Hopp til innhold

Regissør laga film om Alta-aksjonen – blei same

– Å høyre om den sorga og smerta som folk har stått i, det gjorde noko med meg, fortel Ole Giæver.

Ella Marie Hætta Isaksen og Ole Giæver under innspelinga av «La elva leve».

VIKTIG STØTTE: Ella Marie Hætta Isaksen speler hovudrolla i filmen «La elva leve». Ho har vore viktig for Ole Giæver i prosessen med å bli same, og har hjelpt han å lære samisk. Her under innspeling utanfor Stortinget.

Foto: Siv Dolmen / Mer film

Ole Giæver er for mange kjent som regissøren og skodespelaren i filmen «Mot naturen» frå 2014, der han sprang naken rundt i den norske fjellheimen.

Nå lagar han ein ny film som får merksemd. «La elva leve» tek for seg kampen mot utbygginga av eit vasskraftverk i Altaelva på 1970- og byrjinga av 1980-talet.

Dette filmprosjektet skulle seie noko om samfunnet, var planen hans då han gjekk i gang for snart fire år sidan. Faren og dei andre som aksjonerte mot Alta-Kautokeino-vassdraget var nærliggande å ta tak i.

– Eg følte vi hadde mykje å lære av den solidaritetstanken og den kollektive mobiliseringa som rådde då, seier Giæver.

Men denne filmen skulle bli så mykje meir enn ein film om kollektiv mobilisering. I tillegg blei den eit personleg vendepunkt.

Konflikten om Altavassdraget toppa seg 14. januar 1981. Då blei den største samlinga av norske politi etter krigen sett inn for å rydde anleggsområdet i Stilla for aksjonistar.

Konflikten om Altavassdraget toppa seg 14. januar 1981. Då blei den største samlinga av norsk politi etter krigen sett inn for å fjerne aksjonistar frå anleggsområdet i Stilla i Alta.

Foto: Per Løchen / NTB

Samisk blod i årene

Ole Giæver var liten gut då demonstrantar barrikaderte vegen til Sautso, der kraftverket over Altaelva skulle bli bygd. Giæver vaks opp som norsk, og hans samiske anar langt tilbake blei lite snakka om i oppveksten.

Det var først i research-fasen til filmen, då han høyrde og las dei sterke historiene, at han forstod djupna av Alta-saka. At det ikkje berre handla om bevaring av ei elv, men om fleire hundre år med fornorskingsprosess, undertrykking og stigmatisering. Dette var eit oppgjer med den norske stat si behandling av samane.

Ole Giæver visste at han hadde både kvensk og samisk blod i årene. Nå ville han finne ut meir om sine eigne røter.

– Å høyre om den sorga og smerta som folk har stått i, det gjorde noko med meg. Difor ville eg prøve å vere ein av dei som seint i livet forsøker å ta tilbake noko av det tapte. Eg ville prøve å sette meg inn i kva det eigentleg inneber å vere samisk, seier Giæver.

Møtte skepsis

Då det blei kjent at Giæver skulle lage filmen om Alta-aksjonen, dukka det opp innlegg i sosiale medium som var skeptiske til at ein som kjem «utanfrå» skulle fortelje deira historie.

– Eg forstår den skepsisen veldig godt. Det er mange tilfelle opp igjennom historia der folk utanfrå, som ikkje har kjennskap til samisk historie, utnyttar den samiske kulturen utan den audmjukskap og respekt ein bør ha, seier Giæver.

Han blei oppteken av å forsøke å finne ein veg inn, slik at han kunne nærme seg å fortelje historia innanfrå, frå eit samisk perspektiv.

– Det blei viktig for meg å prøve å bli samisk. Det å melde meg inn i Sametinget sitt valmanntal blei ein slags formell aksept. I tillegg ville eg prøve å lære meg språket, og forsøke å gjere meg kjent med historia.

Regissør, Ole Giæver, til La elva leve - filmen.

Regissør Ole Giæver under innspelinga av «La elva leve» i Alta i september i fjor. Filmen får premiere i januar neste år.

Foto: Irmelin Kulbrandstad / NRK

Lærte samisk av hovudrolleinnehavar

Den samiske musikaren og 2018-vinnaren av Stjernekamp, Ella Marie Hætta Isaksen, gjer sin skodespelardebut som hovudkarakteren Ester i filmen «La elva leva». Ho er den som har følgt Ole Giæver tettast i prosessen med å bli same, og har brukt mange timar på å lære han samisk.

– Det har vore veldig givande å vere med på denne reisa. Det var eit sterkt samhald som blei til på filmsettet og berre den vennskapen og den relasjonen eg har til Ole har vore veldig fint, seier Hætta Isaksen.

Timevis med samtalar rundt identitet, det samiske samfunnet, rasisme, diskriminering, og utfordringar samane står overfor i dag trur Hætta Isaksen har gjort filmen betre.

– Det har bidrege til at vi forstår kvarandre så godt. Sjølv om vi har eit ulikt utgangspunkt, så er eg ikkje i tvil om at vi vil fortelje den same historia, og har drege lasset i same retning.

Dei som Giæver har snakka med, som har vore ein del av historia, har gitt Giæver si velsigning til å lage filmen. Og etter å ha gjennomgått ei personleg reise gav han seg sjølv ein aksept til å fortelje denne historia.

Til sjuande og sist så er det berre din eigen aksept for å vere same eller norsk-samisk som betyr noko. Men det betyr så sinnssjukt mykje å få støtte og bli anerkjent av andre samer, seier Giæver.

Vil du ha meir godt lesestoff, sjekk lenkene under:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.