Hopp til innhold

Ordkrig i det engelskspråklege Scrabble-miljøet

Alle ord som kan opplevast som krenkande skal ut av den engelskspråklege Scrabble-ordlista, til store protestar frå spelarane sjølve.

Scrabble

Hasbro eig merkevara Scrabble i Nord-Amerika, Mattel i resten av den engelskspråklege verda. Nå vil Mattel gjere som Hasbro alt har gjort og sensurere 400 støytande ord frå Scrabble.

Foto: MATTEL / Reuters

Leiketøygiganten Mattel har bestemt seg for å fjerne over 400 ord med rasistiske, krenkande eller nedlatande uttrykk. Det er frå denne ordlista den engelskspråklege versjonen av mobilspelet Wordfeud hentar sine ord.

At leiketøygiganten Mattel kjem med slike føringar på kva som er innanfor av ord og uttrykk har ikkje skjedd før. Det fortel Taral Guldahl Seierstad i språkkomiteen i Norsk scrabbleforbund i Studio 2 på NRK.

– Det er antakeleg eit resultat av det klimaet som har vore dei siste åra, seier Seierstad.

Stor motstand i afrikanske land

Kva ord som er bannlyst vil ikkje Mattel ut med, men den offisielle databasen fortel at negative ord som omhandlar pakistanarar, afrikanarar og irer er fjerna.

Fleire spelarar i den engelsktalande Scrabble-organisasjonen Wespa trakk seg i protest etter leiketøygiganten si avgjersle, skriv The Times. Dei meiner spelinga av desse orda i seg sjølve ikkje er støytande. Blant anna har den britiske forfattaren og Scrabble-eksperten, Darryl Francis trekt seg.

Blant land som hevdar seg i verdstoppen i Scrabble er engelsktalande og fransktalande land i Afrika. Wellington Jighere frå Nigeria blei verdsmeister i 2015.

– Desse landa var blant dei største motstandarane mot å fjerne støytande ord frå den engelsktalande Scrabble-ordlista, seier Seierstad.

Leiketøygigant stilte ultimatum

Taral Guldahl Seierstad i språkkomiteen i Norsk scrabbleforbund

Taral Guldahl Seierstad sit i språkkomiteen i Norsk Scrabbleforbund.

Foto: Tore Zakariassen / NRK

Scrabble kjem opphavleg frå Nord-Amerika. I dag er den engelsktalande Scrabble-verda delt i to med ei ordliste som gjeld for Nord-Amerika og ei ordliste for resten av den engelsktalande verda. Andre språk har andre ordlister.

Forslaget om å fjerne ord både frå ordlista og turneringar skapte sterke bølger i North American Scrabble Players Association (NASPA). Trass i massivt engasjement frå spelarar både for og i mot, endte styret i det nordamerikanske Scrabble-forbundet med å fjerne orda frå ordlista, skriv den australske nyheitsnettsida 7news.com.au.

Hasbro, som er ein annan leketøygigant, eig merkevara Scrabble i Nord-Amerika, Mattel i resten av verda.

– Då Hasbro fekk nyss i forslaget bestemte selskapet ganske enkelt at desse orda skulle fjernast, uavhengig av kva spelarane ønska. Deretter plukka Mattel det opp og gav eit ultimatum til det verdsomspennande Scrabble-forbundet Wespa. Dei måtte gå med på å fjerne dei 400 nedlatande orda, eller slutte å kalle seg eit Scrabble-forbund, seier Guldahl Seierstad.

«Brilleslange»

I den norske Scrabble-ordlista finst det også rasistiske ord, som «jødepris» og «negerjente». Ordlista til Scrabble baserer seg på fleire ulike kjelder, som ordbøker, leksikon og liknande. Tanums rettskrivingsordbok blei brukt før Scrabble-miljøet i Norge fekk si eiga ordliste.

Kva ord som skal ut og inn av den norske Scrabble-ordlista er det språkkomiteen i det Norske Scrabbleforbund som avgjer.

– Både eg og andre medlemmar av komiteen har naturlegvis hatt problemstillinga i tankane når vi har vurdert enkeltord. Men som komité har vi til nå ikkje hatt noko bevisst policy om å legge oss på ei anna linje når det gjeld slike ord enn det andre ordbøker har. Utfordringa viss vi begynner på dette er at det er vanskeleg å vurdere kor grensa skal gå, seier Guldahl Seierstad.

