NRK Meny
Normal

Ølglasa du drikk av i sommar skal bli til blomsterjord

Har du tenkt på at glaset du drikk øl frå på festival kan ende opp som blomsterjord? Det blir skjebnen for fleire hundretusen glas frå Øyafestivalen og andre festivalar i sommar.

Kompostjord

TIL JORD: Ølglasa frå Øyafestivalen skal bli til jord ved SIMAS-anlegget i Sogn.

Foto: SIMAS

Festivalar er storprodusentar av avfall, men fleire ønskjer no å bli meir miljøvennlege. I fjor bytte Øyafestivalen ut ølglas i plast med glas laga av overskotsmateriale frå mais- og potetproduksjon, såkalla PLA.

Men å finne nokon som kunne ta imot dei nye glasa, var vanskelegare enn antatt. Men no har det interkommunale avfallsselskapet SIMAS i Sogn teke på seg jobben.

– Vi er eitt av dei få anlegga i landet som kan kompostere dette, fortel SIMAS-direktør Hallvard Thomassen.

Visse føresetnader må nemleg til for at PLA kan brytast ned.

– Du må ganske høgt opp i temperatur for å starte nedbrytingsprosessen, og så må du blande det med andre våtorganiske råstoff for å få ein god prosess. Det er viktig for å få nedbrytinga i gang, og det er viktig at ein får drepe alle biologiske bakteriar.

Ølglas, Øyafestivalen

STORT FORBRUK: Øyafestivalen har eit stort forbruk av glas på ei festivalveke. No skal glasa i PLA sendast til SIMAS-anlegget i Sogn.

Foto: P. Bellis

Blir til nye produkt

Dei første leveransen med PLA-glas frå Øyafestivalen kjem etter årets festival i august. Ved SIMAS-anlegget blir glasa blanda saman med matavfallet som elles kjem til anlegget.

– Då får vi ut eit produkt som er ein biologiske tørka biomasse, som blir kompostert vidare. Det tar eit halvt år før komposten er ferdig, fortel Thomassen.

Frå dette skal det lagast nye produkt.

– Vi jobbar med tre ulike produkt vi skal lansere neste år. Det er eit gjødselprodukt, eit jordforbetringsprodukt – og det mest forseggjorde blir plenjord.

Blir meir vanleg

SIMAS har også teke imot slike produkt frå festivalen Vinjerock og seinast sist helg frå Eminem-konserten i Oslo.Thomassen seier materialet blir meir og meir vanleg.

– Det er veldig bra at vi greier å få forbruket over på ikkje-fossile produkt, så vi får brukt ressursane opp att. Det er veldig positivt at dei var på utkikk etter nokon som kunne handtere dette, seier han.

Men å frakta glasa frå Oslo til Sogn er kanskje ikkje like miljøvennleg?

– Nei, men materialgjenvinning er eitt av våre prioriterte områda. Når vi greier å få til det, er det det høgt oppe i hierarkiet på det vi jobbar med.

Hallvard Thomassen

NYE PRODUKT: – Vi jobbar med tre ulike produkt vi skal lansere neste år. Det er eit gjødselprodukt, eit jordforbetringsprodukt – og det mest forseggjorde blir plenjord, fortel SIMAS-direktør Hallvard Thomassen.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Nybrotsarbeid

Mat- og miljøsjef for Øyafestivalen Cathrine Røsseland seier festivalen har tru på ei meir miljøvenleg løysing for øltørste festivalfolk.

– Det viktigaste er jo at avfallet blir gjenvunne og ikkje hamnar i naturen. Og når materialet ikkje er av fossile råvarer, og kan bli kompostjord, er dette verkeleg eit nybrotsarbeid, seier ho i ei pressemelding.

Også Buktafestivalen i Tromsø har brukt PLA-glas i fleire år, mens Pstero-festivalen har gått vekk frå glasa.

– Vi har gått bort ifrå maisglasa fordi den totale miljørekneskapen ikkje blei bra nok på det området. Mottaka til komposterbare glas ligg ikkje i nærleiken av der ein bruker glasa. Det fører til at de må transporterast ganske langt, seier Bård Flikke, festivalsjef hos Pstereo.

Vegopning på Bergum i Førde kommune