemning. Høyr hans største sommarfavorittar her.

Per Sundnes

Per Sundnes er fast programleiar i radiokanalen NRK Klassisk.

Foto: Ned Alley / Scanpix

Han er mest kjend som «MGP-general» og kommenterte nyleg Eurovision 2015, men no førebur Per Sundnes seg til sommaren med klassisk musikk på øyret. Sundnes er fast programleiar i radioprogrammet «Per på podiet» i NRK Klassisk, og har samla eit knippe favorittar som gir han sommarstemning.

11. juni er Per Sundnes programleiar for Ønskekonsert med KORK i Store Studio saman med Tine Thing Helseth. Det første stykket på lista vert å høyre på den konserten:

Sommernatt ved fjorden av Ketil Bjørnstad

Forfattar og komponist Ketil Bjørnstad laga både tekst og melodi til sommarklassikaren Sommernatt ved fjorden i 1978, med den unge sopranen Ellen Westberg Andersen i tankane. Songen vart først utgitt på albumet «Leve Patagonia!» om Kristianiabohemen.

– Eg synest Ketil Bjørnstad er utruleg spennande både som menneske og komponist, makan til mulitkompetent mann! seier Per Sundnes.

– Songen minner meg dessutan om mi avdøde tante Lill, som alltid spelte «Leve Patagonia!»-albumet.

Villanelle fra Les Nuits d’ete av Hector Berlioz

Den franske komponisten Hector Berlioz (1803–1869) var ein stor fan av William Shakespeare. Tittelen på songsyklusen Sommernetter frå 1841 viste til Shakespeares skodespel Ein midtsommarnattsdraum.

Les Nuits d’ete er eit av dei mest romantiske verka eg kjenner til. Fransk sommar er alltid deilig med denne på øyret.

Per Sundnes og Tine Thing Helseth

Per Sundnes og Tine Thing Helseth i Store Studio, der dei presenterer Ønskekonsert med KORK torsdag 11. juni.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Solveigs sang av Edvard Grieg

Av all musikken til Edvard Grieg (1843–1907) er kanskje den han skreiv til Peer Gynt lettast å knytte til naturopplevingar – til dømes «Morgenstemning» og «I Dovregubbens hall». Per Sundnes vel ut den sørgmodige «Solveigs sang» som sin favoritt:

– Griegs musikk varslar sommar for meg. Kvart år ser eg Peer Gynt-forestillinga på Gålå. Solveigs sang rører meg like sterkt kvar gong.

Sommaren av Antonio Vivaldi og Max Richter

Fiolinkonsertane «Dei fire årstidene» av Antonio Vivaldi (1678–1741) er ekstremt populære i si opprinneleg form. Den tysk-britiske komponisten Max Richter (f. 1966) har like fullt bygd vidare på Vivaldis musikk, også konserten som heiter «Sommaren».

– Eg synest det er fascinerande når vår tids komponistar rekomponerer gamle verk. Max Richter har gjort masse spennande med komposisjonane til Antonio Vivaldi.

Samuel Barber: Knoxville – Summer of 1915

Samuel Barber (1910–1981) skreiv stykket i 1947, inspirert av forfattaren James Agee sine nostalgiske skildringar frå barndommen i fødebyen Knoxville, Tennessee. Barber var like gammal som forfattaren og sette musikk til stemningar han kjende seg att i.

– Ei nydelig tolking av barndom fra ei svunnen tid. Du høyrer bornas leik og humør i musikken.

Mari Silje og Håkon Samuelsen

Fast inventar på spelaren til Per Sundnes i sommar: Fiolinist og cellist Mari og Håkon Samuelsen.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

James Horner: Pas de deux

Amerikanske James Horner (f. 1953) har skrive musikken til store Hollywood-filmar som Titanic, Et vakkert sinn og Avatar. I mai var det noregspremiere i Stavanger på verket han skreiv for det norske søskenparet Mari og Håkon Samuelsen.

Les også: Klassisk søskenpar topper VG-lista

– Mange vart overraska då søskenparet frå Hamar plutseleg toppa VG-lista med plata James Horner skreddarsydde for dei. Eg er ikkje overraska, og tittelsporet kjem til å gå på min spelar heile sommaren.

Eric Satie: Gymnopedie nr. 1

Den franske komponisten Eric Satie (1866–1925) hadde mange uvanlege musikalske idear, til dømes lanserte han uttrykket møbelmusikk, det vi ville kalla bakgrunnsmusikk. Og mange av stykka hans er korte, slik som det Sundnes har plukka ut:

– Som barn såg eg «Sommeren på Mirabelløya» på TV med Anne Marie Ottersen som forteljar og forelska meg i musikken som vart brukt som kjenningsmelodi i serien: Eric Saties pianostykke Gympnopedie nr. 1.

George Gerswhin: Summertime

Amerikanske George Gershwin (1898–1937) lukkast både med poplåtar og klassiske verk. Operaen Porgy and Bess frå 1935 inneheld fleire songar som er blitt allemannseige, ikkje minst «Summertime».

– «Summertime» finst i tusenvis av tapningar. Eg føler det blir heitt som i auststatene når eg høyrer denne songen, og lengtar etter ein sval bris.

Les også: Operastjerne får et av Norges største kulturstipender

Ønskekonsert med KORK vert sendt på NRK1 11. juli.