Hopp til innhold

Meiner Øyafestivalen driv «grønvasking»

Dei nye glasa i komposterbar plast som Øyafestivalen har teke i bruk, er bortkasta, meiner ekspert på avfall og gjenvinning.

Øyafestivalen 2018

Øyafestivalen profilerer seg som ein miljøvennleg musikkfestival. I år har dei teke i bruk tallerkenar og glas som kan komposterast.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Øyafestivalen i Oslo har sidan starten satsa tungt på å ha ein miljøprofil med blant anna kjeldesortering og økologisk mat. I år satsar dei på at alt av tallerkenar, bestikk og ølglas skal vere mogleg å kompostere. Ølglasa er laga av ein plasttype som blir kalla PLA.

– Det er laga av det vi vanlegvis kastar når vi lagar mat av potet og mais. Så desse produkta er laga av noko som eigentleg skulle bli søppel. Dette er så fornybare ressursar som det kan bli, seier miljøsjef Cathrine Røsseland til NRK.

Tallerken og ølglass i PLA-plast på Øyafestivalen 2018

Dei nye glasa Øyafestivalen har teke i bruk er laga av avfall frå matproduksjon med poteter og mais, ein plasttype som blir kalla PLA.

Foto: Emilie Gamst / NRK

Manglar gode nok anlegg

Dagleg leiar i konsulentselskapet Mepex, Frode Syversen, har arbeidd med gjenvinning i 30 år. Han meiner at intensjonen med PLA-glasa er god, men får liten effekt fordi Noreg ikkje har gode nok system til å handtere denne typen avfall.

– Anlegga i Noreg er ikkje eigna eller dimensjonerte for å handtere dette. Slik sett blir dei nedbrytbare produkta eingongsprodukt som ikkje går inn i ein sirkulær økonomi.

Miljøstasjon på Øyafestivalen 2018

– Anlegga i Noreg er ikkje eigna eller dimensjonerte for å handtere PLA-plast. Det kan føre til at alt må gå til forbrenning, og at miljøgevinsten forsvinn, ifølgje Frode Syversen i konsulentselskapet Mepex.

Foto: Emilie Gamst / NRK

Men Røsseland forteller at Øyafestivalen har fått ein avtale med eit komposteringsanlegg i Sogn og Fjordane, SIMAS, som skal prøve å bryte ned PLA-plasten. Denne løysinga fant dei med hjelp frå Norsk Gjenvinning.

– Produsenten av produkta vi bruker var tydeleg på at glasa kan komposterast. Men det var ikkje like tydelege på korleis og kvar. Difor har vi måtte finne ut dette, seier Røsseland.

Men Syversen er ikkje overtydd fordi man ikkje veit kva slags jord man får ut av PLAen. Han meiner festivalen driv ein form for «grønvasking» når dei tar i bruk glasa.

– Det er tvilsamt om dette vil ha nokon effekt. Difor blir det ei symbolhandling. Festivalen må vere opne om kva som gir miljøeffektar, og ikkje drive med «green-washing», som eg meiner dette til ein viss grad er.

– Vi vil prøve nye løysingar

Men for å finne tiltaka som gir effekt, må ein kunne prøve og feile, meiner Øyafestivalen.

– Vi skal vere i front på nye løysingar. Då kan vi ikkje stoppe ein prosess fordi vi trur det kanskje ikkje går. Det ikkje sikkert alle løysingane vi prøver er perfekte, men vi har lyst å prøve, seier miljøsjef Røsseland.

PLA-glasa er berre eit av fleire miljøtiltak på Øya. Kvar dag plukkar og sorterer 150 frivillige søppel som festivalgjengarar legg igjen. I tillegg er det lagt opp til at publikum i forkant skal kjeldesortere avfallet sitt på fleire avfallsstasjonar.

Kulturstrøm

  • NRK vant pris under Prix Europa

    NRK vant pris for beste digitale medieprosjekt i 2025 under Prix Europa fredag kveld.

    Prosjektet Darcula Exposed avslører flere av bakmennene bak en global meldingssvindel og var et samarbeid med den franske avisen Le Monde og de tyske allmennkringkasterne ARD og BR.

    Pris til NRK for beste digitale medieprosjekt under Prix Europa 2025
    Foto: NRK
  • «Blücher» årets mest sette film – etter bare to uker

    Krigsfilmen «Blücher» er sett av nesten 200.000 kinogjengere på to uker.

    Dermed passerer den «Affeksjonsverdi» som den mest sette kinofilmen i år.

    Totalt er det solgt 197.212 billetter til «Blücher», filmen om det tyske krigsskipet som ble senket i Drøbaksundet 9. april 1940.

    Filmen hadde premiere på norske kinoer 26. september og hadde den best besøkte premierehelgen for en norsk film siden 2021.

    (NTB)

    Bjørn Sundquist, Odin Waage, Daniel Fahre m.fl. poserer for et bilde foran et skilt
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • – Bruker eit samansurium av referansar

    I 2024 var Roc Boyz Noregs mest spelte nasjonale artist på Spotify. No gir dei tre gutane frå Bærum ut sitt fjerde album.

    – «Blueprint» beheld i høgste grad tematikken Roc Boyz har blitt kjende for, noko låtar som «Narco freestyle» og «Drugs N love» gjer klinkande klart, skriv NRK P3s musikkritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    – Tekstane på det nye albumet verkar ikkje som om dei er skrive for å provosere. Men dei er heit openbert skrive for å engasjere og egge opp publikum, om det er i ei stue på heimefest eller i mengda på ein festival, konkluderer ho.

    En gruppe menn i en boksering
    Terningkast 4 Musikk

    «Ikkje skrive for å provosere»

    ANMELDELSE: «Blueprint» av Roc Boyz