Han seier dei får mange meldingar frå folk, dei fleste om ord som er ønskte inn i ordlista. Dei har knapt fått meldingar om å fjerne ord fordi dei er nedsettande.

– Det einaste eg kan kome på er nokon som ikkje likte «brillejesus» eller «brilleslange», som er nedsettande for dei som bruker briller. Men brilleslange er jo eit dyr, så det går ikkje å fjerne.

– Stadig nye tabuord

Det er lett å forstå motivasjonen til leiketøygigantane for å fjerne desse orda. Det seier språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld ved Universitetet i Oslo, som også har skrive boka Norsk banneordbok.

Ruth Vatvedt Fjeld

Professor Ruth Vatvedt Fjeld har skrive Norsk banneordbok.

– Det er jo i tidas ånd, det er snakk om å vere politisk korrekt. Eg vil tru dei gjer det for å tekke folk flest, slik at folk held fram med å kjøpe spela. Som ordarbeidar veit eg at det er frykteleg vanskeleg i praksis å ta vekk ord, fordi dei stadig endrar seg i takt med samfunnet, seier Vatvedt Fjeld.

Ho trur ikkje det same vil skje med ordbøkene i Norge, men ordbøker er ikkje det same som familiespel.

– Nei tvert imot. Eg har jo samla banneord og laga ei banneordbok. Nå sit alle ordbokredaktørane rundt omkring og skriv av den for å få orda med i ordbøkene sine.

Definisjonen av skjellsord er ifølge Vatvedt Fjeld ei nemning på personar for å trekke fram ein negativ eigenskap ved personen slik at hen skal føle seg nedvurdert eller utstøytt av det gode fellesskapet. Som tjukka eller haltepinken.

Ifølgje kritikken frå spelarane sjølve, blant anna Darryl Francis, den engelske forfattaren og Scrabble-eksperten som meldte seg ut av Wespa i protest, så er det ikkje støytande når ein spelar orda.

Ein treng ein kontekst og ein tone eller ein bestemt samanheng for at eit ord skal vere nedsettande og krenkande meiner Francis. Vatvedt Fjeld er einig.

– Først og fremst må ein ha til hensikt å vurdere eller gjere andre vondt, seier Vatvedt Fjeld.

– Nokre ord vil bli sakna

Om det vil gå utover spelet at ein fjernar 400 ord i den engelsktalande ordlista trur ikkje Taral Guldahl Seierstad i Norsk Scrabbleforbund.

Den engelsktalande ordlista inneheld 270 000 ord, 400 av dei blir fjerna.

– Dei aller fleste er ord som ikkje kjem til å påverke spelet noko særleg. Men det er nokre 3-bokstavord som inneheld nokre veldig verdifulle bokstavar som spelarar antakeleg kjem til å sakne.

Anbefalt videre lesing:

Kulturstrøm

  • Brad Paisley til Norge neste år

    Countryartisten Brad Paisley vil opptre 11. juni i Ålesund og 13. juni på Hamar neste år.

    Konsertene er en del av Paisleys verdensturné «Truck is Still Working», melder Live Nation.

    Paisley har gjestet Norge flere ganger tidligere.

    Brad Paisley spiller gitar
    Foto: Rob Grabowski / AP / NTB
  • Bjørn Eidsvåg utnevnt til St. Olavs Orden

    Hans Majestet Kongen har utnevnt artist, komponist, tekstforfatter og teolog Bjørn Eidsvåg til kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, melder Kongehuset mandag.

    – Å bli tildelt St. Olavs Orden er en stor ære. Jeg tar imot denne utmerkelsen med takknemlighet og ydmykhet, og kjenner meg både rørt og glad, sier Eidsvåg til NRK.

    Den Kongelige Norske St. Olavs Orden tildeles som belønning for utemerkede fortjenester for Norge og menneskeheten, og ble innstiftet av Kong Oscar i 1847.

    Bjørn Eidsvåg har runda 70 og er Nitimens hedersgjest
    Foto: Kristian Aune